Khrono kontakta eit knippe universitetsfolk, pluss kassa på Kiwi, for å lytte til kva dei meiner om nytte.

Kravet om at universitet og høgskular skal få betalt alt etter kor relevant arbeid studentane får, har ført til kritikk og fyrt opp ein gammal diskusjon om kva relevant og nyttig betyr.

— Kva i helsike er det du driv med, eigentleg?

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Ein kunne sagt mykje om den puritanske dyrkinga av nytte i Noreg, og den tilsvarande svake anerkjenninga av det ikkje-nyttige, seier Fredrik W. Thue, professor og historikar ved OsloMet.

Fullstendig utan parameter og operasjonaliserte indikatorar ringde vi ein humanist for å lodde stemninga rundt diskusjonen om arbeidslivsrelevans.

Thue tippa lasset i retning tidsåndene som går, og ikkje minst i Bergen på 1990-talet. Deretter førte ein ikkje heilt koronafri samtale med ein litteraturvitar i nettopp Bergen til endå ein samtale som ikkje vart koronafri, men på ein meir astrofysisk måte. Ein Kiwi-trønder avløyste ein direktør-trønder som sa hest, før ein arkeolog snakka om hestekjøt, og ein pensjonert «nobelprisvinnar» kom inn på korleis vi kan komme oss vidare.

Men for å setje det heile i ein samanheng:

Dei seier ingenting om å klippe håret, det er kanskje ikkje så viktig lenger dette med håret, men at ungdommen også no til dags må få seg eit ærleg arbeid, det gjeld fortsatt.

Ros og ramaskrik

Denne gongen er det leiaren av Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Roy Steffensen (Frp), som har fått gjennomslag for sin kongstanke om at skattebetalarane må få noko igjen for pengane, i dette tilfellet, uteksaminerte studentar med ikkje berre ærleg, men relevant arbeid. Pengane må i større grad gå til dei som greier å presse ut kandidatar som er relevante for arbeidslivet, meiner Steffensen. Litt nytte for seg må ein vel kunne gjere etter alle desse åra med øl og stipend, eller?

Med på fleirtalslaget for forslaget fekk Steffensen med seg Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

No går det i ramaskrik, sjokk og ein del vantru, særleg frå rektorane ved dei litt gamle og etablerte læreseta, som Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Dette utfordrar den akademiske fridomen og det langsiktige grunnlaget for forsking og utdanning, meiner dei. Noko liknande meiner leiarskribentane i fleire av landets største aviser.

Relevanskameratane feirar på Stortinget etter fleirtal for det dei meiner er eit relevant vedtak. Frå venstre: Torstein Tvedt Solberg (Ap), Roy Steffensen (Frp), og Marit Arnstad (Sp).

Utdanningskomitéleiar Steffensen har parert med at han «er sikker på at dette er fornuftig» og at det ikkje er «overraskende at noen reagerer når man røsker opp i det etablerte». Samstundes har ideane hans fått, om ikkje akkurat ros, så blitt møtte med strategisk kos frå rektorar på dei meir profesjonsretta institusjonane, høgskular inn i landet og vest i landet og universitetsferskingar som OsloMet og Universitetet i Søraust-Noreg.

Med fare for å stupe inn opne dører, har dei slått fast at det er «vanskelig å oppfattte myndighetenes interesse for arbeidsrelevans som urimelig».

For Khrono blir det berre altfor freistande å setje ein filosof på toppen av ringelista, sidan stortingspolitikar Steffensen spesifikt har antyda at filosofar ikkje står øvst på hans.

Tenk at det kan nytte

— Nei, dette smakar av eit snevert syn på relevans og nytte og kva samfunnet har behov for, seier filosofen, Siri Granum Carson på NTNU, om arbeidslivsrelevansplanen.

