Kina

UiBs rektor legg kinasatsing i skuffen. — Vil ikkje inn i avtalar vi ikkje kan stå inne for

— Eg trur ikkje det er sterke krefter på universitetet for ei ny satsing på Kina, seier rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Margareth Hagen.

Etter at ho blei rektor, har Margareth Hagen avslutta samarbeidet med Konfutse-instituttet og sett i gang omstrukturering av prestisjeavtalen med Ocean University of China. No vil ho legge handlingsplanen for kinasamarbeid på is.
Publisert

Dagens rektor ved UiB ønskjer ikkje å vidareføre den høgprofilerte satsinga på forskings- og utdanningssamarbeid med Kina.

— UiBs kinastrategi går ut i år. Eg kjem ikkje til å ta initiativ til å lage ein ny strategi for Kina på institusjonelt nivå, seier Hagen til Khrono.

Hagen seier ho ikkje «ser behovet» for å vidareføre handlingsplanen.

Det er knappe fire år sidan UiB etablerte forskings- og utdanningssamarbeid som satsingsområde og strategisk pillar. Som einaste norske universitet vedtok UiB ein eigen handlingsplan for kinasamarbeid med mål om å «vere ledende i Norge på forskningssamarbeid med Kina», som det var formulert i strategien. No tar Universitetet i Oslo førarsetet:

Signala frå UiB kjem nemleg på same tid som UiO trappar opp forskings- og utdanningssamarbeid med Kina, mellom anna som vertsskap for Fudan-universitetets europeiske senter. I eit notat til universitetsstyret ved UiO, heiter det at UiO skal vere «tyngdepunkt for akademisk Kina-samarbeid» i Noreg.

— Eg ønskjer ikkje at vi skal ha mange detaljerte handlingsplanar for ulike geografiske område i den komande perioden, seier Hagen.

Meir positivitet før

Rektoren seier ho ikkje vil forskotere arbeidet med ny strategiplan for universitetet som skal gjelde frå 2023 til 2030. Ho understrekar at dei lange tradisjonane for samarbeid ved UiB skal vidareførast.

— Fleire tilsette og miljø ved UiB skal fortsatt ha samarbeid med kinesiske miljø.

UiB-rektoren, som er tidlegare dekan ved Det humanistiske fakultet, ønskjer også ein større plass for den humanistiske og samfunnsvitskaplege forskinga på Kina.

— Dette er viktigare enn nokon gong, seier ho.

Hagen peikar på at det blir meir krevjande å balansere kravet om internasjonalt samarbeid med strengare kontroll med og restriksjonar for kunnskapsoverføring til mellom anna Kina, som Utanriksdepartementet har varsla. Hagen seier ho håpar på ein meir heilskapleg strategi for kinasamarbeid på nasjonalt nivå.

— Det var eit sterkt fokus og meir positivitet kring samarbeid med Kina for nokre år sidan enn det er no. Det kinesiske regimet har utvikla seg i meir autoritær retning, det treng vi ikkje PST til å fortelje oss, seier ho.

— Klarer vi å hauste fruktene av samarbeidet utan å gå på akkord med oss sjølve og våre eigne akademiske verdiar? spør Hagen, og utdjupar:

— Vi må finne balansepunktet mellom å vere paranoide og naive. Eg vil ikkje gå inn i institusjonelle avtalar vi ikkje kan stå inne for. Samarbeidet bør hovudsakleg ligge på forskarnivå og mellom fagmiljøa.

Ein av dei mest prestisjetunge avtalane UiB har gått inn dei siste åra er no under «omstrukturering»:

Havsamarbeid havarerte

I 2018 underteikna dåverande rektor Dag Rune Olsen ein prestisjefull samarbeidsavtale med Ocean University of China om etablering av eit felles forskingssenter i Qingdao. Ifølgje avtalen skulle UiB finansiere ein vesentleg del av samarbeidet.

I fjor avslørte Bergens Tidende at dei kinesiske partnarane i lengre tid hadde etterlyst pengane frå Bergen, utan at dei hadde blitt sende. Då hadde Hagen, som i utgangspunktet var prorektor, tatt over styringa på UiB etter Olsen, som trekte seg ved årsskiftet.

Ifølgje mannen som skulle leie senteret, professor Daniel Chorrout, var UiB i ferd med å springe ifrå økonomiske forpliktingar på 60 millionar kroner. Det var samstundes uklart kva forpliktingar Olsen faktisk hadde signert i avtalen. UiB har sagt at avtalen blir «restrukturert».

— Har erfaringane frå denne saka hatt noko å seie for deg?

