medisinutdanning

Harde frontar i sak om legeutdanning i vest

Helse Vest ber dei to universiteteta på Vestlandet om å samarbeida om medisinutdanning. Universitetet i Stavanger vil ikkje vera med, seier Universitetet i Bergen. Dei vil berre ha oss som underleverandør, er svaret.

Universitetet i Bergen har medisinutdanning, Universitetet i Stavanger ønskjer seg medisinutdanning. Frontane mellom dei to universiteta er ganske steile i denne saka.

«Mens vi ventet på svar fra UiB, kom i stedet et innlegg i Khrono signert UiBs rektor tre uker senere, hvor hovedbudskapet var at UiS ikke bør få gradsrett i medisin. Dermed var den bilaterale kontakten avsluttet, og debatten var løftet til det offentlige rom».

Dette skriv leiinga ved Universitetet i Stavanger (UiS) i eit notat frå i vår. Notatet er skrive etter at Universitetet i Bergen (UiB) sendte eit notat til Helse Vest der dei skildra si oppleving av saka om medisinutdanning i vest.

Som Khrono har skrive, er usemja mellom dei to universiteta stor i spørsmålet om medisinutdanning. Denne vinteren og våren, med spørsmål om endring av gradsforskrifta, har saka igjen kome på dagsorden. I same periode, heilt frå i fjor haust, har det vore fleire møte mellom dei to universiteta, og òg møte med Helse Vest. Dette viser fleire dokument Khrono har fått innsyn i.

Det er eit «men»

»I eit brev frå mars i år, skriv Helse Vest at dei går inn for éi medisinutdanning på Vestlandet, og viser til styrevedtaket sitt frå 2019. I tillegg skriv helseføretaket følgjande: «Det er sjølvsagt rom for å vera ueinige, men no er tida inne for å finne saman. Det er ein føresetnad for at vi skal utøve det samfunnsansvaret vi har, at vi finn dei gode løysingane i fellesskap».

Men dei andre dokumenta viser at det ikkje er semje.

«Fra UiBs side må vi erkjenne og beklage at så lenge UiS sin primære strategi er egne studieplasser og egen gradsrettighet, så er det ikke mulig å finne et felles grunnlag for deltakelse fra UiS i den videre planleggingen av Vestlandslegen», skriv UiB i sitt oppsummerande notat.

Vestlandslegen er UiB sitt prosjekt, der medisinstudentane skal gjennomføra deler av utdanningsløpet andre stader på Vestlandet. Dei første studentane er tekne opp og skal til nettopp Stavanger, seinare står Haugesund og Førde for tur - dersom UiB får fleire studieplassar til medisin.

Medisindekan Per Bakke ved UiB fortel at planen er at frå 2026 skal UiB ha Vestlandslegen som einaste studieprogram i medisin - igjen dersom styresmaktene gir UiB fleire studieplassar. Men:

— Me har sagt heile tida at me vil ha UiS med. Men me har oppfatta at dei ikkje vil vera med dersom dei ikkje er likeverdige partnarar. Me har sagt at dei kan ha ansvar for deler av undervisninga, og me vil gjerne ha samarbeid om både forsking og undervisning, seier Bakke.

— Me tolkar det Helse Vest skriv om éi medisinutdanning på Vestlandet som støtte til oss, seier han vidare, og viser til Agder, der Universitetet i Oslo no skal inn med deler av si medisinutdanning.

— Me er i dialog med Høgskulen på Vestlandet om å koma inn på deira campus både i Førde og i Haugesund, seier Bakke.

UiS: Overraska

Styret i Helse Stavanger har sagt ja til å vera med på vestlandslegeprosjektet. Dei har òg sagt at UiS sin plan om å få i gang første del av ei medisinutdanning frå hausten 2021, er for knapp for dei.

UiS ønskjer å henta utanlandske studentar heim til dei siste åra av medisinutdanninga, som eit steg ein i arbeidet med å få full gradsrett sjølve. Rektor Klaus Mohn skriv i ein epost til Khrono at studieprogrammet har vore fagfellevurdert og fått gode attendemeldingar, pengar er på plass, men at så lenge styresmaktene ikkje har gjort noko med tildeling av studieplassar, er det lite UiS førebels kan gjera.

I notatet til Helse Vest skriv UiS at det var fleire samtalar mellom dåverande UiB-rektor Dag Rune Olsen og UiS-rektor Klaus Mohn. Dei to skreiv mellom anna ein felles kronikk om medisinutdanning.