— No skal eg ta forbehald om at eg ikkje har finlese forslaget, men kva slags kompetanse eit samfunn har bruk for, kan ikkje lesast av på den akutte statusen for økonomien i arbeidslivet. I eit land som Noreg bør ein heller tenke på korleis ein kan styre arbeidslivet, slik at ein får sett i sving kompetansen ein har i befolkninga. Forslaget blir bakvendt, dette er å setje kjerra framfor hesten, seier Carson.

Det er fort gjort, for fort, legg ho til, å tenke at profesjonsutdanningar tydelegare peikar ut kva du skal drive med enn andre utdanningar.

Forslaget blir bakvendt, dette er å setje kjerra framfor hesten

Siri Granum Carson, havdirektør og filosof

— Arbeidslivet er i heftig endring, heile tida. Sjølvsagt vil eg at sjukepleiaren skal vite korleis sprøyta skal stikkast i armen min. Men ofte er utdanning ein attest på at du kan fullføre vanskelege prosjekt, og ikkje nødvendigvis ei oppskrift på korleis du skal utføre ein jobb.

Slik talar altså filosofen, men over til tusenkroners-spørsmålet: Har ho fått relevant jobb? For Carson er direktør, for hav. Ho leier den såkalla havromsatsinga på NTNU, med for eksempel maritim transport og berekraftig sjømat på programmet. Ikkje akkurat slikt ho bestemte seg for å jobbe med då ho valde utdanning.

— Ja, svarar Carson, eg kan ikkje tenke meg eit betre utgangspunkt for ei slik tverrfagleg satsing enn filosofien, moderdisiplinen.

— Kanskje dette er kulare i Næringskomiteen på Stortingen heller enn i Utdanningskomiteen?

— Ja, svarar Carson.

Vi køyrer tidsmaskinen til ein pressekonferanse i USA i 28. februar 1967. Diskusjonen om kva som er nyttig og relevant, ikkje minst innan utdanning og forsking, er naturlegvis ikkje ny.

Moderne menn

Ronald Reagan står på podiet, guvernøren i California, og seier at dei verdsberømte amerikanske universiteta frå no av må klare seg utan sin «intellektuelle luksus». Det er på tide å innsjå at «skattebetalarane sine pengar» ikkje kan subsidiere unyttig grubling. Universiteta bør konsentrere seg om å utdanne folk til relevant arbeid.

Noreg, ti år tidlegare:

I ein rapport frå «Forskningsrådenes fellesutvalg» frå 1957, eit verk proppa med tal og grafar, blir det slått fast at slik «forholdene er nå, synes de korte studiene, akademiske og ikke-akademiske, å ha en spesiell dragningskraft nettopp fordi de er korte og billige. Det må ventes en betydelig mangel på filologer, teologer, økonomer og psykologer og antakelig også på jurister», heiter det, i 1957.

— Ein ser ofte at sterke dogme om korleis ungdom orienterer seg viser seg å slå heilt feil, seier Fredrik W. Thue, som har universitets- og utdanningshistorie som spesialfelt.

— Moderne menn ville stifte familie og skaffe seg materielle gode. Studium på seks-sju år kom til å bli mindre populære, meinte dei. Så kom 1960-talet og det stikk motsette skjedde. Det tok veldig kort tid før analysane verka gammaldagse. I den klassiske sosialdemokratiske epoken gjekk sjølvrealisering og samfunnsnytte hand i hand.

Professor i universitetshistorie, Fredrik W. Thue, realiserte seg sjølv i Bergen på 1980- og 90-talet. —Dogme om korleis ungdom orienterer seg slår ofte feil, seier han.

Ideen om at ein kunne sjå framtida gjennom avanserte reknestykke tapte terreng. Økonomisk vekst vart i mindre grad sett på som eit resultat av enkle innsatsfaktorar.

— Det la grunnlaget for ei veldig utbygging av høgare utdanning i 1960-åra. Tanken var at utdanning var bra i seg sjølv, at behovsstrukturen vil endre seg i takt med etterspurnaden i eit samfunn der utdanningsnivået er stigande. Ein trudde ikkje lengre på at det var mogleg å predikere eksakt kva yrke det ville bli bruk for.

