Debatt ● Gunnar Yttri og Anne-Grethe Naustdal

Danning og akademisk handverk

Bak medieoppslag om fusk og plagiat ligg eit større oppdrag og ein viktigare diskusjon: Korleis kan vi rusta og styrka studentane våre i det akademiske handverket for å meistra og gjennomføra høgare utdanning på beste vis.

Fusk og plagiat fortener merksemd. Men ordskiftet må ikkje skugga for viktige perspektiv og naudsynte faglege arbeidsmåtar, skriv kronikkforfattarane.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Vi er midt inne i eit offentleg ordskifte om fusk og plagiat som påverkar heile sektoren. Temperaturen er høg. Tillit og truverd til akademiske normer og verdiar er i spel. Media jaktar klåre og raske svar. Kva er systemet for plagiatkontroll? Kva retningslinjer gjeld ved mistanke om fusk? Kor mange studentar er tatt for fusk på eksamen? Kor mange studentar er utestengd? Kva tenker vi om fuskesaker i andre delar av samfunnet? 

Rangeringar over fagområde og lærestadar med variasjonar i tal juksesaker får store oppslag. Det er påvist at både ord og handling kan styrkast. Nokre tek til orde for tydelegare retningslinjer og regulering i lov og forskrifter. Godt lovverk kan styrka feltet. Universitet og høgskular kan heilt sikkert læra av kvarandre for å styrka både liv og lære.

Fusk og plagiat fortener merksemd. Men ordskiftet må ikkje skugga for viktige perspektiv og naudsynte faglege arbeidsmåtar. Enkle, einsidige overskrifter og samanstillingar sporar gjerne til lesing, men gir ikkje tilstrekkeleg handlingsgrunnlag. 

Den viktigaste oppgåva vert lett overskygga: Korleis kan universitet og høgskular rusta og styrka studenten i det akademiske handverket som trengst for å meistra og gjennomføra høgare utdanning? Å gi nye studentar innføring i faglege perspektiv og ferdigheiter er innarbeidd i høgare utdanning. Sentrale element er studieteknikk, akademisk skriving, metode, vitskapsteori, etikk, informasjonskompetanse og samarbeid. Sjølvstendig fagleg arbeid må lærast og øvast. 

Høgskulen på Vestlandet har sidan 2020 gjennomført innføringsemnet «Danning og akademisk handverk» ved fleire utdanningar. Målet er å tilby eit fellesemne der studentane får reiskapar til å meistre utdanning, der grunnlag for danning vert lagt.

Med vår profesjons- og arbeidslivsretta profil og i utviklinga av eit nytt universitet, er innføringsemnet relevant for utdanninga og arbeidslivet vi utdannar for. Grunnleggjande felleselement ligg i botn, samstundes som kvar einskild utdanning gjer tilpassingar. Nye digitale læringsressursar utfordrar og gir moglegheiter. Studentane må trenast i å handtera både «fake news» og villfarne informasjonsstraumar. Studentane må utvikla evna til å identifisera truverdige kjelder og finna fram til relevant og god faglitteratur. 

Den viktigaste oppgåva vert lett overskugga: Korleis kan universitet og høgskular rusta og styrka studenten i det akademiske handverket som trengst for å meistra og gjennomføra høgare utdanning?

Gunar Yttri og Anne-Grethe Naustdal

Biblioteket spelar ei viktig rolle for både studentar og tilsette. Tilbod om rettleiing, skrive- og studieverkstadar, og kurs i referanse- og litteraturbruk, er tilgjengeleg både fysisk og digitalt. Det vert stilt krav til studentane våre og deira faglege arbeid. 

Våre tilsette møter også krav. Fagleg vurdering og kritisk dømekraft må øvast innanfor dei digitale vilkåra. HVL satsar på kurs og opplæring. Forskingsetikk, personvernrettleiing og kunstig intelligens i utdanning, er nokre av kursa vi tilbyr. Interessa for å læra og ta ny teknologi i bruk er stor mellom tilsette. I desse dagar tilbyr vi kurs i kva kunstig intelligens vil bety for undervising og læring. 300 påmelde fortel om interesse og engasjement.

I arbeidet med å utvikla «Danning og akademisk handverk» er diskusjonar i fagmiljø, drøftingar i ulike råd og utval, og dessutan møte med studenttillitsvalde av høg verdi. Seinast denne veka hadde vi eit møte med over 50 studenttillitsvalde frå alle våre fem campus kor dette var tema. Det å lytta til studentane og involvera dei er verdfullt. 

Å arbeida systematisk og tolmodig med å utvikla kunnskap og ferdigheiter over tid er dannande og gir resultat. Merk orda tolmod og systematikk. Dette er grunnlag for å byggja kunnskap og ferdigheiter, dette er grunnlag for innsats i arbeids- og samfunnsliv. Det er førebygging av beste merke.

Powered by Labrador CMS