— Alle slike erfaringar lærer ein av.

— Og kva har du lært av denne?

— At det er stor interesse frå Kina til å samarbeide med oss. Det er fint.

Kvitta seg med Konfutse

Også avgjersla om å avslutte over 10 års partnarskap med Konfutse-senteret i Bergen kom kort tid etter at Hagen tok over roret ved UiB. Olsen forsvarte samarbeidet i mange samanhengar, etter at det vart utsett for sterk kritikk, mellom anna frå Raftostiftelsen.

Konfutse-institutta er ifølgje Kina senter for kulturutveksling som kan samanliknast med British Council og Alliance Francaise. Kritikarane hevdar Konfutse-sentra er ein trussel mot akademisk fridom og eit instrument for det kinesiske kommunistpartiet for utøving av «mjuk makt».

Olsen fornya avtalen hausten 2019, og sa så seint som i juni 2020 til Khrono at UiB berre hadde gode erfaringar med samarbeidet. Då hadde UiB samstundes funne det nødvendig å krevje ein ny paragraf i avtalen med eksplisitt garanti for den akademiske fridomen. Konfutse-senteret i Bergen, det einaste i Noreg, avvikla drifta våren 2021.

— Var det di «forteneste» at samarbeidet vart avslutta?

— Eg var ikkje negativ til at vi avslutta samarbeidet.

— Er det eit understatement?

— Ja.

Kinaforskar:— Ikkje kast alt på båten

Blant dei meste aktive og profilerte fagmiljøa i UiBs kinasatsing dei siste åra er Norsk senter for kinesisk rett. Det blir leia av jussprofessor Bjørnar Borvik. Han seier han ikkje er overraska over kursendringa frå universitetsleiinga si side.

— Det er ikkje oppsiktsvekkande at den nye universitetsleiinga vel seg nye satsingsområde. Slik sett er det forståeleg at handlingsplanen ikkje blir fornya eller vidareført, seier Borvik.

Professor Bjørnar Borvik er uroleg for at etablerte kinasamarbeid skal bli tappa for ressursar når universitetsleiinga trappar ned kinasamarbeidet.

Han er likevel uroleg for at det som er bygd opp i den tida Kina har hatt topp prioritet ved UiB, no skal falle gjennom. UiB har relativt store satsingar både på realfag, medisin og juss.

— Det ville vere veldig synd om ikkje desse blir vidareførte. Det vil vere å gå litt i den same fella som universiteta kritiserer styresmaktene for å gå i: At ein heile tida skal satse på nye ting, at ein heile tida må tilpasse seg endra vilkår og prosjektmidlar. Ressursar har ein tendens til å bli kanalisert inn i nye prosjekt. Men dei lange linjene er viktige. Hoppar vi frå ein blome til ein annan for ofte, blir vi fort irrelevante.

Borvik meiner Universitet i Oslo gjer det rette, med å trappe opp kinasatsinga si.

— Det er veldig flott at dei har fått Fudans europeiske senter til seg, seier Borvik.

Respons på kritikk

UiBs kinasatsing skaut for alvor fart etter at Kina avslutta den diplomatiske boikotten i 2016. Noreg hadde då vore i «fryseboksen» sidan tildelinga av Nobels fredspris til dissidenten Liu Xiaobo i 2010. I 2017 reiste meir enn 200 representantar frå kunnskapssektoren på delegasjonsreise til Kina saman med statsråd Iselin Nybø.

UiB vedtok sin «Handlingsplan for UiB og Kina» i 2018. Handlingsplanen var meint som eit verktøy for å utvikle UiB til å bli «ledende i Norge» både på forskingssamarbeid og i utdanning og utveksling.

I takt med eit stadig strammare grep, også om den akademiske sektoren, frå kommunistpartiet og president Xi Jinping er det stadig oftare blitt stilt spørsmål ved den akademiske fridomen i samarbeid med Kina.

Hagen viser til at UiB har hatt eit kompetanseutval (frå 2021 kalla Academic China Forum), som skal gi støtte og råd i samarbeid med kinesiske aktørar. I 2020 laga utvalet eit dokument, «Samarbeid med kinesiske institusjoner — kontekst og refleksjoner». Det var dels meint som ein respons på kritikk frå mellom anna Raftostiftelsen om mangel på kritisk refleksjon i kinasamarbeidet, og dels som ei rettleiing til forskarar.

— Her er det ein sentral premiss at alt forpliktande samarbeid vi går inn i bør bygge på informerte val, seier UiB-rektoren.

Powered by Labrador CMS