språk
Gir tommel opp for «Kunnskapsbyen i Oslo»
Språkrådet var ikkje særleg nøgd med namnet Oslo Science City. Men no har det som vert kalla Noregs første innovasjonsdistrikt fått eit norsk namn.

Frå Majorstua, via Marienlyst og Blindern til Gaustad, Ullevål stadion og Radiumhospitalet. Det er området dei 16 medlemmane, mellom anna Universitetet i Oslo, Oslo kommune og Forskningsparken i Oslo, fram til no har kalla Oslo Science City — Noregs første innovasjonsdistrikt.
Åse Wetås, direktør i Språkrådet, har vore alt anna enn nøgd med namnet. Under Språkdagen i fjor haust sa ho at Språkrådet bad Oslo kommune om å oppretta ei formell namnesak, fordi ein kunne sjå på innovasjonsdistriktet som eit geografisk område. Då dette ikkje førte fram, sende Wetås brev til byrådsleiar Raymond Johansen.
Men no skriv Uniforum at området har fått eit norsk namn.
— Kunnskap er gullet
Kunnskapsbyen i Oslo skal barnet heita.
— Eg trur det er eit namn som alle vil synast er fint. For det er jo kunnskap som er sjøle gullet vårt, og som er heile substansen i alt me gjer. Eg trur det vil fungera godt, seier administrerande direktør Cathrine Wergeland Sørbye til Uniforum.
Og Språkrådet er nøgd, seier Wetås. Ho har tidlegare vist til at sjølv om Kunnskapsbyen i Oslo definerer seg som ei medlemsforeining, har det vore store, offentlege aktørar med. Då må ein følgja Språklova, har Wetås sagt.
Har gitt fagleg vurdering
— Det er eit veldig godt norsk namn, seier Wetås no til Uniforum, og fortel at Språkrådet har vore inne og gitt ei fagleg vurdering av det nye namnet.
No håpar ho at det nye namnet vert godt kjent.
— Eg er opptatt at dette blir bruksnamnet i all norsk samanheng, både i dokument på norskspråklege nettsider og i sosiale media.
Nyeste artikler
Professor møter rektor i retten. Forlanger erstatning frå NHH etter varslingssak
Valgkamp i Ås om parkering, oppsigelser og ledermodell
Fem år siden Norge stengte ned. Hvordan har akademia endret seg?
Elon Musk blir ikke kastet ut av vitenskapsakademi
Udokumenterte påstander om utviklingen innen vitenskapelig publisering
Mest lest
Student brukte KI og fikk tidenes strengeste fuskestraff
Sjefene som tjener over en halv million på ekstrajobber. — Flott og sunt
Elon Musk blir ikke kastet ut av vitenskapsakademi
Åpner for lønnet praksis og avvikling av masterkrav i lærerutdanningen
Kritisk til historisk stort rektorteam: — Et sjuhodet troll