Debatt ● Klaus Mohn

Når ytringsrommet kollapsar

Ordskiftet rundt kjønn og identitet har gått av skaftet, meiner rektor Klaus Mohn. Han vegrar seg for å delta. Her svarar han Anne Kalvig og Kamilla Aslaksen.

Kombinasjonen av moderne teknologi og tankeverksemd kan undergrave forskingsbasert kunnskap, destabilisere debattklimaet - og demontere demokratiet, meiner UiS-rektor Klaus Mohn.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

På sjølvaste kvinnedagen blir eg utfordra av Anne K. Kalvig og Kamilla Aslaksen til å bidra med innspel til korleis me kan sørgje for ein fagleg forankra forskingsdebatt der kvinner og menn kan delta utan ytringsfrykt. I utgangspunktet ei tilforlateleg utfordring. Det er enkelt å slutte seg til eit tankesett om at opplyst akademisk debatt må vere fakta- og forskingsbasert. Like enkelt er det å understreke at debattkulturen må vere sakleg og sømeleg, slik at terskelen til ytringsrommet blir låg og takhøgda blir romsleg.

Eg kjenner likevel at eg vegrar meg. For debatten eg i realiteten blir invitert til handlar om kjønn og identitet, og er så hard at det fører med seg stor risiko for medfart nær sagt uansett kva for meiningar ein bringar til torgs. Resultatet er at ordskiftet blir dominert av ei veldig lita gruppa på kvar fløy, medan den store majoriteten sit i ro. Dermed blir dei moderate stemmene heller ikkje høyrt. Som alle andre ønsker heller ikkje eg å bli eit gissel for nokon av leirane i slike debattar.

Korleis hamna me her, og kva står på spel?

Det moderne mediebiletet har skapt ei omvelting for offentleg debatt. At fleire no kan sleppe til er normalt av det gode. Med låg terskel for å delta får ein tilgang til eit større mangfald, meir informasjon, større variasjon, betre opplysing — og vonleg og betre avgjerder. At nettbaserte medium ofte ikkje er redaktørstyrte bidreg og til lågare terskel for deltaking, høgare aktualitet og høgare tempo i ordskiftet.

Utviklinga i rammeverket for offentleg meiningsbryting er direkte knytt til ny teknologi, som for det meste har vore positiv for samfunnsdebatten. Samstundes har teknologiutviklinga reist utfordringar på enkelte område. Teknologiutviklinga har heller ikkje stoppa opp. Nye appar og nettstadar kjem og går, og gudane må vite kva utviklinga av kunstig intelligens kan få å seie for omfang og innhald i offentleg debatt.

Ei utfordring er at omsynet til eit høveleg debattklima har blitt meir krevjande å røkte, ikkje berre fordi teknologien har opna for nettmedium utan redaktørstyring og med låg terskel for deltaking, men også fordi ytterleggåande kjensleladde ytringar ikkje lenger blir moderert, men snarare forsterka.

Algoritmane undertrykker moderate meiningar

Utviklinga av sosiale medium har stimulert eit meir polarisert debattklima. Ei sak er at algoritmane bak moderne sosiale medium løfter fram ytringar som kan sette kjensler i sving, fordi slike ytringar gir meir merksemd, meir interaksjon, fleire klikk og betre høve til å pushe assosiert marknadsføring. Dette inneber samstundes at ytringar dominert av tørre fakta kjem i bakgrunnen.

I tillegg har systemet av sosiale medium ein ibuande tendens til å favorisere ekstreme posisjonar og ytringar. Meir moderate posisjonar og fråsegn vil dermed hamne bak i køen, eller meir presist lenger nede i feeden. Sjølv om teknologien i seg sjølv gir potensial både for større omfang og betre kvalitet, så er det sider ved det nye apparatet for samfunnsdebatt som vekker uro.

Dei store plattformselskapa si tilpassing av ny teknologi til grunnleggande menneskeleg åtferd har potensielle skadeverknader som ein bør vere merksam på. Kjente eksempel er faren for overdriven skjermbruk og ufrivillig hang til sosiale medium, spesielt blant barn. I kampen om verdsetting og påskjøning har sosiale plattformer vidare utvikla seg til ein arena for mobbing, især blant ungdom.

Teknologien påverkar samfunn og politikk Motivasjonen for denne teksten er korleis nettbasert infrastruktur og sosiale medium kan svekke kvalitet og omfang i det offentlege ordskiftet. Det er ikkje til å kome unna at det store fleirtalet av brukarane av sosiale medium er nokså passive tilskodarar eller kikkarar, medan eit lite mindretal produserer det aller meste av innhaldet. Dette reiser sjølvsagt ei utfordring ved at ordskiftet ikkje med naudsyn blir representativt. Slik var det samstundes og før i tida, og teknologiutviklinga i seg sjølv har nok ikkje forverra denne situasjonen vesentleg.

Verre er det at redaktørar har vike plass for plattformselskapa sine algoritmar. Resultatet er at mindretalet som no pregar ein del av debattane på sosiale medium forvaltar synspunkt og ytringar som er langt meir ekstreme enn det store fleirtalet. Utan moderasjon kan tonen i slike debattar i tillegg bli urimeleg krass, mellom anna med godt høve til å dekke personåtak bak anonyme brukarkontoar.

