Debatt ● Alexander Myklebust

Nokre merknadar om innovasjonsideologien

Atle Møen går i rette med innovasjonsideologien i Khrono. Men passar Møen sitt ideologikart med terrenget?

I dag er det i stor grad målretta samfunnsoppdrag som gjeld i innovasjonspolitikken, skriv kronikkforfattaren. Her legg tidlegare forsking- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe fram Langtidsmeldinga, kor dei to første norske samfunnsoppdraga er beskrive.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Atle Møen går i rette med innovasjonsideologien, som ifølgje han gjer all vitskapleg kunnskap til ei produktivkraft, som kan «skapa ei stadig teknologisk utvikling og økonomisk vekst, ofte med høge økologiske kostnader, og press mot den demokratiske rådslaginga og auke i den sosiale ulikskapen».

Men sluttar dei pengeløyvande organa seg opp om ideologien Møen skildrar? Dagens innovasjonspolitikk i EU og Noreg vurderer ikkje innovasjon berre ut frå reint økonomiske mål. Innovasjonspolitikken vert også grunngjeven ut frå verknadane innovasjonane har på samfunnet. Dei europeiske og norske forskingsråda har løyva pengar til samfunnsforskarar og humanistar som skulle sikre ansvarleg forsking og innovasjon, mellom anna ved å leggje til rette for refleksjon, og å inkludere grupper som kan verte påverka av innovasjonen.

I dag er det i stor grad målretta samfunnsoppdrag som gjeld i innovasjonspolitikken. Staten skal peike ut ei retning for innovasjon, og med det sørge for at privat og offentleg sektor samarbeider for å løyse vår tids store utfordringar. Med samfunnsoppdraga skal innovasjonen i teorien styrast nedanfrå og opp, i tråd med felles verdiar og mål.

Møen nemner Immanuel Kant sine filosofiske drøftingar om vitskap og sanning på eine sida og religion og moral på hi. Her er Møen inn på eit godt spor, men følgjer det ikkje heilt til mål. Kant skildra tre praktiske imperativ: det tekniske har å gjere med dugleiken til å løyse ulike oppgåver; det pragmatiske med klokskapen til å velje middel for eiga lykke og velferd; og det moralske med fri åtferd og å følgje moralske påbod.

Kunnskapssynet Møen står for er pragmatisk, og er ikkje veldig ulikt det vi finn i dagens innovasjonsideologi, som krinsar omkring samfunnsoppdrag.

Alexander Myklebust

Kunnskapssynet Møen står for er pragmatisk, og er ikkje veldig ulikt det vi finn i dagens innovasjonsideologi, som krinsar omkring samfunnsoppdrag. Kunnskapen skal rette seg mot nyskaping, inkludere brei meiningsdanning, og finne kloke løysingar på felles utfordringar. Faren med å blande saman moralsk og pragmatisk rasjonalitet er at rasjonaliteten fort kan slå over i å verte teknisk og toppstyrt; altså at samfunnsborgarane vert til middel for å oppnå målet om deira eiga lykke og velferd.

Møen meiner at kreativ og nyskapande kunnskap må mobiliserast for å finne ut korleis vi kan leve med mindre energibruk. Det er sikkert og visst eit viktig samfunnsspørsmål. Men det er samstundes eit teknisk-pragmatisk spørsmål. Om vi ikkje skal verte heilt styrte av den rådande tekniske og pragmatiske innovasjonsideologien, må vi hegne om ikkje-kreativ samfunnsforsking som kan setje ord på og drøfte normene som ligg til grunn for innovasjonspolitikken; til dømes den pragmatiske norma om at kunnskap skal vere nyskapande, kreativ og løysingsorientert.

Powered by Labrador CMS