bursdagshilsen ● Kollegaer
Jostein Gripsrud fyller 70 år
«Gripsrud er en imperiebygger, en gründertype, en som vil noe stort.»
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Attesten kom frå ein med roskompetanse, Georg Johannesen. Willy Dahl kalla Jostein Gripsrud «nordistikkens bortblåste laurbærblad» - ein som utvida nordistikkens rammer, og «fortsatte med å bygge ut et nytt fagstudium».
Vi talar om etableringa av medievitskap i Norge frå midten av 1980-åra, der siddisen Jostein Gripsrud var sentral arkitekt og byggmeister. 1. mars fyller han 70 år.
Gripsrud framstod raskt som ei organisatorisk og fagleg kraft innan det nye fagfeltet. Om det er sant at samfunnsvitarar veit for lite om kunstartane, og humanistar for lite om samfunnet, synte han tidleg meisterskap innan begge vitskapstradisjonar, og i formidlinga mellom dei.
Med sitt banebrytande arbeid The Dynasty Years. Hollywood Television and Critical Media Studies frå 1995 – hans definitive gjennombrot internasjonalt som medieforskar, sette Jostein Gripsrud ein standard for den kritiske yteevna til tverrfaglege kultur- og mediestudier.
Her sameinar han eit kritisk-sosiologisk perspektiv på eit transnasjonalt og kommersielt fjernsynsprodukt, nemleg såpe-operaen, med respekt for publikums smak og eit blikk for populærkulturens kritiske potensial.
Dette pionérarbeidet har klassikarstatus i det internasjonale forskarsamfunnet, og det har vore retningsgjevande for forsking og fagleg utviklingsarbeid ved Gripsrud sitt eige institutt:
The Dynasty Years plasserte fagmiljøet i Bergen i den internasjonale forskingsfronten innan medie- og kulturstudier, som eit leiande miljø for studier av populærkultur, av populærkulturens rolle i nasjonale og transnasjonale offentlegheiter, som ressurs i folks kvardagsliv, og for kulturell og politisk deltaking.
Blandinga av ven- og vitskap har vore inspirerande og produktiv, og Josteins faglege sjenerøsitet og overskot har ikkje minst synt seg i evna til å sjå unge talent, til å gje dei oppgåver og trekkja dei med i forskingsprosjekt.
Kolleger om Jostein Gripsrud
Gripsrud har fagleg bakgrunn i nordisk språk og kultur ved Universitetet i Bergen. Interessa for populærkultur, politikk og dei lange historiske linene, kjem til uttrykk i master- og doktorgradsarbeida om arbeider- og norskdomsrørsla sine amatørteater mellom 1890 og 1940.
I 1988 disputerte han til dr.philos-graden på desse arbeida. Tre år seinare vart han professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen, eit fagmiljø han alt hadde vore sentral i oppbygginga av. I 2004 vart han den første leiaren ved det nyoppretta, tverrfaglege Institutt for informasjons- og medievitskap ved same universitet.
Jostein Gripsrud har leia ei rekke nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, og han har vore gjesteprofessor ved universitet mellom anna i Sambandsstatane, Frankrike og Belgia. Han har publisert artiklar og bøker om norsk kultur- og mediehistorie, medieteori, kultursosiologi, offentlegheit, kulturpolitikk, film, tv, populærkultur og journalistikk. Og han har skrive lærebøker som har vore definerande for fagfeltet medievitskap, kultur- og mediestudier, også internasjonalt.
Eit hovedoppslag for Jostein Gripsruds samla akademiske virke kan truleg seiast å vera «opplysningens vilkår i det moderne, internasjonaliserte mediesamfunnet» – anten han har utforska desse vilkåra i analysar av medie- og kulturpolitikken, populærkulturens ulike uttrykksformer, reproduksjon av kulturelle klasseskilje eller samfunnsmessige konsekvensar av digitalisering og ny kommunikasjonsteknologi.
Men han har også meir direkte prøvd å påverka opplysningens vilkår, som leiar for (den første) Allmennkringkastingsnemnda, som sakkunnig for organisasjonar og styremakter, som kritikar, aktiv debattant og formidlar i den offentlege sfæren.
Eit vesentleg bidrag til å forstå sjølve verdien av offentlegheit, offentleg samtale og forholdet mellom sivilsamfunn og stat leverte Gripsrud som redaktør (og sentral forfattar) av eit nytt pionérverk – Allmenningen. Historien om norsk offentlighet. Hans seinaste prosjekt om den offentlege samtalen om innvandring i Skandinavia frå 1970 til i dag, følgjer her opp: Korleis kan fakta og historisk kunnskap opplysa handteringa av aktuelle samfunnsutfordringar.
Det er inga overdriving å seia at Jostein Gripsrud i sine roller som formidlar, sakkunnig og public intellectual, gjennom kunnskapsrik og faktabasert resonnering og stadige intervensjonar i debattar om sentrale samfunnsspørsmål, har skapt eit sterkare medvit om kva som gjeld som standard for opplyst samtale i demokratiske samfunn av vår type. Eit særs viktig bidrag i så måte var hans mangeårige virke som spaltist i Dagens Næringsliv.
Dei som møter og interagerer med Jostein Gripsrud på eitt av hans føretrukne medium siste ti-året, «fjesboka» (hans uttrykk), vil ha opplevd dette. Der er han personleg og prinsipiell, nær og analytisk – alle som følgjer han lærer noko, får noko å tenkja på, noko å diskutera.
Det er i samtale og strid, i dialog med mannen, at ein opplever at bildet av forskaren, prosjektmakaren og nettverksbyggaren Jostein Gripsrud er uløyseleg knytt til personen Jostein – til entertainaren, imitatoren og humoristen, til den kunnskapsrike med romsleg skråblikk.
Ikkje minst vil hans mange vener i inn- og utland ha minner om den sjenerøse verten og kokkekunstene hans. Blandinga av ven- og vitskap har vore inspirerande og produktiv, og Josteins faglege sjenerøsitet og overskot har ikkje minst synt seg i evna til å sjå unge talent, til å gje dei oppgåver og trekkja dei med i forskingsprosjekt. Det har verkeleg grodd rundt mannen.
Vi gratulerer med dagen!
Kollegaer ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Nyeste artikler
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Norge publiserer tredje mest i forhold til folketallet
Stort tematisk mangfold i romjulsfilmene
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
To studenter er Årets navn i akademia