Akademisk samarbeid

— Kina kjem til å bli ein superspreiar av verdiar vi bør hate som pesten

Mange forskarar forstår ikkje dei politiske implikasjonane av arbeidet sitt, meiner forfattar og Kina-ekspert, Torbjørn Færøvik.

— Kina har dei seinare åra mista mykje goodwill i Vesten, og den openlyse sympatien for Russlands krig mot Ukraina har gjort vondt verre, seier Torbjørn Færøvik.
Publisert

— Vi har i dag mange typar akademisk samarbeid med Kina. Noko er bra, andre ting forkasteleg, seier Torbjørn Færøvik i intervju med Khrono.

Den prisløna forfattaren og tidlegare utanriksjournalisten har i fleire år vore ein av dei skarpaste kritikarane av det han oppfattar som ei naiv tilnærming til det kinesiske regimet – også i kunnskapssektoren.

Færøvik meiner akademikarar ofte slit med å sjå korleis arbeidet deira går inn i ein større samanheng.

Fakta

Torbjørn Færøvik

  • Forfattar, historikar og utanriksjournalist med bakgrunn frå NTB, Arbeiderbladet og NRK.
  • Har skrive ei rekke sakprosabøker mellom anna om Kina. Har vunne Brageprisen tre gonger, seinast i 2012 for «Maos rike – en lidelseshistorie».
  • Har fast spalte i Dagsavisen.

Eg trur mange forskarar, norske inkludert, lid av tunnelsyn. Dei er mest opptatt av sitt eige, vesle fagområde og forstår ikkje alltid dei politiske implikasjonane av arbeidet sitt. For mange er Kina berre ei spennande moglegheit. Derfor er det så viktig at PST, Nasjonal sikkerhetsmyndighet og Etterretningstenesta kjem på banen med både gule og raude kort.

På papiret er Kina fortsatt eitt av Noregs hovudsamarbeidsland, gjennom Panorama-strategien, slik Russland har vore. Men dei norske tryggleikstenestene har lenge åtvara mot spionasje, seinast i februar. Då vart nettopp desse to landa utpeikt til dei største truslane. Universitet og forskingsinstitutt er «nærast regelmessig blitt utsett for innbrot». Noreg er eit attraktivt mål, og leiande på forsking, teknologi og utvikling på område Kina sjølv ønsker å utvikle, ifølgje E-tenesta.

Med Russlands krig i Ukraina er situasjonen i ferd med å gå frå vondt til verre. Kina og president Xi Jinpings tette band til Russland og president Vladimir Putin har fått EU og Nato til å skjerpe tonen.

— Frie universitet finst ikkje

I slutterklæringa på Natos toppmøte i Madrid i juni, slo medlemslanda for første gong fast at Kina er ei «tryggleiksutfordring.» I tillegg peikte erklæringa på «det djupare, strategiske partnarskapet» mellom Kina og Russland, og på «gjensidig forsterkande forsøk på å undergrave den regelbaserte internasjonale orden», i strid med «våre verdiar og interesser».

Kina har avvist påstandane som «kald krigs-tenking med ideologisk slagside».

— Det største problemet her heime, og i Vesten elles, er at vi ikkje er Kina-kritiske nok. No er realitetane begynt å demre, og synspunkt eg lenge har fremja, får stadig meir gjennomslag. Nyorienteringa i EU og Nato er god eksempel på det, seier Færøvik.

Han understrekar at han ikkje er motstandar av akademisk samarbeid, men at vi må lære å skilje mellom skit og kanel.

— For det første må vi innsjå at alle kinesiske universitet er underlagt det kinesiske kommunistpartiet. Frie universitet finst ikkje. Forskarar og andre blir kontinuerleg overvaka, ikkje minst dei som har samarbeidsprosjekt med kollegaer i utlandet. Derfor kan det aldri bli noko samarbeid mellom likeverdige partar. Norske aktørar som ikkje forstår dette, risikerer å kome heilt gale ut.

Færøvik seier at det for eksempel er heilt uproblematisk å gi ut ei norsk diktsamling på kinesisk.

— Eg støttar eitkvart norsk-kinesisk seminar om Henrik Ibsen og Knut Hamsun. Felles prosjekt på det høgteknologiske plan kjem derimot i ein annan kategori, særleg fordi samarbeidet kan gagne Kinas raskt veksande militærkompleks.

— NTNU har sove i timen

Søkelyset PST og andre har sett på kunnskapssektoren dei siste åra, er i tråd med det som skjer i mange andre vestlege land.

Sist veke gjekk leiarane av amerikanske FBI og den britiske tryggleikstenesta MI5 for første gong i historia ut med ei felles åtvaring mot Kina. Ifølgje FBI- og MI5-sjefane er det eit sentralt mål for kinesiske styresmakter å «stele vår teknologi». MI5s etterforsking av saker knytt til det kinesiske kommunistpartiet skal ha blitt sjudobla sidan 2018.