Med vidareutdanningskomiteen (Ottosen-komiteen) på tampen av sekstitalet følgde ei massiv utbygging av høgare utdanning, særleg gjennom distriktshøgskulane, som fekk oppgåva med å ta seg av dei kortare og meir yrkesretta utdanningane.

— Vi har sett at det svingar. På 1960- og første delen av 1970-talet studerte veldig mange humanistiske fag og samfunnsvitskap, skulen vart metta, seier Thue.

Ideane Forskningsrådenes fellesutvalg i 1957 bygde på fekk ein renessanse frå 1970-åra, men primært i USA, med eit meir instrumentelt syn på utdanning. I 1990-åra deiste så pendelen andre vegen igjen, men då mest som eit særnorsk fenomen, meiner Thue. Dette var statsråd og reformator Gudmund Hernes’ tid, og politikken var å halde arbeidsløysa nede ved å opne universiteta.

Dette var også på tampen av Thues eiga studietid i Bergen.

— Sjølvrealiseringa var viktig. Det var fullt av studentar som studerte sosialantropologi det eine året og drog til Latin-Amerika det andre. Det var 200 studentar på forelesingar i litteraturvitskap, seier Thue i ein tone vi tolkar som ei kompleks blanding av nostalgi og sjølvironi.

Vi ringer ein litteraturvitskapsstudent frå Bergen på 1990-talet.

Straumdraget

— Sjølvrealisering?

Det er noko bergensk over fnysinga frå Frode Helmich Pedersen. Sidan førsteamanuensen no arbeider på Nordisk institutt og utdannar lektorar, er det ikkje vanskeleg å legitimere nytte, meiner han.

— «Sjølvrealisering» var eit ord eg aldri høyrde. Vi var interesserte i litteratur og i å drive med litteratur. Mange hadde lyst til å bli betre til å skrive, og det å skrive godt er utruleg viktig. God skrift og tale er ei ekstremt – nyttig – evne, seier Helmich Pedersen.

Han unnskyldar dårleg batteri på telefonen, denne korona-appen er eit straumdrag.

Vi har eit kulturliv å drive i Noreg. Dette generer faktisk også pengar

Frode Helmich Pedersen, litteraturvitar og førsteamanuensis

— Men jau, å leve eit litterært liv låg i korta for veldig mange, men skal det liksom vere unyttig? Dei er jo overalt no, forfattarar, kulturjournalistar, redaktørar, byråkratar. Vi har eit kulturliv å drive i Noreg. Dette generer faktisk også pengar.

Helmich Pedersen er ikkje overraskande verken Ronald Reagen-fan og har heller ikkje spurt Roy Steffensen om samfunnet bør få fleire lektorar – han er meir oppteken av å snakke om at ikkje berre pengar skal forvaltast, men også slikt som kulturarv og kunnskapsarv.

Det må bli ein kort samtale, telefonlinja blir stadig dårlegare.

— Det er ei misforståing at universitetet berre skal levere yrkesretta utdanningar. Det skal forvalte og bevare kunnskap og kulturarven, elles kan vi gløyme å vere ein kulturnasjon. Sjølvrealisering er ein bonus, men det er ikkje derfor vi sit på kontora våre.

Batteriet er snart tomt.

— Dersom fleirtalet av litteraturvitarar hamna i jobb på Kiwi, måtte vi kanskje ha tenkt oss om. Men det blir hypotetisk, og eg må legge til at eg har all mogleg respekt for dei som jobbar på Kiwi, seier han, før den installerte applikasjonen mot korona reduserer røysta til grums.

Korona skal dukke opp seinare på ringerunden i samband med eit prosjekt på Astrofysisk institutt, Universitetet i Oslo. Men no berre må vi innom Kiwi.

