utsynsmeldinga
Går mot eiga regjering
Det er ikkje sikkert at strukturen i høgare utdanning er det som skal sikra målet om like tilbod i heile landet, seier Arbeiderpartiet sitt universitetslag i Bergen.
— Me er redde for at smått kan verta for smått.
Det seier Peter Hatlebakk, nestleiar i Arbeiderpartiet sitt universitetslag i Bergen. Universitetslaget har no sendt inn merknader til partiet sin fraksjon i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Her skal Utsynsmeldinga drøftast 24. og 25.mai, før det vert debatt i Stortinget veka etter. Som Khrono har skrive legg meldinga opp til både endringar i teljekansystem og finansieringkategoriar for utdanning.
I merknadane frå Bergen heiter det at: «Meldingen legger opp til mer desentral utdanning og kortere studieløp. Vi er bekymret for at for mange læresteder og oppsplittede utdanningsinstitusjoner kan svekke målet om utdanningsløp av høy kvalitet med basis i etablerte forskningsmiljø. Og videre: Desentrale utdanninger kan føre til A- og B-kandidater».
Vil ha store nok fagmiljø
– Uansett sosial eller kulturell bakgrunn, uansett kor i landet du bur, uansett økonomiske føresetnader – alle skal ha moglegheit til å utvikla seg, verta utfordra og verta kvalifisert, sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe då han presenterte Utsynsmeldinga i mars.
Arbeiderpartiet sitt universitetslag er opptekne av store nok og gode nok fagmiljø, seier Hatlebakk.
— Slike miljø er det ikkje gjort i ei handvending å skapa. At me klarar å ta vare på den internasjonale orienteringa er òg veldig viktig, seier han.
— Lise Selnes, som sit i forskings- og utdannignskomiteen for Ap, har peika på like tilbod til heile landet. Er det usamde i dette?
— Det er ikkje gitt at det er strukturen i høgare utdanning som skal ta sikra målet om like tilbod i heile landet. Me har aldri hatt bruk for lærarskular på kvart nes, seier Hatlebakk.
Oppteken av humsam-faga
Som Khrono har skrive, peika Universitetet i Bergen på sju punkt i sin uttale til meldinga. Her vart det mellom anna lagt vekt på samfunnsvitskap og humaniora sin plass.
Fleire har uttrykt at dei er uroa over at humsam-faga er plassert i den lågaste finansieringskategorien, og det er òg uro over låge søkjartal til særleg ein del humanistiske fag.
— Humsam-faga er sentrale både for demokratiet og kulturen vår, og gir grunnleggande kultur- og samfunnskunnskap, seier Hatlebakk.
Han meiner det trengst ein tydeleg og fornya humaniorastrategi. Det er no seks år sidan Humaniorameldinga kom. Iføgje meldinga, som vart lagt fram av dåverande forskings-og høgare utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen, skulle ein mellom anna styrka finansieringa av humanistisk forsking, auka rekruttering til små språkfag og styrka humaniorafaga sitt forhold til arbeidslivet.
— Ungdomsgenerasjonen no ser ut til å velja annleis. Det har vorte snakka mykje om kortsiktig yrkesrelevans. Men me treng òg menneske med omstillingsdyktig generalistkompetanse, seier Hatlebakk.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut