Debatt ● Lars Nyre

Hjelp! Korleis kan vi bli innovative?

Forventninga om nytte kjem ikkje til å forsvinna. Samfunnet kjem til å bli stadig meir bestemt på at akademia må bidra med nytteverdi. Vi kan ikkje lenger ignorere denne forventninga.

Verdiskaping er ein skjør prosess, og ingen kan garantera på førehand at dei vil lukkast, skriv forfattaren. — Universitetet kan difor aldri bli pålagt å skapa verdi, vi kan berre bli pålagt å forsøka.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I våre dagar skal universitetet bidra med innovasjon, seier samfunnet rundt oss. Dei fleste vitskapleg tilsette synest denne forventinga er plagsam, og vi stikk hovudet i sanden og håpar problemet skal forsvinna.

Men forventninga om nytte kjem ikkje til å forsvinna. Universitetet har eit enormt potensial for innovasjon gjennom all den kunnskapen vi produserer og alle dei unge menneska vi sender ut i arbeidslivet. Samfunnet kjem til å bli stadig meir bestemt på at vi må bidra med nytteverdi.

Vitskaplege tilsette faglærarar kan ikkje lenger ignorera denne forventninga. Vi kan ikkje overlata til leiarane våre å snakka om innovasjon, mens vi fortset som før.

Vi kan heller ikkje la det vera opp til administrasjonen å driva med innovasjonstiltak på våre vegne. Vi må supplera vår gode forsking og undervisning med like god innovasjon, og den må komma ut av våre ekspertområde.

Her kjem eg med eit innspel til korleis dette kan gjerast.

Eg vil fyrst supplera ordet innovasjon med ordet verdiskaping. Verdiskaping passar betre fordi det ikkje har den same kommersielle undertonen som innovasjon, og ikkje signaliserer at vi er underlagt næringslivets profittbehov.

Vi er ikkje underlagt nokon, og vi kan bidra til verdiskaping slik vi sjølve vil. Den kan skje i humanistiske fag, juridiske fag, samfunnsfag og psykologi. Den kan bidra til betre kommunikasjon med svake grupper i samfunnet, gjera bruken av kunstig intelligens meir meiningsfull i skuleverket, og hjelpa næringslivet til å utnytta naturressursane på ein meir berekraftig måte.

Men verdiskaping er ein skjør prosess med mange usikre faktorar, og ingen kan garantera på førehand at dei vil lukkast. Universitetet kan difor aldri bli pålagt å skapa verdi, vi kan berre bli pålagt å forsøka.

Universitetet kan difor aldri bli pålagt å skapa verdi, vi kan berre bli pålagt å forsøka.

Lars Nyre

Verdi kan nemleg ikkje oppstå utan at nokon fyrst kjem med eit forslag. Utan verdiforslag blir det ikkje verdi, og desse forslaga kan vera meir eller mindre realistiske, og meir eller mindre teknisk velutvikla. Ja, forslaget kan vera noko så enkelt som ei teikning på ein serviett. 

Sidan eit forslag er så lett å produsera, kan studentar på alle slags fagområde laga hundrevis av verdiforslag i året.

Universitetet sin noverande strategi føreset at interessa for verdiskaping er personleg. Studentar som har ein gründer i magen kan søka om midlar, delta på offentlege arrangement og søka om plass i ein inkubator. Dei kan slå seg saman og starta ei studentbedrift medan dei studerer. 

Dette fungerer kanskje i Amerika, men ikkje i Noreg. Det går ikkje lenger an for universitetet å gjera verdiskaping til eit personleg spørsmål.

Dette er ein ferdigheit som kan lærast slik det meste andre her i livet, og universitetet med all sin kunnskap må omstilla seg slik at vi kan læra den bort på vår måte. 

Vi kan som sagt ikkje bli pålagt å levera innovasjon til samfunnet, men vi kan pålegga oss sjølve å levera passande innovasjonsmetodar til studentane våre.

Det finst no ei lærebok i innovasjonsmetodar som er gratis tilgjengeleg for alle. «Håndbok i innovasjon for studenter» er utvikla av faglærarar, bransjefolk og studentar i det pedagogiske tiltaket «TekLab» (2021—2024) finansiert av HK-dir. Her har vi samla det vi meiner er dei viktigaste metodane for verdiskaping i høgare utdanning.

Dei som underviser i innovasjonsmetodar treng ikkje å vera ekspertar på det fagområdet der metodane blir brukte. Det er tilstrekkeleg at dei har god kommunikasjon med faglærarane, og i beste fall får dei til å bidra med rettleiing og vurdering av verdiforslaga. 

Eg har sjølv nyleg undervist i innovasjonsmetodar for ph.d.-studentar på geovitskap i samarbeid med professorar i faget. Det viste seg at studentane kunne laga interessante verdiforslag basert på deira ekspertkunnskap utan at eg som faglærar delte denne kunnskapen.

Tenk om alle studentar fekk opplæring i å laga verdiforslag, både på bachelor, master og ph.d.-nivå. Då ville universitetet etter kvart kunna bidra med langt fleire verdiforslag enn det som er tilfellet no.

Dei unge menneska vi underviser har mindre historikk i akademia, andre erfaringar og i mange tilfelle eit ope sinn for kva som kan vera verd å utvikla. Deira verdiforslag vil vera annleis enn våre, og ofte vil dei vera betre.

Verdi kan berre skapast ved å kasta såkornet vide omkring, slik det står i Bibelen. Nokon av korna fell på steingrunn og visnar bort, men nokon fell i god jord og gir hundrefold igjen i verdi. Universitetet kan berre skapa verdi for samfunnet viss vi sår kimen til gode forslag på brei front hjå studentane våre over lang tid.

Powered by Labrador CMS