Debatt ● Klaus Mohn

Lærarmangelen er ikkje ei utdannings­krise

Utspelet frå regjeringa er eit lovande skritt i rett retning. Men dette er ikkje nok. Hovudutfordringa er at læraryrket ikkje er tilstrekkeleg attraktivt.

Meir fleksibilitet og fleire inngangar og utgangar knytt til lærarutdanninga vil gjere valet enklare, og vonleg freiste litt fleire til å søkje, skriv forfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Utdanningsminister Kari Nessa Nordtun og minister for høgare utdanning og forsking Sigrun Gjerløw Aasland signaliserte denne veka ei omlegging av lærarutdanningane som respons mot rekrutteringssvikt til læraryrket.

Bakgrunnen er eit breitt fall i søkjartala til lærarutdanningane landet over, slik at mange hundre studieplassar no står ledige, samstundes som utsiktene for kandidatproduksjon ikkje møter behova for lærarar, korkje i dag eller i framtida.

For ein 19-åring som i dag vurderer lærarutdanning, vil ei femårig integrert utdanning fortone seg som eit veldig langt løp, og spesielt om ein har tvil når det gjeld yrket som ventar når utdanninga er fullført. Meir fleksibilitet og fleire inngangar og utgangar knytt til lærarutdanninga vil gjere valet enklare, og vonleg freiste litt fleire til å søkje.

Det er likevel ikkje utdanningsprogramma som stoppar ungdom frå å søkje lærarutdanning. Det som er mykje viktigare er kvalitetar og eigenskapar ved yrket som ventar når utdanninga er fullført. Dette burde regjeringa interessere seg meir for, og då burde ein lytte til kva ungdommen sjølv har å melde av interesser.

Ungdommen er oppteken av arbeid med meining, tryggleik og fleksibilitet. I valet av yrke og karriere legg dei vidare vekt på oppfølging, utvikling og karriereplanlegging. Meir enn tidlegare forventar ein omsyn til fysisk og psykisk helse, og dessutan god balanse mellom arbeid og fritid. Og sist men ikkje minst forventar ungdommen løn for strevet — i tråd med innsats og resultat.

Eit trygt og meiningsfylt arbeid kan læraryrket by på. Men jobben kan ikkje gjerast kor som helst eller kor tid som helst. Til liks med sjukepleiarane, må lærarane vere på jobb. Desto viktigare blir det å gjere mest mogleg ut av dei verkemidla som står til rådvelde for å møte forventningar om fleksibilitet.

Dei unge i dag har høgare forventningar enn før når det gjeld individuell oppfølging. Læraryrket er sjølvstendig, med stort ansvar på den enkelte. Difor blir det spesielt viktig med god introduksjon og oppfølging av unge lærarar for å sikre tryggleik og meistring i møtet med eit kravstort arbeidsliv.

God leiarskap og eit arbeidsmiljø med godt omsyn til den enkelte si fysiske og psykiske helse er viktig for ungdommen, og det same gjeld ein god balanse mellom arbeidsliv og fritid. Her burde offentleg sektor ha gode føresetnadar, med ei ryddig og regelorientert tilnærming til arbeidsmiljøet.

Meir krevjande kan det bli å møte dei unge sine forventningar når det gjeld løn og karriereutsikter. Historisk var det klare skilje mellom lærar, adjunkt og lektor, både når det gjaldt utdanning og løn. I dag har alle lærarar krav om femårig utdanning, karrierevegar har blitt mindre tydeleg og alle tener om lag det same. Denne ordninga er lite freistande for inntekts- og karriereorienterte ungdommar.

Med stagnasjon i arbeidsstyrken og store behov i offentleg sektor, må politikken legge til rette for ei flytting av arbeidskraft frå privat til offentleg sektor. Her står frontfagsmodellen i vegen for å bruke løn som verkemiddel. Meir fleksibilitet i lønsdanninga kan dermed trengast for å sikre rekruttering til viktige velferdstenester.

Utspelet frå regjeringa er eit lovande skritt i rett retning. I godt samarbeid med universitet og høgskular kan meir fleksible lærarutdanningar truleg løfte interessa for lærarutdanningane. Men dette er ikkje nok. For dette er ikkje ei utdanningskrise. Hovudutfordringa er at læraryrket ikkje er tilstrekkeleg attraktivt.

Powered by Labrador CMS