Debatt ● Atle Møen
Eit forsøk på å forstå den einauga fornuft
Det finst ein overhengande fare for den vitskaplege fornufta, nemleg den ideologiske førestillinga om «innovasjon».
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det finst ein overhengande fare for den vitskaplege fornufta, nemleg den ideologiske førestillinga om «innovasjon». Dette fører til eit einauga blikk på ideen om korleis ein skal forstå vitskapleg framsteg, der all vitskapleg kunnskap vert omdanna til ei «produktivkraft». Dette kan forbetra den effektive administrasjonen av samfunnet og skapa ei stadig teknologisk utvikling og økonomisk vekst, ofte med høge økologiske kostnader, og press mot den demokratiske rådslaginga og auke i den sosiale ulikskapen.
Denne innovasjonskrafta er ei allmenn ånd som går gjennom økonomien, politikken, kulturen og vitskapen. Alt kan skrivast på den same formelen, og slik vert økonomisk vekst og vitskapleg innovasjon nesten identiske fenomen. Samfunnet i stort kan verta omforma til eit komplekst system som masseproduserer innovasjonar. Dette er i dagens samfunn den dominerande ideologien, mellom anna gjennom å kolonisera andre omgrep om nyskaping, framsteg, fornuft, frigjering og utvikling.
«Innovasjon» er i dagens samfunn den dominerande ideologien, mellom anna gjennom å kolonisera andre omgrep om nyskaping, framsteg, fornuft, frigjering og utvikling.
Atle Møen
Det har oppstått ein smal innovasjonsflaskehals som all kunnskap må passera for å oppnå finansiering og bli relevant og nyttig for samfunnet. Og det kan synast som om universiteta og forskingsrådet også har inkorporert denne ideologien og drapert seg med denne innovasjonskappa. Denne innovasjonsideologien har delvis kolonisert og demontert andre prinsipp for å vurdere kvalitet, fornying, utvikling, nyskaping, kreativitet og framsteg:
Innanfor kunsten var det lenge eit sjølvstendig prinsipp for nyskaping og framsteg knytt til modernismen, noko som medførte eksperimentering og utvikling av nye formspråk, relativt uavhengig av kommersielle interesser og smaken til eit kunstelskande publikum. Men gjennom å bruka eit omgrep frå Adorno og Horkheimer (1944), så vart det meste av kunsten og kulturen etter kvart skapt innanfor ein «Kulturindustri», der ideologien om innovasjon har avløyst prinsippet om stadig nye former og stilartar innanfor modernismen.
I det siste året har vi også sett konturane av ei drastisk kulturell endring gjennom utvikling av kunstig intelligens som det endelege fullbyrdinga av produksjonsprinsippa innanfor kulturindustrien. Denne kunstige intelligensen vil som mest truleg verta minst like effektiv som den organiserte vitskapen med tanke på å produsera ein viss type innovasjonar.
Det er i dagens samfunn ikkje berre kultur og kunst som vert produserte utifrå den teknologiske logikk innanfor kulturindustrien, no er sjølve tankekrafta blitt omdanna til ein masseproduksjon av tankeinnovasjonar. Enno veit vi ikkje heilt konsekvensane av dette, men vi kan ana at følgene vert drastiske, og kanskje like omfattande som følgene av den industrielle revolusjonen.
Men dette kan også opna opp for eit alternativt prinsipp for kreativitet og nyskaping, som også finst som eit kulturelt reservoar og kreative tankeprosjekt. Vi kan aldri setja ein stoggar for den kunstige intelligensen, så mykje har vi lært av historia; knusing av maskiner eller «luddisme» er fåfengde og desperate forsøk på å stogga ei teknologisk utvikling.
Vi står framføre ei historisk skiljeline som mest truleg vert like avgjerande som det som skjedde når det moderne vitskaplege verdsbiletet utfordra religionen og kyrkja sine autoritetar.
Atle Møen
Vi står framføre ei historisk skiljeline som mest truleg vert like avgjerande som det som skjedde når det moderne vitskaplege verdsbiletet utfordra religionen og kyrkja sine autoritetar. Den tyske filosofen Immanuel Kant oppløyste denne motsetnaden mellom vitskap og religion gjennom å laga ei demarkasjonslinje mellom sanning og tru.
Spørsmålet om sanning er grunnleggjande forskjellig frå spørsmålet om tru, men for protestanten Immanuel Kant var begge spørsmåla like viktige, noko som i meir generell meining også er å skilje mellom fakta og determinisme, på den eine sida, og verdiar og moralsk fridom, på hi sida.
Han formulerte dette gjennom utsegna om å gjera sanninga i vitskapen uavhengig av trua, samstundes som han opna eit sjølvstendig område for tru og autonomi med tanke på verdiar og moralske handlingar: «Das Wissen aufheben, um zu Glauben Platz zu bekommen».
Innanfor dagens samfunnsvitskap og mest truleg også annan vitskap, er det om og gjera å skapa ei tilsvarande demarkasjonslinje mellom nyskaping styrt etter prinsippet om innovasjon og alternative prinsipp for sanning, nyskaping og kreativitet, som finst i den demokratiske rådslaginga, den kritiske meiningsutviklinga innanfor den offentlege sfære og tematiseringar av problem som finst innanfor dei sosiale rørslene innanfor livsverda.
Innovasjon bør reserverast til samfunnet som system og dette er også ein kunnskapsproduksjon som i prinsippet kan søka støtte i kunstig intelligens, i alle fall i nær framtid. Dette er også vitskap som produktivkraft, noko som også kan skapa teknologisk utvikling, effektiv administrasjon og økonomisk vekst og handtera tekniske problem.
Denne avgrensinga av innovasjonsprinsippet til særskilde former for kunnskapsproduksjon opnar samtidig opp for alternative prinsipp for nyskaping og kreativitet. Dette er også ein type nyskapande kunnskap som i mindre grad kan gjera bruk av kunstig intelligens og algoritme-funksjonar. Dette er for det første rein vitskap som rett og slett skal skapa ny kunnskap og kasta sitt ljos over til no ukjente fenomen.
Innovasjon bør reserverast til samfunnet som system.
Atle Møen
Det er for det andre den form for nyskaping som finst i den offentlege bruk av fornufta, til dømes kritiske diskusjonar innanfor ulike offentlege sfærar eller den offentlege livsverda, og den nyskapande demokratiske rådslaginga eller den kollektive fridommen som vert utløyst kvar gong vi «talar og handlar i lag», for å bruke ein formel frå Hannah Arendt.
Denne kreative krafta må også mobiliserast med tanke på å skapa sosial og økologisk berekraft. Det finst neppe teknologiske innovasjonar som kan løysa den økologiske krisa. Vi treng heller å gjera bruk av den kollektive fridommen og den kreative fantasien som finst innan mangfaldet av offentlege sfærar, slik at vi kan finna opp nye måtar å leva på som krev mindre energi og tek meir omsyn til naturen. Dette er mest truleg den einaste måten å hindra at den teknologiske hybris slår over i nemesis frå den overlasta naturen.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut