sverige

Ordet «kvit» er ikkje i seg sjølv rasistisk, sa professoren. Då vart det bråk

Eit kvitt rom, ein professor, eit kunstnarkollektiv og til slutt ei bok. Ved Konstfack i Stockholm har frontane vore temmeleg steile lenge.

Vita havet, som mellom anna vert brukt til avsluttande utstilling for masterstudentane.
Vita havet, som mellom anna vert brukt til avsluttande utstilling for masterstudentane.
Publisert

– Det som skjer er det som i seinare tid plar henda i den svenske debatten. I staden for å forstå situasjonen og sjå at det reint faktisk ikkje eksisterer ei rasistisk kopling, vel studentforeininga å halda seg kjenslemessig til saka; ein kjenner ubehag ved namnet.

Det skreiv gjestekommentator Ann-Sofie Hermansson i Göteborgsposten i sommar.

For å forstå kva ho kommenterer må ein spola fleire år attende i tid:

Så langt attende som i 2017 var det ei studentgruppe ved Konstfack i Stockholm som arrangerte ei utstilling: «Brown Island in the White Sea».

– Me er så glade for at denne utstillinga har skapt rom for å vera i dialog med tidlegare elevar og vurdera korleis arven etter farga elevar på skulen kan dokumenterast og delast, skreiv gruppa sjølve, som altså kallar seg Brown Island, på Facebook.

Det kvite havet, på svensk Vita havet, er namnet på eit utstillingslokale ved kunsthøgskulen. Då gruppa i 2018 stilte spørsmål ved om rommet faktisk burde heita akkurat Vita havet, starta det ein intern debatt. Men det starta òg ein ekstern debatt.

Norsk professor: Polarisert

Meir om den eksterne debatten om litt. Men først: Kva er det som gjer at det vert så mykje debatt når ein snakkar om fargar og identitetspolitikk? Og er det noko særleg med kunstfeltet som gjer at det vert høg temperatur? Som Khrono har skrive, har det vore steile frontar ved fleire av dei nordiske kunsthøgskulane.

Retorikk-professor Kjell Lars Berge frå Universitetet i Oslo (UiO) har både budd og jobba i Sverige.

– Sverige er meir polarisert enn Noreg når det kjem til innvandring og segregering. Samstundes har ein sterk kulturelite, med redsle for å ta debattane. Noreg har ei heilt anna historie og tradisjon. Her er motkulturar vanleg, berre tenk på at me har to skriftspråk, seier Berge.

– Kunsten har vorte knytt til elitane, og det narrativet som tradisjonelt har vorte fortalt har vore europeisk høgkultur. Kunstfeltet vil nok ikkje vera det feltet som vert oppfatta som rasistisk, seier Ingrid Halland, og peikar på at kunstomgrepet har vore vestleg orientert.

Ho er førsteamanuensis i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen og dessutan fagkoordinator.

Det er skilnad på den offentlege debatten i Noreg og Sverige, seier professor Kjell Lars Berge.
Det er skilnad på den offentlege debatten i Noreg og Sverige, seier professor Kjell Lars Berge.

Farge eller rasisme?

Dersom dette er eit slags bakteppe. Kva var det så som skjedde i Stockholm?

Kunstnarkollektivet Brown Island var veldig tydelege: Nei, Vita havet burde ikkje nyttast som namn.

Dei fekk motbør.

Medan det framleis var ein prosess kring namnet internt på kunsthøgskulen, som er den største i Sverige, skreiv professor Sara Kristoffersson tidleg i 2021 eit innlegg i Dagens Nyheter. Ho skreiv om at Konstfack har hatt eit rom med dette namnet heilt frå 1950-talet. Då delte ein eit stort lokale i fleire atelier, sette inn vindauge for å sleppa inn meir lys, og salen vart måla kvit.

– Spontant vart lokalet kalla Vita havet, ikkje minst som eit republikansk blunk til det største rommet på slottet, som har same namn, skreiv Kristoffersson i innlegget.

Professor Sara Kristoffersson har stått i stormen dei siste par åra. I vår gav ho ut bok.
Professor Sara Kristoffersson har stått i stormen dei siste par åra. I vår gav ho ut bok.

Vidare skreiv ho at fargar i høg grad er sosiale og kulturelle konstruksjonar som saknar ibuande meining.

– Til dømes representerer raudt varme, men kjærleik eller radikalitet kan heller ikkje lesast i ein lakmustest. Tydinga vert konstruert utanfor fargen, det vil seia i ein samfunnsmessig samanheng som definerer og gir meining.

Det kvite kan vera eit minefelt, skreiv professoren.

– Men for å kopla det kvite med meir eller mindre skjulte maktstrukturar må det kunne relaterast til rasistisk tankesett. Når det gjeld Vita havet er det ikkje ein gong mogleg med livleg fantasi.

Ho fekk svar:

– Homogeniteten på skandinaviske kunsthøgskular, ikkje minst Konstfack, er eit demokratisk problem. Mangelen på representasjon og kulturelt mangfald avgjer kva type kunst, verdisystem og kunst som vert skapt på høgskulane. Dette held ope og reproduserer eit smalt kunst- og designfelt som i sin tur bidreg til å forma samfunnet, skriv gruppa.

Dei seier at dei har brukt Vita havet som metafor for å synleggjera blinde flekkar og usynlege strukturar av undertrykking og ulikskap som heimsøkjer institusjonar der lys hudfarge er dominerande.

44 kollegaer ut mot professoren

Det viste seg at meiningsutvekslinga mellom professoren og gruppa, som nokon seier er tidlegare studentar, berre var starten.

Etter ei stund kom det eit innlegg frå 44 tilsette ved Konstfack. Dei gjekk hardt ut mot Kristoffersson og skreiv at dei stiller seg tvilsame til den etiske dimensjonen når lærarar nyttar enkeltstudentar eller studentgrupper sine tankar og handlingar offentleg, og meir når det leiar til motsetnader i ein allereie overtent debatt.

– Det er ei maktutøving som skadar relasjonen mellom studentar og lærarar, og ikkje minst skadar det studentar som er direkte råka, skriv dei 44.

I innlegget heiter det òg at innleggsforfattarane ikkje ser nokon turbulens, men ein dialog der ingen stiller krav om namneendring, og at dei ikkje ser nokon som stiller krav, men at dei har fått eit forslag frå ei arbeidsgruppe med både tilsette og studentar.

I ei sak i Dagens Nyheter kjem det fram at det først var ei gruppe på sju som tok initiativ til å skriva innlegget, og at det vart sendt ut ein e-post til tilsette på høgskulen.

– Artikkelen var resultatet av fleire samtalar mellom ei stor gruppe kollegaer frå mange ulike avdelingar på Konstfack som vanlegvis ikkje jobbar saman og ikkje er ei organisert gruppe, og som heller ikkje kjem til å halda fram med å uttrykka synspunkt i media bortsett frå den artikkelen me allereie har publisert, skriv Every Ocean Hughes (det folkeregistrerte namnet hennar er Emily Roysdon, journ.anm) i ein e-post til Dagens Nyheter.

Det var Hughes som tok initiativ til masseutsendinga.

Heksejakt, svara Kristoffersson, og sa òg at dette no hadde vorte ei sak som handla om arbeidsmiljø.

Over til storm

2021 gjekk over til 2022. Då kom boka Hela havet stormar, der Kristoffersson skildrar korleis ho opplevde debatten.

– Fordi det er ei så bisarr og forbløffande historie, seier ho til Dagens Nyheter som svar på kvifor ho har skrive ei heil bok.

– Det er òg ei botnlinje her: Kva skjer når du puttar ein kile inn i ein homogen kultur og stiller spørsmål ved dagens agenda? Og ikkje minst: Kva rolle spelar leiande byråkratar i prosessen? Korleis beskyttar ein dei involverte lærarane?

I boka skriv ho:

«Vad är det för klimat och atmosfär som gör att förslaget ens blir ett ärende som stöts och blöts av en myndighet? Hur får så historielösa idéer fäste och jordmån på en högskola? Vad är det för kultur som sporrar lärare att genomföra en namninsamling mot en enda kollega och skicka massmejl till studenter där läraren fördöms?»