Kjapt, trygt og billig!

— Vel, det er jo ein samfunnskritisk funksjon, då.

Han representerer nok ikkje nokon trend, stjørdalingen Espen Alstad Holthe, der han sit i kassa på Kiwi-butikken i Bergen, med master i rettsvitskap i beltet. Han fortel at han heilt frå ungdomsskuletida var nysgjerrig på rettssystemet, og sidan han hadde svært gode karakterar, kjentest det naturleg å studere juss.

— Det gjekk greitt lenge, men etter tre-fire år begynte eg å bli lei. Eg følte meg ikkje heilt heime i studentmassen. Den berømte veggen stod der på eit punkt. Men eg fullførte, meir på trass enn interesse, seier han.

Med master i rettsvitskap og studium i pedagogikk og psykologi kjenner Espen Alstad seg både nyttig og relevant i jobben på Kiwi i Bergen.

Heilt sidan 2014 har han jobba deltid på Kiwi. No har han fullført årsstudium i psykologi og er snart ferdig med pedagogikk.

— Då har eg planar om å jobbe på Kiwi. Eg stortrivst, kanskje kan eg jobbe meg opp i ei høgare stilling. Eg stressar ikkje. Eg trur kanskje eg kan gjere meg bra som lærar, men det har eg oppdaga litt seint. Kanskje tar eg lærarstudiet seinare i livet.

Han utelukkar ingenting, seier han, heller ikkje å bli verande på Kiwi.

Holthe har gått nokre rundar med familien, «er det ikkje dumt å ikkje få brukt utdanninga, tenk på tida og ressursane som har gått med og så vidare». Men det har han slutta å uroe seg over. Holthe innser at han kanskje ville blitt sett som «overkvalifisert» om han søkte på Kiwi i dag, eit omgrep han er skeptisk til.

— Har du tatt ein master, viser du i alle fall at du er strukturert og er i stand til å jobbe, seier han.

Sol i sinnet

Kjenner du til dei grunnleggande termiske prosessane i plasma? Kan du bygge ein numerisk modell av ei stjerne? Ikkje det, nei, men så er vel ikkje det så innmari arbeidslivsrelevant, heller, kanskje.

Helle Bakke er ueinig.

Ho er ph.d.-stipendiat på Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo. Ho er veldig glad i å undervise. Ho er sikker på at studentane får seg jobb som attpå til er relevant.

— Utdanninga gir ei verktøykasse med ganske mykje rart oppi. For eksempel lærer ein programmering, som er relevant i veldig mange jobbar i dag. Det treng ikkje vere fysikkrelatert. Vi blir gode til problemløysing. Eg har venner eg har studert med som jobbar i flotte jobbar, mellom anna i bank og finans og konsulentbransjen, fortel ho.

Helle Bakke er astrofysikar. Ho meiner sola er relevant.

Sjølv har ho tatt eit steg vidare, og forskar på sola og meir spesifikt, korona.

— Solas korona er ein del av sola sin atmosfære, sola har ein atmosfære, akkurat som jorda. Korona er det ytste laget. Korona er jo latin for krone, derfor har det fått dette namnet. Under ei solformørking kan du sjå det, forklarer stipendiaten ivrig.

Ho fortel at ho jobbar med eit mysterium – ingen har kunna forklare kvifor solas korona har fleire millionar grader (Kelvin) høgare temperatur enn dei andre laga. Tida er inne for spørsmål av typen, «får vi valuta for skattepengane».

— Er det ikkje ein smule ekstravagant å bruke dei på ei som tilfeldigvis interesserer seg for temperaturforskjellar på sola?

— Nei.

Bakke seier at sola er viktig for oss. Det som hender på den glødande kula er, ja, nettopp, relevant, for alt liv på jorda. Ho forskar på såkalla solar flares, energirike utbrot som mellom anna fører til solvindar og gjer at vi kan sjå nordlyset.

— Men solar flares kan også skade satellittar. Mykje forsking er retta inn mot å føreseie og varsle hendingar som kan vere skadelege. Det er fort gjort å ta sola for gitt.

— Eg er ikkje sikker på at dei som bestemmer veit kva som gir ein relevant jobb eller ikkje – og kva som eigentleg er ein relevant jobb, seier astrofysikaren.

Daude hestar

Hovudoppgåve (som seinare blei bok): Hesten i nordisk jernalder: Ei kontekstuell analyse av den symbolske sfære kontra den materielle røynda. Doktoravhandling: Human-animal relationships. Mutual becomings in Scandinavian and Sicilian households 900-500 BC.

Før vi grev litt i kva som kan vere poenget med å rote rundt i sicilianske hushaldningar for 2500 år sidan, skal vi opplyse om at fleire av medstudentane til Kristin Armstrong Oma, som no er professor og forskingsleiar, hamna i finansbransjen i London.

— Okey, kva i helsike er det du driv med, eigentleg?

— I forskinga mi undersøker eg forholdet mellom menneske og dyr. Det er eit heilt felt, human-animal studies, som studerer korleis dyr påverkar menneskelege samfunn. Utgangspunktet er her ikkje berre at dyr kan etast, eller vere ei kjelde til symbolsk tenking, men at dei er levande aktørar gjennom det dei er og det dei gjer. Det finst for eksempel ei retning som meiner at menneskeleg sivilisasjon ikkje hadde oppstått utan hunden. Det å søke til fleire andre artar, det er noko spesielt for mennesket. Eg er interessert i den djupe historia til dyr og menneske. Derfor har eg for eksempel studert gardane i bronsealderen, korleis hus blei bygde då, på ein måte der menneske og dyr levde mykje tettare, seier Oma, som er tilsett ved Universitetet i Stavanger.

Kristin Armstrong Oma satsa på ei akademisk karriere etter arkeologistudia. Fleire av medstudentane hennar blei derimot rekrutterte til finansbransjen i London.

— Men hesten i jernalderen ... no er vi komne til digitalalderen?

— Hesten blei veldig relevant for nokre år sidan. Hugsar du hestekjøtskandalen? Eg blei eit etterspurd intervjuobjekt. Spørsmålet var kvifor tanken på å ete hest var så ubehageleg. Då kunne eg vise til kjelder i gulatingslova, som slår fast at å ete hestekjøt var heidensk tradisjon, og noko ein slo ned på. Nokon heidenske tradisjonar vart tatt opp og re-tolka i kristen tradisjon, men ikkje denne. I før-kristen tid var det å ete hestekjøt ei heilag handling, som kunne gi tilgang til gudane.

— Jøss!

— Ja, ikkje sant? Plutseleg kan forsking bli veldig relevant, det er det som er så utruleg spennande. Det var vel ingen som for eit halvt år sidan trudde at dei som forska på koronavirus skulle bli verdsstjerner.

— Så dette forslaget på Stortinget …

— … synest eg er heilt forkasteleg. Vi veit ikkje kva vi har bruk for om fem eller ti år. Om vi berre skal utdanne lærarar blir det ikkje noko utvikling. Vi må ha eit ope felt der vi kan utfordre våre eigne rammer og korleis vi oppfattar verda. Det er det grunnforskinga som gjer. Vi skal ikkje berre lære arkeologar å grave, vi skal lære dei å tenke sjølv.

— Du er blitt professor, vi har vel ikkje plass til mange arkeologar ute i samfunnet?

— Du lærer å strukturere store mengder data, statistikk, samfunnsfag, matematikk … mange jobbar i forvaltning, men det er også fullt mogleg å bli ein glitrande finansanalytikar. Då eg studerte i England dreiv bransjen aktiv rekruttering til finansdistriktet. Arkeologane vart sett på som flinke til å analysere stor mengder data. Dessutan er vi ikkje redde for å få skit under neglene, seier Oma.

