språk
Språkrådet meiner Oslo Science City er stadnamn og vil ha formell namnesak
Språkrådet har bede Oslo kommune om å opna formell namnesak om det omstridde namnet Oslo Science City. — Dei som står bak definerer dette som eit stadnamn, seier Språkråd-direktør Åse Wetås.

«Nye forbindelser, nye ideer, ny kunnskap — et helt nytt sted».
Slik marknadsfører det som kallar seg Noregs første innovasjonsdistrikt seg på eigne nettsider. Området skal strekka seg frå Majorstua til Marienlyst, Blindern, Gaustad, Ullevaal og til Radiumhospitalet, og har fått namnet Oslo Science City.
Namnet har fått mykje merksemd, og Språkrådet har vore svært negative til det engelske namnet.
No har dei bede Oslo kommune om å reisa ei formell namnesak. Det sa Språkråd-direktør Åse Wetås på Språkdagen tysdag.
Meiner det er geografisk område
— Offentleg sektor har ei plikt til å ta språklova med inn i nye samanhengar. Her er det store offentlege aktørar som er med, sjølv om Oslo Science City definerer seg som ei medlemsforeining, sa Wetås.
Ho viste til at saman med Hovinbyen og Sentrum er Oslo Science City definert som område der Oslo by skal utviklast.
— Difor meiner me at dette er eit geografisk område.
Når det vert reist ei formell namnesak, skal namneforslaget ut på høyring, og Kartverket skal deretter koma med tilråding om skrivemåte. Deretter er det kommunen som formelt vel namn på og vedtek skrivemåten for namn på tettstader, grender, bydelar og liknande.
I ein kronikk i Aftenposten førre veke skreiv Wetås at saka no har hamna på bordet til byrådsavdeling for kultur, idrett og frivilligheit.
Ja til HVL, nei til OsloMet
— Me ser ofte at leiarar ikkje tek Språklova på alvor. Men ein kan ikkje velja kva lover ein vil følgja, og det er uheldig at ein viser at norske namn ikkje er gode nok, meiner Wetås.
Det var ikkje berre namnet Oslo Science City som fekk kritikk på Språkdagen. I videoen nedanfor kan du sjå kvifor Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende, meiner at Høgskulen på Vestlandet er eit godt namn — medan OsloMet ikkje er det.
Kihl er heller ikkje særleg glad i namnet til det nye havsenteret i Bergen. Det skal heita O, ikkje Akvariet i Bergen som i dag.
— Her er det 100-0, eller kanskje 100-O, til NTNU, sa Kihl.
NTNU: Skeivt ut frå hoppkanten
For måndag kalla NTNU inn til pressekonferanse og fortalde at eit anna omstridd namn, Ocean Space Centre, er bytta ut. Det store prosjektet i Trondheim heiter no Norsk havteknologisenter — eit namn som fekk skryt.
— Me har heile tida sagt at me skulle velja noko anna enn Ocean Space Centre. Men me burde hatt eit høgare refleksjonsnivå rundt at me hadde ein arbeidstittel på engelsk.
Det sa Terje Lohndal, prodekan for forsking og formidling ved Det humanistiske fakultetet ved NTNU, under debatten.
— Me har i alle fall skjerpa oss, om me kom litt skeivt ut frå hoppkanten.
Lovar å henta fram norske namn
Lohndal lova at NTNU skal skjerpa seg på eit punkt til: Å bruka norske namn på senter dei har under sin paraply.
Som Khrono har skrive, er Noregs største universitet òg i toppen når det kjem til engelske namn på forskingssenter. Men sentra har òg norske namn — dei er berre ikkje så mykje i bruk.
— Me har mange senter, og dei har norske namn, men desse namna er bortgøymde. Her har me ein jobb å gjera, sa Lohndal.
Nyeste artikler
Valgkamp i Ås om parkering, oppsigelser og ledermodell
Fem år siden Norge stengte ned. Hvordan har akademia endret seg?
Elon Musk blir ikke kastet ut av vitenskapsakademi
Udokumenterte påstander om utviklingen innen vitenskapelig publisering
Kan KI svekke likestillingskampen?
Mest lest
Student brukte KI og fikk tidenes strengeste fuskestraff
Sjefene som tjener over en halv million på ekstrajobber. — Flott og sunt
Åpner for lønnet praksis og avvikling av masterkrav i lærerutdanningen
Kritisk til historisk stort rektorteam: — Et sjuhodet troll
Det hjelper ikke å pynte seg med dannelse