Debatt ● Knut Steinar Engelsen
Metodeopplæring i lærarutdanninga — behov for breidde og djupne
Som lærarutdanningsinstitusjonar skal vi hjelpa studentane med å byggje ein solid vitskapleg basis, også når det gjeld det overordna og det praksisorienterte. På sikt vil det gje utdanningane ein tydelegare og sterkare vitskapleg profil.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Professorane Gunn Engelsrud, Høgskulen på Vestlandet (07.06.24) og Birgit Nordtug, Høgskolen i Innlandet (22.06.24) kommenterer på kvar sin måte oppslaget i Khrono om vår masteranalyse ved HVL (27.05.24). Innlegga deira er kritiske, innsiktsfulle og nyanserer på kloke måtar det biletet som presentasjonen av vår analyse har gitt.
Begge innlegga går inn på viktige føresetnader for god metodeopplæring, men likevel med hovudmerksemd på ulike aspekt. Engelsrud går i djupna når det gjeld intervjuforma. Ho problematiserer på den eine sida kor krevjande det er å gjennomføre kvalitative intervju, men viser også kva moglegheiter som ligg i denne forskingstilnærminga, og korleis ein på gode måtar kan arbeide med studentane for å førebu dei for arbeidet, gjennom å opne «en dør på gløtt til det store universet om kvalitative intervjuer».
Nordtug har si hovudmerksemd på det å utvikle «metodisk ganglag» og kor viktig det er at studentane får øve på og utvikle dette over tid. Ho viser vidare til eiga erfaring som, slik eg les det, tilseier at for stort mangfald i metodeundervisning kan føre til meir forvirring enn til stimulering av kreativitet.
Å lese desse innlegga gjorde meg klokare og begeistra. Innlegga er tydelege og godt forankra i andre interessante perspektiv Så ser eg samstundes at min eigen bruk av det litt tabloide uttrykket «rituell forsking» har hatt ein meir normativ funksjon enn det eg såg for meg. Her burde eg nok ha tenkt meg om ein gong til.
I samband med dette vil eg, for ordens skuld, understreke at vi i vår analyse ikkje uttrykker synspunkt på kva metode som er best og heller ikkje at kvalitative intervju er ei dårleg forskingstilnærming.
Når det gjeld metodespørsmålet så er vårt poeng å stille spørjeteikn ved variasjonen, med utgangspunkt i at nærare 60 prosent av masteroppgåvene vi studerte er basert på kvalitative intervju. Nordtug peikar på fleire interessante forklaringsmekanismar for ei eventuell «rituell» tilnærming her, mellom anna frykt for dårlege resultat og det å ikkje klare å gjennomføre. Det trur eg ho har heilt rett i, og dette håpar eg er noko vi også kan flagge på gode måtar for studentane.
Nordtug har også eit poeng når det gjeld behovet studentane har for å øve seg opp i og bli gode på éi metodisk tilnærming. Men eg trur faktisk vi må erkjenne at arbeidet med masterprosjekta, innan for ramma av grunnskulelærarutdanningane, også krev ei viss breiddeinnføring som bør vere felles for alle studentane, på tvers av dei masterfaga dei tek.
Mi vurdering er at ein markant fellesdel ville styrkt både vitskapsteori- og metodeopplæringa og samstundes opne opp for metodisk nyskaping og inspirasjon mellom masterfaga. Grunnskulelærarstudentane tek ein master i grunnskulelærarutdanning (for trinn 1—7 eller 5-10), ikkje ein master i t.d. samfunnsfag, norsk eller andre fag. Krava til masteroppgåva er at den skal vere både profesjonsretta og praksisorientert og ha solid forankring i fag og fagdidaktikk.
Mi vurdering er at ein markant fellesdel ville styrkt både vitskapsteori- og metodeopplæringa og samstundes opne opp for metodisk nyskaping og inspirasjon mellom masterfaga.
Knut Steinar Engelsen
Både vitskapsteoretisk og metodisk vert det då peika i litt ulike retningar. Profesjons- og praksisperspektivet er knytt til sine vitskapsteoretiske og metodiske tilnærmingar og tradisjonar, medan faga og dei ulike fagdidaktikkane er knytt til sine.
Studentane sine hovudperspektiv er at dei skal bli master i det å vere lærarar, noko som også gir retningar for kva dei bør skaffe seg vitskapleg basis i. I mitt blikk er det signifikante teoretiske og metodiske tema av generisk karakter som betre vil bli vareteke på tvers av fag enn berre innafor rammene av dei einskilde faga. Det er viktig at vi som lærarutdanningsinstitusjonar hjelper studentane å byggje ein solid vitskapleg basis, også når det gjeld det overordna lærarutdanningsperspektivet og det profesjons- og praksisorienterte. Dette vil også styrke grunnlaget for det tverrfagleg samarbeidet i utdanningane når det gjeld t.d. det metodiske.
På sikt vil det også gje lærarutdanningane ein tydelegare og sterkare vitskapleg profil, der utdanninga på overordna nivå blir profesjonsstyrt og i mindre grad styrt av einskildfag.
I lys av dette skulle eg ønskt at alle studentane og rettleiarane våre kunne fått tatt del i den erfaring og innsikt som Engelsrud og Nordtug har innafor sine spesialfelt, ikkje berre studentar i kroppsøving eller psykologi. Eg ser også her eit stort behov for at erfarne rettleiarar kan bidra til å myndiggjere mindre erfarne rettleiarar, og at mindre erfarne, gjerne yngre rettleiarar, kan sjå nytt og utfordre erfarne rettleiarar, der dei kan ha stivna til.
Sjølv har eg hatt gleda av å vere medansvarleg for dialogbaserte kurs i masterrettleiing for om lag 150 av eigne kollegaer. Deltakarane eg møtte her, mange med liten erfaring frå rettleiing på masternivå, imponerte meg med gode og kritiske refleksjonar knytt til både teori og eigne rettleiingserfaringar. Men like viktig: med ærlegdom i høve til dei hovudutfordringane dei ser i sin eigen rettleiingspraksis.
Det som oftast gjekk igjen her var behov for meir kunnskap om metode.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut