oslo science city

Dei er tolv i styret. Ho er einaste kvinne

I styret til prestisjeprosjektet Oslo Science City er det elleve menn og ei kvinne. Ein må jobba langsiktig for å få inn fleire kvinner i toppleiarstillingar, ein kan ikkje venta til ei stilling er ledig, seier kvinna - Alexandra Bech Gjørv frå Sintef.

Så det er positivt om det er større mangfald enn i styret i Oslo Science City, seier Sintef-topp Alexandra Bech Gjørv.

Publisert Oppdatert

Oslo Science City er det første innovasjonsdistriktet i Noreg, skriv dei om seg sjølve. Tolv partnarar, mellom anna Universitetet i Oslo, Forskingsparken, Oslo kommune og Helse Sør-Aust, står bak prosjektet, som i tørre tal skal verta 1,4 millionar kvadratmeter med kontor, næringsareal, bustader, offentlege bygg og opparbeidde uteareal.

Fakta

Styret i Oslo Science City

  • Svein Stølen/UiO (leder)
  • Jónas Einarsson/Radforsk,
  • Lars Andresen/NGI,
  • Bjørn Erik Reinseth Forskningsparken/Oslotech,
  • Andreas B. Eskelund/SiO
  • Bjørn Atle Bjørnbeth/OUS
  • Åmund Lunde/Oslo pensjonsforsikring
  • Jan Fredrik Lockert/Oslo kommune
  • Alexandra Bech Gjørv/Sintef
  • Terje Rootwelt/Helse Sør-Øst,
  • Ole-Wilhelm Meyer /Opplysningsvesenets fond
  • Johan H. Andresen/Ferd
  • Kilde: Oslo Science City

68 000 arbeidsplassar skal det vera i området om ein ser fram mot 2045.

Leiarane frå dei tolv partnarane utgjer til saman eit styre, med Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO) som styreleiar. Han er langt frå den einaste mannen i dette styret: Medan både UiO, helseføretaket og fleire av dei andre partnarane har krav til kjønnssamansetjing i sine respektive styre, er det ikkje slik i dette styret.

Vil ha øvste leiar

Det var Uniforum som først skreiv om den skeive kjønnsbalansen. Til avisa skriv Stølen i ein epost at:

– Kjønn spelar ei rolle.

Men: Oslo Science City ønskjer at øvste leiar er personleg involvert, og at det difor er viktig at det er toppleiaren som sit i styret.

— Øvste leiar er ofte ein mann. Me må halda fram med likestillingsarbeidet, seier Stølen.

Talet på kvinner i styret har vorte dårlegare. Då Ferd, Studentsamskipnaden SiO, Oslo Cancer Cluster, Forskingsparken og Oslo pensjonsforsikring gjekk inn som partnarar var tre av elleve i styret kvinner. Seinare har Opplysningsvesenets fond kome til, og både helseføretaket og studentsamskipnaden har bytta leiar - til ein mann.

Fakta

Planlagde prosjekt

  • UiO: Livsvitenskapsbygget
  • NGI: Nytt hovedkvarter
  • OUS: Nye Rikshospitalet
  • SINTEF: Utvidelse
  • UiO: Nytt klinikkbygg for odontologi
  • Forskningsparken: Utvidelse
  • OUS: Nytt klinikkbygg og protonsenter
  • Oslo Cancer Cluster: Utvidelse av innovasjonsparken
  • UiO: Nedre Blindern
  • UiO: Kunnskapsgaten
  • SiO: Nye studentboliger
  • Ferd: Utvikling av NRK-tomten
  • Ruter: Nye Majorstuen stasjon og sporområde

Det betyr at det i dag berre er Sintef-direktør Alexandra Bech Gjørv som er kvinne i styret.

Kronprins Haakon var med på den store presentasjonen hausten 2021.

Langsiktig arbeid

Kjønn spelar ei rolle, slær Gjørv sjølv fast. I ein epost til Khrono skriv ho at kjønn er ein vesentleg dimensjon når det gjeld mangfald.

— Og mangfald er verdifullt i dei fleste samanhengar. Med fleire slag om bord dekkjer ein større perspektiv, får breiare kompetanse ut frå røynsler og interesser og større evne til å forstå ulike interessentar og målgrupper. Så det er positivt om det er større mangfald enn i styret i Oslo Science City.

— Korleis er det å vera einaste kvinne?

— I Oslo Science City-samanehng må eg innrømma at eg ikkje har tenkt spesielt over kvinnedimensjonen av rolla mi- Kanskje er detog fordi me har ein svært dyktig dagleg leiar som òg er kvinne, og pregar miljøet sterkt.

Gjørv seier at ho representerer ein av dei største aktørane, som brukar mest ressursar på samarbeidet, og at ho difor ikkje har noka utfordring med å kjenna på at ho ikkje vert høyrd.

— Men det er allment kjent at det å vera åleine som representant for sitt kjønn kan vera krevjande. Dersom me ønskjer å ta ut verdien av mangfald og bygga ein robust kjønnsbalanse, må me syta føre at det vert fleire kvinnelege toppleiarar.

Gjørv seier som Stølen: Det er viktig at det er toppleiarane som sit saman styret. Men: Ein må jobba for å få inn fleire kvinnelege toppleiarar.

— Korleis kan ein få fleire kvinner inn i toppstillingane?

Ein må ha ambisiøse og realiserbare mål, seier Gjørv. I Sintef er målet om minst 40/60-fordeling på alle leiarnivå.

— Me har lukkast i å få ei jamn fordeling blant instituttleiarane våre, som jo alle er kandidatar til å ta over jobben min ein gong i framtida. Dette er val ein må vera medviten om før ein skal tilsetja i toppstillingar: Ein må syta føre at det finst gode kandidatar av begge kjønn i god tid før høvet byr seg. Det er for seint om ein tek tak i det den dagen ein skal ha på plass ein erstattar, skriv Gjørv, og legg til:

— Kravet er langsiktig jobbing.

Kritikk frå fleire kantar

Oslo Science City har fått kritikk på fleire frontar: Åse Wetås, direktør i Språkrådet, har vore kritisk til namnet.

— Offentlege verksemder jobbar på vegner av alle oss som bur i Noreg. Då forventar me at dei brukar eit språk som gjer at me forstår kva dei held på med, har ho sagt.

Karl Fredrik Tangen, førstelektor ved Høyskolen Kristiania, har tidlegare sagt til Khrono at han meiner UiO kjem for tett på kapitalinteressene når ein er partnar i eit slikt prosjekt.

— Det må vera eit skilje mellom innovasjon — altså nye måtar å gjera ting på — og kommersialisering. Eg synest universitet bør halda ein viss distanse til den delen, sa Tangen i vinter.

I tillegg har fleire forskarar og byplanleggarar vore kritiske til om den nye bydelen kjem til å vera mangfaldig.

— Eg er uroa over at denne delen av byen berre vil verta sementert som eit overklasseområde, og det er ein dimensjon ved prosjektet som har vore underkommunisert, har arkitekt og urbanist Øystein Grønning sagt til Klassekampen.

Ikkje omfatta av Offentleglova

Uniforum har skrive at universitetsstyremedlemmer ved UiO har etterlyst saker om Oslo Science City. Rektor Stølen svara den gong at det er laga ein studie over kva som er mogleg - og ikkje meir enn det.

Men kva som vert drøfta mellom dei tolv partane, er ikkje lett å vita. Uniforum skriv òg at ei ekstern vurdering i tillegg til å konkludera med at ein ikkje treng å følgja reglane for styresamansetjing heller ikkje treng å følgja Offentleglova. Det betyr at verken presse eller andre nødvendigvis vil få innsyn i kva som vert drøfta.

Kor heldig er medlemssak i ei slik foreining for UiO, spør Uniforum.

– Samfunnet forventar at UiO er i godt samspel med resten av samfunnet. Me kan ikkje isolera oss. UiO deltek her i ei medlemsforeining med andre viktige aktører, svarar Stølen.

Sak oppdatert 3.mai kl 10.51 med sitat frå Alexandra Bech Gjørv

Powered by Labrador CMS