Greitt, vi skal snart slutte å mase. Vi har berre ein avtale med «nobelprisvinnaren» først.

Sukk!

— Eg har ikkje full innsikt i dette forslaget, men generelt tenker eg at det må vere forferdeleg vanskeleg å styre både folks yrkesval og kva slags studiar ein passar til og som ein då bør ta, utifrå ein eller annan mal, seier professor emeritus i psykologi ved Universitetet i Oslo, Karl Halvor Teigen.

Han blei cand.psychol. det året Ottosen-komiteen kom med sin første av dei gjennomgripande rapportane sine, på terskelen til masseutdannings-samfunnet.

Sukk kan vere lyden av håp som forlét deg

Professor i psykologi, Karl Halvor Teigen

— Eg studerte psykologi fordi eg såg at i det kunne eg vere opptatt av veldig mange ting, ikkje nødvendigvis ende opp i eitt bestemt yrke. Som forskar har eg også jobba etter eit prinsipp om at dersom det dukkar opp noko som er meir spennande enn det eg sjølv har tenkt på førehand, hoppar eg over og tar sjansen på å gå vidare i den retninga. Forskinga er ikkje rettlinja, den går i krokvegar.

Professoren kjem med eit aldri så lite sukk.

— Finansieringa … det er ikkje berre eit problem i styringa av studieplassar. Når ein skal skildre i detalj kva ein forventar å finne i søknaden, blir det meiningslaust.

Teigen har sett djupe spor etter seg både innanfor psykologihistorie og særleg innanfor felt som intuisjon og sosial kognisjon, altså korleis vi opplever, oppfattar og tenker i sosiale situasjonar. Det er likevel den ironiske nobelprisen IG Nobel som har gjort han mest kjent, i alle fall for dei som ikkje er i faget. Prisen blir delt ut ved Harvard kvart år, som ein slags parodi på nobelprisen, men med eit klart mål om å skape merksemd om forsking og vitskap.

I 2011 fekk Teigen prisen for ei undersøking om kvifor folk sukkar i kvardagslivet.

— Det var eigentleg ei øving med studentane. Vi blei overraska over at det ikkje fanst noko forsking på sukking, det finst masse eksperimentelle studiar på latter, gråt og gjesping, men altså ikkje sukking. Så vi laga spørjeskjema, følgde opp med eksperiment, der studentane fekk ei oppgåve dei ikkje kunne løyse. Så tenkte at eg alltids kunne skrive ein liten artikkel og sende det til eit mindre berømt tidsskrift, fortel Teigen.

Psykologiprofessoren Karl Halvor Teigen mottok IG Nobel under seremonien ved Harvard University i 2011. IG Nobel er ein pris til forsking som i utgangspunktet kan sjå vanvitig, kuriøs, komisk eller unyttig ut, men som ofte er høgst relevant.

«Nobelprisen» var sikra.

Teigen humrar på telefonen. Grunngivinga var god, meiner han. Han er stolt over prisen.

— Det er mange måtar å sukke på. Ein kan trekke eit sukk fordi ein er letta, fortvilt og så vidare. Vi såg etter ein fellesnemnar. Vi oppdaga at mange sukka når dei skal legge ei oppgåve bak seg og begynne på ei ny, og kvar gong dei oppdaga at dei ikkje kom nokon veg. Sukk kan vere lyden av håp som forlét deg.

Vi snakkar oss ut litt på viddene om sukking, og Teigen fortel, relevant eller ikkje, at hundar sukkar mykje, rotter også. Reint fysiologisk er sukking ei slags nullstilling av pusten, ein legg noko bak seg og ser framover. Det er det han skal gjere no.

— Når ein skjønar at ein kan la håpet fare om at politikarane skal ta til vettet, seier Teigen, — då kjem det eit sukk.

* Artikkelforfattaren er ikkje utdanna journalist

Powered by Labrador CMS