Eksportkontroll

Kontroll mot spionasje kan ramme norske stats­borgarar.
— Mykje står på spel

Personar med norsk statsborgarskap kan risikere å ikkje få jobbe eller studere på universitet og høgskular når Utanriksdepartementet skjerpar kontroll med kunnskapsoverføring til ei rekke land.

Utanriksdepartementet vil verken stadfeste eller avkrefte at norske borgarar med doble statsborgarskap kan bli omfatta av krav om lisens. I 2015 vart to forskarar utviste etter PST meinte å ha bevis for at forskinga deira ved Universitetet i Agder (bildet) var knytt til utvikling av kinesiske våpen.
Publisert Oppdatert

Det er den såkalla eksportkontrollen det dreier seg om, som er meint å sikre at norske varer, data og kunnskap ikkje blir tatt i bruk av framande makter til utvikling av masseøydeleggingsvåpen.

— Mykje står på spel for folk, sidan dette også handlar om rett til arbeid og utdanning, seier professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitet Oslo, Vibeke Blaker Strand, til Khrono.

Forskings- og utdanningsinstitusjonane veit ikkje, Utanriksdepartementet (UD) veit ikkje, forskarane og studentane veit enno ikkje: Må norske borgarar, som også har pass frå andre land, ha lisens frå UD for å kunne få jobbe, forske og studere i Noreg?

Må ungane deira søke styresmaktene om lov til å studere kjemi i landet dei er fødde i?

Departementet har varsla ein høyringsrunde, etter at sektoren reagerte med bekymring i juni, like etter at Utanriksdepartementet la fram planane for strengare kontroll med kunnskapsoverføring.

Bakgrunnen er fleire hendingar ved norske institusjonar, og rapportar frå Politiets sikkerheitsteneste (PST), som fryktar spionasje frå land Noreg ikkje har tryggleikssamarbeid med, primært Kina, Iran og Russland. Totalt dreier det seg om meir enn 70 land, som Noreg ikkje har noko form for tryggleikssamarbeid med.

PST har skulda universita for å vere naive i si tilnærming til faren for spionasje.

— Kan bli veldig vanskeleg

Strand understrekar at ho ikkje har problem med å sjå behovet for å unngå at sensitiv kunnskap hamnar i feil hender.

Professoren trur samstundes kontrollregimet kan bli svært komplisert å gjennomføre i praksis, og at det ligg ei klar kjelde til konflikt mellom omsyna til nasjonal tryggleik og lovfesta rettar for norske borgarar.

— Verknaden av retningslinjene kan bli indirekte forskjellsbehandlande, dersom praksisen endar med å ha ei slagside mot for eksempel etnisitet, nasjonalt opphav eller språk. Når det handlar om retten til utdanning og retten til arbeid, er diskrimineringsreglane særskilt relevante. Ei regulering som fører til ulempe og forskjellsbehandling av bestemte grupper, treng tungtvegande og konkret grunngiving for å vere lovleg, seier Strand.

Vibeke Blaker Strand, professor ved Universitet i Oslo

Ho peikar på at Noreg, i tillegg til nasjonale lover, har bestemt seg for å følgje EUs reglar om vern mot etnisk diskriminering, som kan kome i konflikt med forskjellsbehandling av norske statsborgarar i praktiseringa av eksportkontrollen.

— Ekstra komplisert blir det, når vi i tillegg tar med at utdanningsinstitusjonane pliktar å fremje vern av likestilling i sine institusjonar, seier ho.

— Å klare å fremje likestilling, og samstundes praktisere retningslinjene for kontroll, kan bli ei utfordring. På toppen av dette har vi ei grunnlov som gir vern mot diskriminering.

Professoren trur departementet har ein vrien jobb framfor seg, når dei skal justere retningslinjene og balansere kontroll opp mot diskrimineringsvern.

— Eg trur det kan bli veldig vanskeleg for institusjonane, dersom ikkje dette blir sirleg utforma.

For norske borgarar med pass frå Kina, Iran, Russland eller Brasil kan konsekvensen av manglande lisens frå norske styresmakter vere å miste jobben, ikkje få jobb i utgangspunktet, eller ikkje få høve til å ta del i visse kurs, samarbeid eller prosjekt.

— Lov til å vere ein norsk borgar

Khrono har vore i kontakt med ein av dei som kan bli indirekte ramma av tilstramminga av regelverket for kunnskapsoverføring. Forskaren, som jobbar ved ein norsk forskingsinstitusjon, ønskjer ikkje å stå fram med namn av omsyn til barn og familie.

— Eg fryktar at regelverket skal få alvorlege konsekvensar for meg og familien min. Det handlar om eg skal få lov til å vere ein norsk borgar med like rettar som andre, det handlar om arbeidet mitt, og det handlar framfor alt om barna mine. Skal dei måtte søke departementet om lov til å studere på lik linje med andre norske medborgarar?

I eit brev forskaren har fått frå Utanriksdepartementet, etter å ha stilt nettopp desse spørsmåla, går det fram at også doble statsborgarar vil måtte rekne med å bli omfatta av regelverket.

Khrono har sett brevet. Etter det Khrono forstår kan norske statsborgarar, som i tillegg har statsborgarskap i eit anna land utanfor EØS og Nato, bli kategoriserte som utlendingar, når det dreier seg om eksportkontroll og kunnskapsoverføring.

Spørsmålet om korleis gruppa med doble statsborgarskap skal handsamast er samstundes berre eit utsnitt av eit konglomerat av uavklarte spørsmål og problemstillingar knytt til departementets eksportkontroll.

For forskingsinstitusjonar som er avhengige av høgkompetente medarbeidarar frå den globale arbeidsmarknaden har tiltaka ført til uro.

I tillegg har universitetsleiarar vore kritiske til korleis regleverket som er på trappene kjem til å utfordre den lovfesta retten til å drive fri og uavhengig forsking. Fleire har også peikt på faren for eit omfattande byråkrati som kan bremse internasjonal rekruttering til forsking og utdanning.

Ifølgje departementet omfattar retningslinjene «forskningssamarbeid og deling av informasjon og forskningsresultater med utenlandske institusjoner, samt ved annen tilgjengeliggjøring av slik informasjon og ved deltagelse eller gjennomføring av kurs og konferanser».

— Nær sagt alle våre fagområde er relevante og må truleg søkast om lisens slik det ser ut no, uttalte kommunikasjonsdirektør ved Sintef, Vincent Fleischer til Khrono i juni.

«Virker ikke tilstrekkelig gjennomtenkt», skreiv rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen på sin blogg.

— Kan bli utfordrande

Professor ved Det juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen, Knut Einar Skodvin, meiner som Blaker Strand, at regelverket for eksportkontroll raskt kan kollidere med diskrimineringslovverk.

— Diskriminering er både dei folkerettslege traktatane vi er part i og den nasjonale lovgivinga lite glade i. Ein møter ein terskel dersom ein legg opp til ei diskriminering. Samstundes er det vidtgåande tilgang til å gjere unntak innanfor nasjonale tryggleikssaker.

Skodvin meiner at regelverket i eksportkontrollverket allereie er utforma på ein måte som gjer det vanskeleg både for universitet og forvaltninga å trekke grensene.

— For å kunne gjere det, må det vere betydeleg kontakt mellom universitets- og høgskulesektoren og forvaltninga på det området. Dette er ingen av partane vande med. For sektoren kan det fort lukte innblanding i kva ein kan forske på og ikkje. I den akademiske kvardagen, som i stor grad er basert på utveksling og ope samarbeid, er det openbert at kontrollen kan bli utfordrande, seier Skodvin.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Iran og Kina i søkelyset

PSTs trusselvurderingar har dei siste åra peikt på kunnskapssektoren som eit viktig mål for spionasje. Riksrevisjonen har kritisert sektoren for sviktande eksportkontroll.

I 2020 sikta PST to NTNU-forskarar for å ha overlevert ureglementert informasjon til Iran. Ein annan mann vart sikta for å ha delt informasjon med ein russisk etterretningsagent. I 2015 vart to forskarar ved Universitetet i Agder utviste frå Noreg, etter at PST konkluderte med at arbeidet deira var knytt til våpenutvikling i Kina.

Sidan 2020, då det vart mogleg å bli norsk utan å gi frå seg sitt tidlegare statsborgarskap, har talet på søknader og meldingar om norsk statsborgarskap auka kraftig, ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI). Første halvår i 2021 hadde nær 28 000 søkt om å få bli norske.

Ved Noregs største universitet, NTNU, var kvar fjerde doktorgradsstipendiat i 2020 frå Iran eller Kina.

Khrono har vore i kontakt med Utanriksdepartementet (UD) og stilt fleire spørsmål. I e-post svarer UD at det er for tidleg å seie noko. «Når forslaget til ny forskrift er klart, vil det bli sendt på høring og offentliggjort på vanlig måte. Deretter, når høringen er ferdig og en revidert forskrift klar, vil det bli publisert utfyllende retningslinjer og veiledning om hvordan regelverket skal forstås», skriv UDs kommunikasjonsavdeling i e-posten.

Det er ikkje klart når høyringa kjem, eller når den reviderte forskrifta er tenkt å vere klar.

Powered by Labrador CMS