— Me vart difor overraska då me i august 2020 kunne lesa på UiB sine nettsider at UiB allereie i mars hadde sett ned ei arbeidsgruppe for Vestlandslegen som skulle arbeida med utforminga av studieprogrammet for dei tre åra i Stavangar, utan å informera UiS eller invitera verken oss eller kommunehelsetenesta i Stavanger-regionen inn i arbeidet med utviklinga av studieprogrammet, heiter det deretter.

UiS-leiinga skriv at det var møte mellom dei to universiteta i desember 2020, og at ein skulle treffast igjen i slutten av januar 2021. I mellomtida hadde UiB skifta rektor.

— Sjølv om tonen i dette møtet var betre, måtte UiS dessverre konstatera at avstanden var stor, og at UiB ikkje hadde noko å tilby utover ei rolle som underleverandør til Vestlandslegen, heiter det.

Deretter kom altså kronikken i Khrono.

UiS-rektor Klaus Mohn og dåverande UiB-rektor Dag Rune Olsen i samtale. Desse to samtala òg om medisinutdanning. Vilje til konstruktiv dialog, er dommen frå Mohn.

Mohn: Må vera balansert

— Det er ein føresetnad at samarbeidet er balansert, seier Klaus Mohn til Khrono.

Han seier at det var tilløp til samtale mellom universiteta då Dag Rune Olsen var rektor.

— Etter alt å døma var ein eit godt stykke unna ein avtale. Men det var vilje til konstruktiv dialog.

— Kva var det som endra seg då Margareth Hagen overtok som rektor?

— Med ein ny rektor i stolen rykka samtalane attende til start. Med den nye rektoren på plass vart leiinga ved Det medisinske fakultet òg trekt med i samtalane, og der var posisjonen låst. Alt dei hadde å by på for UiS var ei rolle som underleverandør til UiB sitt opplegg for Vestlandslegen. Dette er ikkje veldig interessant for UiS, seier Mohn.

— UiB skriv i sitt notat at dei har sagt at det kan gå fram av vitnemålet kva deler av utdanninga studentane har teke ved UiS, og at dykkar logo òg kan vera med. Kvifor vil de ikkje ha ei slik løysing?

— For oss vil ei slik løysing legga band på det strategiske potensialet knytt til medisinstudium ved UiS, og avgrensa vår tilgang til ressursar og innverknad. Helse står sentralt i UiS sin nye strategi. Ambisjonen vår er difor ikkje mindre enn ei sentral rolle i etablering, utvikling og drift av eit studietilbod i medisin ved UiS, med studieplassar, økonomiske ressursar, forsking, kompetanseutvikling, og tett samarbeid med sjukehus, kommunane og næringslivet, skriv Mohn i eposten.

— Styresmaktene har endå ikkje tatt stilling til eit medisinstudium ved UiS. Slik me ser det, er gradsrett og studieplassar til begge partar ein føresetnad for eit balansert samarbeid med ein annan institusjon, seier han vidare.

Hagen: Forhandlar ikkje i avisa

— Korrekt, seier UiB-rektor Margareth Hagen om samarbeidsklimaet med UiS.

Hagen har svara skriftleg på Khrono sine spørsmål.

— UiS har som hovudmål å få gradsrett. Det vert ikkje støtta av UiB og heller ikkje av dei andre BOTT-universiteta. Dette er svært dyre utdanningar og fagmiljø, og det er ikkje pengar til både Vestlandslegen og eit nytt medisinsk fakultet ved UiS.

— Kor langt kan og vil UiB gå for å få UiS med i vestlandslegeprosjektet?

— Eg ønskjer ikkje å forhandla i avisspaltane. Så langt har UiB meldt seg villig til å gi UiS deler av undervisninga i Vestlandslegen, men me har heile tida sagt at medisinstudentane skal verta utdanna ved UiB, seier Hagen, og viser, som Bakke, til samarbeidet Universitetet i Oslo har med Universitetet i Agder.

— Kvifor skreiv du kronikken som UiS viser til i sitt notat til Helse Vest?

— UiB opplevde at UiS og stavangerpolitikarane var svært aktive for å fremja eit medisinsk fakultet ved UiS. Kronikken vart skriven for å gjera klart UiB sitt syn i denne saka òg medan ein venta på regjeringa si avgjerdsle i saka om gradsforskrift.

Hagen seier at det ikkje har skjedd noka endring i UiB sitt syn etter ho overtok som rektor, og at det er sjølvsagt for henne at Det medisinske fakultetet er med på møte med UiS.

— Dag Rune Olsen hadde òg tett dialog med Det medisinske fakultetet i denne saka.

Det var viktig å få fram UiB sitt syn, seier UiB-rektor Margareth Hagen.
Powered by Labrador CMS