Debatt ● Rektoratet ved Høgskulen på Vestlandet

Kunstig intelligens — lovande teknologi eller trugsmål mot akademiske normer?

Spørsmålet om korleis me kan hegna om og revitalisera grunnleggjande akademiske normer i møte med ny teknologi er høgaktuelt ved europeiske universitet og høgskular.

— Skal ein vera truverdig som universitet og høgskule, må utdanning og forsking ha grunnlag i anerkjente vitskaplege metodar, skriv dei fire forfattarane.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Årskonferansen til The European University Association (EUA) gjekk i år av stapelen ved universitetet i Swansea. Temaet var: Universities in Europe: integrity in a time of change

Integritet er ein innfallsvinkel som treff godt i ei samtid med store samfunnsendringar. Kunstig intelligens er sett på dagsorden. Det er tale om ein uhyre lovande teknologi som samstundes endrar grunnvilkåra også for utdanning, forsking og formidling. 

Det er lite tvil om at KI og chatbots susar inn som verktøy og opnar nye moglegheiter i samfunn og vitskap. Nye program, digitale løysingar og robotiserte prosessar vert innført og vinn fram. Utdanningane våre merkar trykket. Forskingsprosjekt er under oppsegling og KI-milliarden freistar mange. 

Den ferske profesjonsmeldinga omtalar det slik: «Utviklinga innanfor kunstig intelligens og maskinlæring vil ha store og uføreseielege konsekvensar for mange yrkesfelt, og behova for kompetanse kan endre seg på måtar det er vanskeleg å føresjå». 

Det er tale om ein uhyre lovande teknologi som samstundes endrar grunnvilkåra også for utdanning, forsking og formidling. 

Yttri, Øye, Naustdal og Resaland

Spørsmålet er korleis me kan hegna om og revitalisera grunnleggjande akademiske normer, som til dømes det å vera open, påliteleg og ansvarleg, i møte med ny teknologi. I fleire samanhengar kan KI vera eit nyttig verktøy. Nyleg kunne me i media lesa om forskarar ved UiT Noregs arktiske universitet si utvikling av eit KI-verktøy for å hjelpa studentar og forskarar med å finna relevant forsking og litteratur. Verktøyet gjev tilrådingar til relevant litteratur knytt til tema ein skriv og forskar på.

Utgangspunktet vårt under EUA-konferansen er ei undersøking ved HVL som viser at studentar i aukande grad bruker ChatGPT og tilsvarande verktøy som sparringpartnar for læringsføremål. Undersøkinga tyder på at chatbots kan brukast på påliteleg vis i akademisk arbeid. Samstundes gir studentar uttrykk for ei uro om informasjonen som chatbots gir er påliteleg og uro for korleis informasjon vert sett på inn i mot fusk.

Potensialet chatrobotane har som informasjonssystem er det lite tvil om. Me ser at dei blir jamleg trimma og meir presise. Prosesseringsnivået er forbløffande. Chatbots svarar ut spørsmål og gir grunnlag for disposisjonar av tekst som gir relativt god flyt og samanheng.

Men det å skilja mellom originalt arbeid og innhald produsert av KI kan lett bli krevjande, både for studentar og tilsette. Den nemnde undersøkinga viser at:

  • studentar er usikre på presisjonsnivået og pålitelegheita til det chatrobotar serverer
  • studentar ber om tydelege institusjonelle retningsliner for kva som er «lovleg» bruk av chatbots

Mange av dei same trekka som studentane løftar fram, den same uroa, finn me i samtalar med våre tilsette. Me må gripa fatt i dette og samarbeida i eit større fellesskap av universitet og høgskular. I Noreg vil Universitets- og høgskulerådet vil vera ein sentral arena, på europeisk nivå må European University Association spela ei nøkkelrolle. 

Klok bruk av ny teknologi i utdanning og forsking må ha grunnlag i etablerte akademiske verdiar.

Yttri, Øye, Naustdal og Resaland

Klok bruk av ny teknologi i utdanning og forsking må ha grunnlag i etablerte akademiske verdiar. Det å balansera KI-assistanse med kritisk sans, vitskaplege metodar, kreativitet, fagfellevurderingar, og gjennomskinlege forskingsprosessar, er avgjerande. Det akademiske handverket kan styrkast i møte med ny teknologi, men det vil krevja ein fornya og systematisk satsing på integritet for å oppretthalda tillit til forsking og utdanning.

Det er mange døme på at KI forenklar, forløyser, forbetrar og viser veg til gode studie-, arbeids- og omgangsformer. Men fagleg vurdering og kritisk dømekraft må aldri vika. Det må øvast og utviklast innanfor nye digitale rammer og vilkår. 

«Fake news» og villfarne informasjonsstraumar, slik regjeringa viser til i si nye satsing for å styrke befolkninga sin motstandskraft mot desinformasjon, er trugsmål mot demokratiet. Grunnleggjande tilhøve i samfunnet vårt kan verta rokka. Skal ein vera truverdig som universitet og høgskule, må utdanning og forsking ha grunnlag i anerkjente vitskaplege metodar. 

Vitskapsdrivne og sanningssøkande høgskular og universitet med studentar og tilsette som utøver og utviklar det akademiske handverket, er avgjerande for kunnskapsutviklinga og ein grunnmur i samfunnet.

Powered by Labrador CMS