medisin

Dei første medisin-studentane frå Bergen er klare for Stavanger

20 av medisinstudentane som i desse dagar takkar ja til studieplass ved Universitetet i Bergen skal ta dei siste åra i Stavanger.

Ifølgje dekan Per Bakke er målet med prosjektet å skaffa legar til heile Vestlandet.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I sommar har den såkalla «vestlandslegen» vorte debattert, både i Stavanger Aftenblad og i Khrono. Det skjedde etter at Universitetet i Bergen (UiB) og Stavanger universitetssjukehus (SUS) heilt i slutten av juni skreiv under på ein intensjonsavtale. Det var viktig for UiB at denne kom på plass før opptaket i Samordna opptak, slik at ein kan koma i gang og senda dei første studentane til Stavanger i 2024. Studentane må signera på at dei ønskjer å reisa til Stavanger den siste halvdelen av studiet.

Ønskjer samarbeid

I intensjonsavtalen heiter det at partane er samde om å planlegga og koordinera prosjektet, og å legga til rette for at Helse Stavanger HF skal vera vert for studentane. UiB skal på si side bygga opp eit breitt fagmiljø ved universitetssjukehuset.

— Dei som vert tekne opp til medisinstudiet no, er dei første som skal gå dei tre siste åra i Stavanger. Me er òg interessert i samarbeid med Universitetet i Stavanger, og held på å planlegga studiet no, seier medisindekan Per Bakke ved UiB.

— Vil mange nok studentar til Stavanger?

— Det har eg ikkje tal på her, seier Bakke, som er på ferie.

— Men eg vil tru at det ikkje er eit stort problem.

Førde og Haugesund

Men Universitetet i Stavanger (UiS) vil ha sitt eige medisinfakultet. UiS har òg lansert ein modell der dei tilbyr norske studentar som tek medisinutdanning i utlandet å ta dei siste åra i Stavanger. UiS fekk ikkje studieplassar då Kunnskapsdepartementet ga kvar av dei fire eksisterande medisinfakulteta 20 ekstra studieplassar i vår. Det er desse plassane UiB ønskjer å bruka til vestlandslegen.

— Dette er starten på vestlandslege-prosjektet. Dersom me får fleire studieplassar vil me etterkvart legga desse til Førde og Haugesund, samt fleire til Stavanger, seier Bakke.

Han seier at dei som skal undervisa i første omgang i Stavanger er tilsette ved SUS som òg har ei stilling ved UiB.

— Me vil òg tilsetja fleire i delte stillingar mellom sjukehuset og UiB, seier Bakke.

I dag har Universitetet i Trømsø – Norges arktiske universitet ei liknande løysing der medisinstudentar kan ta deler av utdanninga si anten i Finnmark eller i Bodø. Omlag ein tredel av studentane tek dei to siste studieåra sine andre stader enn i Tromsø.

Omstilling

Då Grimstad-utvalet kom med sin rapport i vinter, føreslo dei 440 nye studieplassar i medisin i Noreg – men ingen til UiS.

Rektor Klaus Mohn var naturleg nok skuffa. Han har tidlegare sagt til Khrono at ein nykommar, som kan vera eit friskt pust, vil kunne heva kvaliteten ved medisinutdanningane ved alle institusjonane i Noreg. Men midt i juni sa styret i Helse Stavanger ja til at SUS kunne inngå ein intensjonsavtale med UiB.

— Fordelinga av studieplassar er noko som dempar moglegheitene for oss til å utvikla eit alternativ, og eit supplerande tilbod til dei medisinske tilboda som allereie finst. Vedtaket frå Helse Stavanger trekkjer nok litt i same retning, sa Mohn til Khrono i juni.

I sommar har debatten handla om om medisinutdanning i Stavanger bør plasserast ved UiS eller ikkje. Eit av dei siste innlegga står i Aftenposten, der tilsette og studentar ved UiS argumenterer for at det trengs eit femte medisinsk fakultet i Noreg. I eit innlegg i Khrono skriv nokre av dei same at desentraliserte studiemodellar ikkje vil vera til beste for studentane.

Christian Wedler er tidlegare kommunalråd i Stavanger. Han kritiserer i eit debattinnlegg SUS for det vedtaket dei har fatta, og peikar på at oljeregionen treng omstilling.

«I min tid som kommunalråd var omstillingsarbeidet, og særlig tilretteleggingen av helse og helsenæringen i vår region, det største fellesprosjektet. Jeg har ikke tall på hvor mange små og store saker som er produsert i regionens kommuner og fylkeskommunen som bygger opp under helse om et av regionens aller viktigste nye bein å stå på», skriv Wedler, og vidare:

«Da det var SUS sin tur til å arbeide videre på regionens aller viktigste fellesprosjekt, som det nye sykehuset inngår i, valgte SUS heller å arbeide for seg selv. Da SUS kunne følge opp legeutdanning i samarbeid med UiS, valgte sykehuset heller Universitetet i Bergen».

Powered by Labrador CMS