Boka har fått rektor ved Konstfack, Maria Lantz, til å orsaka.

– Når Kristoffersson i boka fortel om korleis ho opplevde månadane etter innlegget, vert det tydeleg at eg kunne gjort ting betre i rolla mi som rektor. Kristoffersson skriv om at ho kjende seg einsam, uthengd og urettferdig behandla på ein måte som ingen skal måtte oppleva på ein arbeidsplass. Sjølv om det går an å løfta fram andre fakta og andre tolkingar av det som har skjedd, vert det openbert at eg som rektor ikkje har gjort tilstrekkeleg for å sikra Kristoffersson sin rett til å kjenna seg trygg og velkommen på arbeidsplassen sin, skriv Lantz i Aftonbladet.

Benkar og statuar

– Mange ser til Sverige. Det er nok eit anna klima for debatt der, seier Ingrid Halland.

Khrono har skrive om fleire saker der studentar har meint at førelesarar har kome med rasistiske utsegner, mellom anna i Uppsala, der ein lektor nytta n-ordet, altså sa neger. Ordet vart sett i historisk kontekst, sa lektoren, og fekk støtte frå mellom andre Tony Burner, professor ved Universitetet i Søraust-Noreg.

– Ein må skilja mellom ein metadiskusjon, der ein refererer til ordet som søkeord, og det å bruka ordet i det daglege, sa han til Khrono.

Han sa òg at ein ikkje ville fått dei same reaksjonane i Noreg.

Kjell Lars Berge har diskutert Vita havet-saka med studentane sine. Han seier at svensk innvandrarungdom, som ser på seg sjølv som nettopp svenske, opplever at dei ikkje vert høyrde i den offentlege debatten.

– Så vert dei sinte. Eg har tatt opp saka på førelesing i Noreg, der det mellom anna har sete jenter med hijab i salen. Dei har ikkje reagert på den måten som ein har reagert på i Sverige, seier Berge.

Faktasjekken Fakta i frågan hos Dagens Nyheter i Sverige viser at innvandring i Sverige har auka kraftig på 2000-talet. Delen innbyggjarar som er fødde utanfor Europa har auka frå to til elleve prosent mellom 1990 og 2020, og den sosioøkonomiske segregasjonen har over tid òg auka, skriv faktasjekkarane.

Fleire saker i Sverige

Det er femten år sidan dei første sakene om Pippi Langstrømpe og kva pappaen hennar skal kallast. Det har òg vore debatt kring illustrasjonar i bøkene om verdas sterkaste jente.

– Berge, kor går grensene for kva ein bør endra?

– Mange av dei som vert sinte i saker som handlar om slike tema, mellom anna i saka ved Uppsala, ser nok til USA. Der er det ei anna segregering.

Han legg til:

– Men sjølvsagt må ein kunne diskutera mellom anna korleis barnebøker framstiller afrikanarar.

I tillegg til Pippi sin pappa, som no er sydhavskonge, har teikneseriefiguren Tintin vore debattert. Eitt av hefta, Tintin i Kongo, har fleire stader vorte stempla som rasisme, skriv VG.

Dei siste åra har det vore fleire saker som handlar om hendingar attende i tid. I 2020 var det ein debatt ved Karolinska Institutet, der norske Ole Petter Ottersen er rektor. Forslaget han fekk på sitt bord, var at personnamn skulle fjernast frå område på universitetet. Bakgrunnen var at nokre ville kvitta seg med namn på ein nazist og fleire raseforskarar. Resultatet vart at namnet på to forskarar, som forska på kort- og langskallar, vart fjerna.

Benkar og statuar er andre saker som har vore heftig debattert dei siste åra.

Ingrid Halland viser til kunstutstillinga Dokumenta i Tyskland. I sommar vart det mykje merksemd kring utstillinga då det som vart oppfatta som eit antisemittisk verk vart stilt ut. Kunstverket vart fjerna og direktøren måtte gå, skreiv mellom anna Klassekampen.

– I kor stor grad skal ein tolka eit verk utifrå notida, og ikkje utifrå den tida det vart skapt i?

– Det er det som er krevjande. Ein skal navigera mellom fortid og samtid. Det finst verk som heilt klart er rasistiske. Eg meiner at ein ikkje skal avlysa den konteksten eit verk er laga i, men samstundes les ein dei på ein annan måte i dag, seier Halland.

Førsteamanuensen seier at måten ein underviser kunsthistorie på i dag, har endra seg. Først på 1980-talet byrja ein til dømes å drøfta samisk kunst.

– Kunstfeltet har nok lenger framme i pannebrasken dette med identitet og rasisme. Det heng saman med den kunsthistoria ein lærer i dag, mellom anna med fokus på dekolonial teori. Men eg har ikkje opplevd at ein i Noreg snakkar om såkalla «trigger warnings». Det veit eg at ein gjer i til dømes Danmark. Eg opplever ikkje at norske kunsthistoriestudentar vert støtt, seier Halland.

– Å provosera er ein del av kunstfeltet, legg ho til.

Konstfack i Stockholm utdannar totalt 900 studentar kvart år, når ein reknar med både heiltidsstudentar på ulike nivå og dei som tek kurs og kortare utdanning.
Konstfack i Stockholm utdannar totalt 900 studentar kvart år, når ein reknar med både heiltidsstudentar på ulike nivå og dei som tek kurs og kortare utdanning.

Rektor: Mange med lik bakgrunn

– Åsiktskorridoren, seier Markus Degerman.

På norsk kan ein setja om til «meiningskorridoren», og det er ifølgje Kunsthøgskolen (KHiO) sin svenske rektor ein teori som vert debattert i Sverige.

Det er vanskeleg å koma med avvikande meiningar i Sverige, seier Markus Degerman, rektor ved KHiO.
Det er vanskeleg å koma med avvikande meiningar i Sverige, seier Markus Degerman, rektor ved KHiO.

– Det er ein klisjé, men det er nok ei viss grad av sanning der. Det er vanskeleg å føra fram ei avvikande meining i Sverige, i Noreg har ein debatt med fleire synspunkt, seier Degerman.

Sommaren 2020 sa dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) til Khrono at det er eit problem dersom det vert slik at ingenting er lov å tulla med. Bakteppet den gongen var mellom anna den mykje omtala tyskarvits-saka ved Universitetet i Bergen. Debatt om statuar og riving hadde òg gått i fleire land.

Asheim ville ikkje seia at dagens studentar er for lettkrenkte. Men:

– Eg meiner at det i samfunnsdebatten no har vorte for lett å seia at «det krenker meg, du kan ikkje seia det».

– Degerman, er det noko med kunststudentane som gjer at saker om rasisme og identitetspolitikk dukkar opp der?

– Ved KHiO har me 650 studentar, og talet er vel om lag det same ved Konstfack. Den sosiale bakgrunnen deira er ganske lik. Ein kan tenkja at kunststudentar er meir engasjerte enn andre, men eg trur det også kan vera slik at dersom ein hadde teke 650 andre unge menneske med same bakgrunn, kunne ein fått same utfall.

Samstundes, seier Degerman, er det slik at kunststudentane skal ut i ein tøff bransje.

– Dei møter ein konkurransesituasjon allereie på skulen, som kan føra til både stress og uro, seier rektoren.

Frå kvit til blå

Spørsmålet er om stormen no har gått over.

Vita havet bytta faktisk namn – ei stund. På Konstfack si vårutstilling i slutten av mai hadde ein stor del av salen vorte dekka av ei blå matte. I ei veke i vår hadde salen namnet «Dialogiska rummet», og vart brukt til både seminar og debattar. Dette skreiv Svenska Dagbladet.

Høvet var den store vårutstillinga, der masterstudentane sine arbeid kvart år vert vist. I år var utstillinga kuratert av studentar, og ambisjonen var ifølgje meldinga i Dagens Nyheter nettopp å stimulera til møte og utfordra maktstrukturar – inspirert av dei turbulente diskusjonane som har vore.

Powered by Labrador CMS