forskingsfusk

Meiner 10 av 16 undersøkte artiklar er ureielege

12 år og 16 artiklar tok det før forskingsfusk vart avslørt ved Universitetet i Oslo og Oslo Universitetssjukehus. — Me kan ikkje underslå at fusk skjer. Men me må ha færrast mogleg saker, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Det er grunnforsking det i dette tilfellet har vore fuska med. Medisin-dekan Ivar Prydz Gladhaug seier det dels er gjort forfalskingar.
Publisert Oppdatert

Det heile byrja tilfeldig. Seniorforskar Trond Stokke ved Oslo universitetssjukehus søkte opp sitt eige namn hos PubPeer, ei av fleire nettsider med oversikt over forskingsartiklar der nokon trur det kan vera noko muffens. Stokke fekk tre treff.

Dette vart starten på ei stor reielegheitssak ved Oslo Universitetssjukehus (OUS) og Universitetet i Oslo (UiO). Både Forskerforum og Forskningsetikk har omtalt saka.

Stokke varsla leiarane sine, og etter ei handsaming over 2,5 år, vart det i vinter sendt eit brev til leiinga ved både UiO og OUS:

I denne saken dreier bruddene på anerkjente forskningsetiske normer seg i det vesentligste om gjenbruk av figurer, manipulering av figurer, manipulering og forfalskning av forskningsresultater (særlig forskjellige typer blot og dessuten dot plot fra flowcytometri), fabrikkering av forskningsresultater, brudd på god laboratoriepraksis som at originaldata befinner seg ved annen institusjon og ikke ved OUS, samt manglende grunnlagsdata/forskningsdata som dokumentasjon for forskningen.

I brevet kjem det fram at ein forskar har valt å slutta i stillingane sine. Vedkomande hadde delt stilling mellom OUS og UiO, og har vore medforfattar på alle dei 16 granska artiklane. Dei første artiklane er frå 2005, dei siste frå 2017.

Juks i 15 artiklar

Av dei 16 artiklane, finn Felles reielegheitsutval at ti er vitskapeleg ureielege. Fem andre er i strid med god forskingsskikk.

I heile 15 av artiklane er det funne juks med bilete eller andre illustrasjonar. Hovudrapporten frå 2019, som Khrono har fått ein sladda versjon av, viser at det i fleire av artiklane har vorte nytta same figur fleire gongar. For nokre av artiklane vert det sagt at dette er i strid med god vitskapeleg praksis, andre gongar kan det dreia seg om hastverk eller dårlege rutinar.

Status er at tre av artiklane allereie er trekte attende. Reielegheitsutvalet, som er leia av Ole M. Sejersted, har gått gjennom alle artiklane, og fått ein innhenta ekspert til å gjera det same. Dei finn at det berre er éin av artiklane der det ikkje er grunnlag for kritikk. I tillegg til dei tre artiklane som allereie er trekte attende, meiner utvalet at seks andre artiklar bør trekkjast. Fleire andre bør korrigerast.

– Ein må vera forsiktig med å ta alt på PubPeer for god fisk, men her viste den første interne granskinga at mykje av kritikken stemte, seier Ole M. Sejersted til Forskningsetikk.

Forskingsarbeida høyrer heime i kategorien grunnforsking, nærare bestemt forsking på kreftceller. Dette betyr at saka ikkje har fått direkte konsekvensar for pasientar. Men:

– Når det er ureielegheit og feil i så mange artiklar som utvalet har funne her, avslører det ein ukultur som ikkje er akseptabel. Det er grunnen til at denne saka er veldig alvorleg, seier Sejersted.

Dekan: Ikkje lett å sjå manipulering

Ivar Prydz Gladhaug er dekan ved Det medisinske fakultetet ved UiO. Saman med OUS sin forskingsdirektør Erlend B. Smeland, hadde han eit møte med Sejersted i juni 2020, og slutta seg til utvalet sine tilrådingar.

Institusjonen har ingen kontrollfunksjon knytt til den enkelte publiseringa, seier medisin-dekan Ivar Prydz Gladhaug.

— Gladhaug, korleis kunne dette gå føre seg over så mange år?

— Dei individuelle publikasjonane som er ein del av denne saka er publisert i fagfellevurderte tidsskrift over mange år, og har slik vore gjenstand for uavhengige vurderingar. Institusjonen har ingen kontrollfunksjon knytt til den enkelte publiseringa, me er avhengig av enkeltforskarar sin kunnskap om forskingsetisk standard og at forskingssamfunnet er årvakne, svarar Gladhaug i ein e-post til Khrono.

Han seier at Felles reielegheitsutval i denne saka har peika på at det er feil som både er lette og vanskelege å oppdaga.

— Ved gjennomlesing av ein publikasjon er det ikkje enkelt å oppdaga at bileta i publikasjonen er manipulerte. Men dei siste åra har nyare teknologi gjort det enklare enn tidlegare å sjå manipulering av bilete.

Stølen: Må ha færrast mogleg saker

Det er altså bilete det handlar om i denne saka. I tillegg er det ikkje alle forsøka som har late seg gjenskapa, heiter det i rapporten. Det same var tema då nokre svenske forskarar vart funne ureielege for nokre år attende. Dei kunne ikkje prova at dei faktisk hadde gjennomført eksperiment på fisk - slik dei hevda.

At ein ikkje kan gjenskapa eit forsøk, er ikkje alltid problematisk, seier UiO-rektor Svein Stølen. Men han er oppteken av opne data og journalar på laboratorium, slik at ein skal kunne vita kva som har gått føre seg.

— Me kan ikkje underslå at fusk skjer. Men me må ha færrast mogleg saker, seier Stølen.

Gladhaug seier at rutinane ved UiO og OUS no er endra, og at ein jobbar saman om å ta i bruk ein elektronisk lab-journal for å legga betre til rette for korrekt datalagring og slik òg dokumentasjon på laboratorieforsking.

— I denne saka er det dels gjort klare forfalskingar, dels har ein teke snarvegar og tilpassa data utover dei forsøka som faktisk er gjennomført, seier Gladhaug.

Opplæring for alle

Norske forskarar har fått lite opplæring i forskingsetikk. Det viser ei undersøking gjennomført for nokre år sidan.

I den aktuelle saka ved UiO og OUS er nokre av forsøka gjennomført i utlandet. På generelt grunnlag seier rektor Stølen at ein ser kulturskilnader, òg når det kjem til forskingsetikk.

— Det er ei generell problemstilling. Me må sikra inkludering og god opplæring.

— Forsking er ein utprega konkurransearena, og me har arbeidd mykje med å betra forskingskultur og fremja diskusjonar om forskingsetikk både sentralt i sjukehuet og i dei enkelte klinikkane og forskingsgruppene.

Det skriv Erlend Smeland i ein e-post til Khrono. Han viser til at OUS i tillegg til elektronisk forskingslogg mellom anna har etablert ein omfattande portefølje av kurs. Universitetssjukehuset er òg opptekne av internasjonale forskarar, og har lagt ut ein del informasjon om forskingsetikk på engelsk.

— OUS har obligatorisk kurs i personvern og informasjonstrykkleik i forsking òg på engelsk, nettopp med tanke på utanlandske forskarar, seier Smeland.

Er ikkje lenger ved UiO

Gladhaug seier at forskarar som har vore involvert i saka anten har gått av med pensjon eller ikkje lenger er tilsett ved UiO.

— Fleire av medforfattarane er i utlandet og har gjennomført forskinga i utlandet. Ingen av doktorgradskandidatane som har vore involverte i denne saka har vore tilsetteved UiO.

Fleire av artiklane som no har vorte funne vitskapeleg ureielege, har vore del av doktoravhandlingar.

— Trur ein det er éin forskar som har fuska, eller har dette vore måten ein har jobba på i ei forskargruppe?

— Det er ikkje gode grunnar for å seia at denne saka skulle visa generelle arbeidsmåtar for forskarar. Men saka viser at det i enkelte forskingsmiljø kan vera manglar i oppfølginga av etablerte rutinar for god forskingspraksis, seier Gladhaug.

— Dei aller fleste forskarar innan medisinsk forsking gjennomfører forskingsprosjekt på ein forsvarleg måte og på ein måte som kan dokumenterast, seier han vidare.

Kulturen i forskargruppene må røktast i det daglege, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Kritikk av universitet og sjukehus

I rapporten vert det peika på mogleg rutinesvikt frå dei to institusjonane si side. Det vert sagt at dei som skal døma doktorgradsarbeid må sjå etter ureielegheit. Vidare vert det peika på at mykje ansvar ligg på den enkelte forskaren. Men:

«Utvalget mener imidlertid at når det kan påpekes slurv eller vitenskapelig uredelighet i såpass mange artikler med så mange forskjellige forfattere som det her er snakk om, må det foreligge en manglende opplæring og/eller manglende kontroll med datahåndtering. Utvalget mener derfor at det er kvalifisert sannsynlighet for at det har foreligget en institusjonell systemfeil når det gjelder opplæring. Utvalget mener at gode rutiner for opplæring er et linjeansvar og ikke bare kan tillegges gruppe- eller prosjektleder».

Rektor Stølen peikar på kulturen i forskingsgruppene.

— Den må røktast i det daglege. Me prøver elles å jobba systematisk, seier han, og peikar mellom anna på forskingsetisk utval, vitskapsombod og forskarombod.

— Me jobbar med eit normsett for forskingsetikk og ein obligatorisk opplæringsmodul, seier Stølen.

Powered by Labrador CMS