Når etterretningstenestene i land etter land slår alarm, bør vi ta det på alvor

Torbjørn Færøvik

I mai dokumenterte eit stort, journalistisk graveprosjekt at forskarar ved europeiske universitet deler sensitiv informasjon som kan brukast av det kinesiske militæret. The China Science Investigation gjekk saman med ti europeiske aviser gjennom 350 000 vitskapelege artiklar der europeiske forskarar har vore medforfattarar, og fann 3000 artiklar forfatta saman med kinesiske kollegaer med band til det kinesiske militæret. Særleg innsamling av kunnskap om dronar, robotar og kunstig intelligens skjer i stor skala, ifølgje Politiken, ei av avisene som har tatt del i undersøkingane.

— Ken McCallum, den britiske etterretningssjefen, kallar Kinas spionasje og cyberangrep «the most game-changing challenge we face». «Dette kan verke abstrakt, men det er verkeleg og presserande. Når etterretningstenestene i land etter land slår alarm, bør vi ta det på alvor, seier Færøvik.

— Åtvaringane bør vere ein vekkjar for universitetsmiljøa i Noreg og Vesten. Ikkje minst for NTNU, som har sove i timen altfor lenge, legg han til.

Nyleg avslørte Dagbladet at internasjonale tidsskrift har publisert 15 forskingsartiklar der nettopp NTNU-tilsette er oppført som medforfattar saman med forskarar knytt til det kinesiske National University of Defence Technology (NUDT). NUDT er direkte underlagt det kinesiske militæret. Ifølgje NTNU dreier det som om «åpen forskning uten noen åpenbar militær nytte».

Trur Noreg er i «tenkeboksen»

Kina boikotta Noreg i seks år som følgje av at Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010. Etter at det diplomatiske forholdet vart normalisert i 2016, etablerte ei rad universitet og høgskular nye samarbeid med kinesiske partnarar. I 2017 reiste meir enn 200 representantar frå kunnskapssektoren på delegasjonsreise til Kina med dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Landa tok opp igjen forhandlingar om ein frihandelsavtale som stadig er under arbeid. I 2021 var samhandelen med Kina på 121 milliardar kroner.

Færøvik trur den norske regjeringa no er i «tenkeboksen» om Noregs forhold til Kina, som følgje av den internasjonale utviklinga.

Noreg har sidan 2016 satsa tungt på knyte band til den framstormande stormakta og forskingsnasjonen Kina. Her møter tidlegare statsråd Iselin Nybø (V) Kinas viseminister for utdanning, Du Zhanyuan, under ei stor delegasjonsreise for kunnskapssektoren i 2018.

— Dei alarmerande signala utanfrå er i ferd med å sige inn, omsider. Det tosidige samarbeidet vil fortsetje, men med mindre glød og entusiasme. Kva følgjer ei eventuell kursendring vil få for universitetssamarbeid, tør eg ikkje seie noko om, seier han.

Færøvik meiner Noreg bør samarbeide med Kina om globale utfordringar som helse og miljø, både i FN og på eit tosidig plan.

— Derimot er eg sterkt imot at Noreg skal utvide det økonomiske samrøret med Kina ved hjelp av ein frihandelsavtale. Ved å veve norsk økonomi inn i det kinesiske gjer vi oss sårbare for utpressing. Kina er ein utpressar, eksempla er så mange at eg ikkje treng å nemne dei.

Exit Olsen: — Bra for UiB

Universitetet i Bergen (UiB) er så langt det einaste i Noreg som har signalisert ei kursendring. Rektor Margareth Hagen har gjort det klart at ho vil skrote UiBs ambisiøse kinastrategi.

UiB tok under tidlegare rektor Dag Rune Olsens styre mål av seg til å bli det førande universitetet i Noreg på samarbeid med Kina. Olsen måtte også tole mykje kritikk, mellom andre frå Færøvik, for sitt standhaftige forsvar av Konfutseinstituttet i Bergen, det einaste knytt til eit norsk universitet. Noko av det første Hagen gjorde som rektor, då ho tok over i 2021, var å avslutte samarbeidet med Konfutseinstituttet, som deretter vart lagt ned.

Færøvik seier det er bra for UiB at både Konfutseinstituttet og Olsen no er ute av bildet.

— Kina vil med åra ikkje berre bli ei økonomisk supermakt, men også ein superspreiar av verdiar vi bør hate som pesten. Mange føler ubehag når eg seier det, men det er eit faktum. Derfor må vi tenke strategisk og langsiktig, og ikkje leve i nuet, som om morgondagen ikkje affiserer oss, er rådet frå Færøvik.

— Det gjeld også universiteta, som har ei særleg plikt til å verne om den frie tanken og det frie ord.

Powered by Labrador CMS