Om ein engasjerer seg i offentleg debatt, så må ein tole både motstand og kritikk, og det utan å trekke offerkortet for kvar minste ting. Men motstanden må vere sakleg og høveleg. Det er ikkje alltid tilfelle på den moderne plattformarenaen.

Kjønn og identitet på ville vegar

Eit eksempel på ein debatt som har gått av skaftet er ordskiftet rundt kjønn og identitet. Her sit to marginale grupper i kvar si skyttargrav, medan den store hopen av oss held oss langt unna. Ein viktig grunn er dei kompromisslause posisjonane som no pregar begge sider, med knallharde personretta åtak på alt som luktar av motstand.

Det minste kritiske spørsmål rundt kjønn og identitet kan no føre med seg eit hagl av karakteristikkar som transhatar, terf eller jamvel fascist. På sosiale medium kan moderat skepsis til dei mest liberale haldningane rundt transfobi no bli jamført med jødehat. I den andre grøfta ser ein stadig at opninga for moderne tolking av kjønnsidentitet blir møtt med påstandar om løgn, pedofili, fetisjisme, nedsette sjelsevner og andre hånande personkarakteristikkar.

For ofte får ein inntrykk av at ingen vaksne er heime. Kanskje har det med å gjere at ideologi og aksjonisme er viktige ingrediensar på begge fløyene? Slike debatt-teknikkar høver seg i alle fall ikkje om ein vil halde ved lag tillit og truverd i norsk akademia. Sjølv om ein er usamd burde ein te seg sømeleg. Få har oppsummert dette betre enn Kurt Vonnegut: «Where love may fail, courtesy will prevail.»

Alternativet er at ein sit att med debattar som berre dei færraste vågar å engasjere seg i. Dermed går ein glipp av inntrykka frå ein veldig stor og moderat majoritet. Er det så farleg då? Det må vel vere bra å få reindyrka posisjonane. Det kan både vere underhaldande og klargjerande. Vel, det har utvilsamt sine negative sider og. Og dei er potensielt alvorlege.

Destabilisering av politikken

Ei sak er at ein tapar stemmer i ordskiftet, slik at både saksfelt og avgjerder blir svakare opplyst. For politikken er dette potensielt skjebnesvangert. Her er det ikkje uvanleg at retninga for politikk blir forma gjennom konsensus, kompromiss og koalisjonar av interesser.

Med polarisering av debatten blir etableringa av slike løysingar meir komplisert, og ein risikerer at ytterleggåande synspunkt kan få for stor vekt. I verste fall vil polariseringa reflekterast i politikkutforminga ved at løysingane blir trukne mot den eine eller den andre løysinga, i staden for eit kompromiss.

Dermed ser ein at moderne kombinasjonar av teknologi og tankeverksemd i potensielt kan ha ein destabiliserande verknad både på utforminga av politikk og på underliggande demokratiske prosessar.

Ambisjonar for akademikarar i debatt

Med kunnskap og danning som kjerneverksemd har akademia eit stort ansvar i å demme opp mot negative utviklingstrekk og ukultur i ytringsrommet. Norske universitet og høgskular bør sikre omfattande og effektiv formidling av forskingsbasert kunnskap, og stimulere til open, kritisk og konstruktiv meiningsbryting. Ambisjonen bør ikkje vere mindre enn å stå fram som førebilete for kunnskapsbasert og høveleg åtferd i offentleg debatt.

Dette føreset sjølvsagt at forskingsbasert kunnskap og kompetanse blir sett i samanheng med relevante utviklingstrekk og hendingar i samfunnet rundt oss. Kunnskapen må kunne omsetjast og delast på eit vis som gir best muleg forståing og innverknad. Men i tillegg til formidlinga handlar det og om kontinuerleg å halde auge med sider ved samfunnet som grenser mot eins eige fagfelt, respondere når det skjer noko, og tilpasse si eiga forsking og undervisning deretter.

Vidare bør tilsette ved universitet og høgskular vise stor grad av medvit med mekanismane som i aukande grad pregar det moderne mediebiletet, og ikkje minst klimaet for nettbasert debatt. Bidrag frå våre rekker bør vere framifrå ikkje berre i innhald, men og i form. Nye tverrfaglege perspektiv bør helsast med openheit og nyfikne, men og med konstruktiv kritikk, snarare enn ideologi-basert skepsis og avvising. Usaklege utfall og personkarakteristikkar er reiskap som kler den akademiske debatten dårleg.

Me balar på, som båtar mot straumen…

Ny teknologi og nye forretningsmodellar har gitt store endringar i mediebilete og infrastruktur for offentleg debatt, med auka risiko for polarisering, avskrekking og innsnevring av ytringsrommet. Desto viktigare blir det at debattantane sjølv tek ansvar både for innhald, kvalitet og retorikk i omgangen med meiningsfeller og -motstandarar.

Berre slik kan god underbygging sigre over sterk overtyding, og legge til rette for eit opplyst og sømeleg ordskifte, med gode og balanserte avgjerder for politikk og samfunnsutvikling som resultat.

@mohnitor

Powered by Labrador CMS