— Det må ligge veldig gode grunnar bak for å anbefale dette, seier hovudtillitsvalt Gry Eva Sinkaberg Alterskjær om rektor Anne Borg (bilete) sitt forslag om å skille ut forskargruppa Fate of Nations frå det kriseramma Institutt for historiske studier ved NTNU. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Forskerforbundet reagerer på krisehandteringa ved NTNU

NTNU. Ei oppsplitting av det kriseramma Instituttet for historiske studier ved NTNU vil ikkje vere tilstrekkeleg for å løyse problema, meiner Forskerforbundet. — Det forventar eg at leiinga har klart føre seg, seier hovudtillitsvalt.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det herskar stor uro ved Institutt for historiske studier (IHS) ved NTNU om dagen. Fleire ser med spenning mot styremøtet den 31. oktober. Der skal forslaget til konstituert rektor, Anne Borg, om å skille ut forskargruppa «Fate of Nations» behandlast. I tillegg skal styret vedta om enkeltpersonar skal påleggast ordensstraff eller andre reaksjonar i kjølvatnet av dei mangeårige konfliktene ved instituttet.

FAKTA

Steinnes-saken på NTNU

Ifølge en faktarapport om arbeidsmiljøet ved Institutt for historiske studier ved NTNU har det vært konflikter ved instituttet siden 2013, da man gikk fra valgt til ansatt ledelse ved instituttet.

Konflikten toppet seg i juni 2018 da 12 faglige ansatte reagerte på at deres kollega, og tidligere leder av Forskerforbundet på NTNU, Kristian Steinnes, som hadde varslet ledelsen om arbeidsmiljøproblemene, blir foreslått omplassert til et annet institutt - mot sin vilje.

Begrunnelsen for omplasseringen var blant annet personkonflikt med instituttleder.

De 12 som signerte brevet ba NTNU-ledelsen om å reversere vedtaket, og var bekymret for illegitim maktbruk ved universitetet.

En gruppe på 14 ansatte sendte 9.juli 2018 , brev til NTNUs ledelse der de reagerte på brevet til de 12 første brevskriverne. Og sterkest reagerte de på at saken ble kjent i media.

Ifølge siste rapport om konflikten skal det være 94 personer som er tilknyttet Institutt for historiske studier, men de to grupperingene med ansatte dominerer konfliktene.

5.september 2018 måtte Kristian Steinnes si ja til omplassering mot sin vilje.

Forskerforbundet i Bergen reagerte på omplasseringen og gikk ut og garanterte for 40.000 kroner i advokatstøtte til Steinnes.

26. september 2018 avslo hovedstyret i Forskerforbundet en søknad fra Kristian Steinnes om støtte til ekstern advokat.

1.oktober 2018 startet kolleger kronerulling for Steinnes og han har nå skaffet seg en egen advokat.

18. oktober 2018 trakk instituttleder Tor Einar Fagerland seg fra sin stilling med øyeblikkelig virkning. Bakgrunnen var at en epost han hadde sendt til sin coach og lederkonsulent i april 2018 lekket ut til ansatte og mediene. Her omtalte han flere ansatte, blant andre Steinnes, i negative ordelag.

I slutten av januar 2019 meldte Universitetsavisa at NTNU-ledelsen hadde satt igang en faktaundersøkelse om arbeidsmiljøproblemene ved instituttet.

Bruk av såkalte faktaundersøkelser i arbeidsmiljøkonflikter er omstridt, og Khrono skrev flere saker om dette.

Rapporten fra faktaundersøkelsen ved NTNUs Institutt for historiske studier ble overrakt NTNUs ledelse 12.juni 2019.

13.juni 2019 offentliggjorde NTNU en oppsummering av faktarapporten der det blant annet kom fram at konflikten syntes fastlåst, at NTNU-ledelsen hadde gjort for lite og handlet for sent for å løse konflikten og at medienes dekning av saken, spesielt Khrono og Universitetsavisa, hadde tilspisset konflikten.

En settedekan ved fakultetet skal vurdere og komme med forslag til tiltak til eventuelle organisasjonsendringer ved instituttet.

Fungerende instituttleder, som slutter ved NTNU 1.august for å begynne i ny jobb ved OsloMet, Magne Arve Flaten, skal vurdere hvilke personalmessige konsekvenser som eventuelt skal iverksettes mot enkeltpersoner som følge av saken. Svarfrist var satt til 1.september.

Ansatte som regnes som part i saken, har fått samme frist til å gi kontradiksjon til rapporten og det som omhandler dem selv. Denne delen av rapporten er ikke offentlig

21.juni 2019 offentliggjorde NTNU en del av rapporten fra faktagranskerne om mulige tiltak for å løse konflikten. Ett av forslagene er å legge ned hele instituttet.

2.juli 2019 fikk flere medier delvis innsyn i 222 sider av rapporten på nesten 500 sider. (se omtale i artikkel her). Der kommer det blant annet fram at granskerne mener at NTNUs ledelse har brutt arbeidsmiljøloven ved å ikke overholde sin undersøkelsesplikt.

I løpet av august skulle etter planen forslag til omorganisering av instituttet være klart, men dette er nå utsatt.

NTNUs styre vedtok enstemmig den 19. september 2019 at instituttet blir direkte underlagt rektor, blant annet for å kunne omorganisere/legge ned instiuttet og komme med disiplinære reaksjoner overfor enkelte ansatte på instituttet. Dette skal etter planen vedtas i styremøte 31.oktober.

Den 25. september foreslo konstituert rektor ved NTNU, Anne Borg, å skille ut forskergruppen «Fate of Nations» fra det kriserammede instiuttet til et nytt senter lokalisert et annet sted, men på samme campus. De ansatte har frist til 7. oktober med å gi tilbakemeldinger til forslaget.

Midt i det heile står Forskarforbundet, som representerer folk i alle endar av konflikta.

Gry Eva Sinkaberg Alterskjær er hovudtillitsvalt for Forskarforbundet ved NTNU og seier dei no er inne i ein uvanleg omfattande situasjon. Ho opplyser at det er totalt seks tillitsvalde både lokalt og sentralt frå Forskarforbundet som er og har vore inne i saka kring Institutt for historiske studier.

Alterskjær har fleire tankar om korleis konflikta ved instituttet har blitt handtert.

Vi har ei sterk forventning om at leiinga går i seg sjølve og gjer ei skikkeleg evaluering av korleis dei går inn i konfliktar.

Gry Eva Sinkaberg Alterskjær

Ho meiner det i denne konflikta er menneske som rett og slett ikkje vil kunne samarbeide godt på lang tid. Likevel har ho denne kommentaren til forslaget til oppsplitting:

— Dette er eit krevjande tiltak å setje i verk og det håper og reknar eg med leiinga er klar over. Det må ligge veldig gode grunnar bak for å anbefale dette. Men det er ein veldig uvanleg situasjon, så kanskje er det eit slikt tiltak ein kan få til i ei slik sak, seier Alterskjær til Khrono. Ho legg til:

— Likevel er det å skilje folk ikkje nok, ein må jobbe aktivt for å restituere eit godt arbeidsmiljø på tvers av desse miljøa. Det forventar eg at leiinga har klart føre seg. Uansett kva slags tiltak ein vel å gjere, vil det vere eit av ei rekke tiltak. Dette vil ta lang tid og Forskerforbundet vil følgje nøye med, seier Alterskjær til Khrono.

— Går for seint inn i konflikta

I møte med denne konflikta, har fleire av diskusjonane internt i Forskarforbundet dreia seg om kvifor ein ikkje har valt å gå inn i i konflikta tidlegare og seinare kva slags grep ein faktisk har valt å ta, fortel Alterskjær.

— Konflikta får bygge seg opp over veldig lang tid, før ein vel å gå inn. Så set ein i verk tiltak i beste meining, men har kanskje ikkje teke inn over seg korleis situasjonen no er og endar med å ta grep som kanskje ikkje er dei mest hensiktsmessige. Ein bør aldri kome i den situasjonen ein no er inne i, seier Alterskjær og legg til:

— Vi har ei sterk forventning om at leiinga går i seg sjølve og gjer ei skikkeleg evaluering av korleis dei går inn i konfliktar.

— Uheldig med plassering av skuld

Alterskjær reagerer også på det som for fleire kan oppfattast som plassering av skuld i denne saka.

— Det er uheldig når ein byrjar å plassere skuld, fordi det gjer det vanskeleg å få folk til å sjå framover. Det er ein lite produktiv måte å handtere ei konflikt på. Fokus bør vere på å bygge eit forsvarleg arbeidsmiljø for alle og legge til rette for at alle kan starte med blanke ark, seier Alterskjær.

I sommar offentleggjorde NTNU ein rapport frå ei faktakartlegging om arbeidsmiljøkonfliktene ved Institutt for historiske studier (IHS).

Faktagranskarane delte instituttet inn i to grupper som står mot kvarandre (kalla Gruppe 1 - dei som er kritiske til leiinga og Gruppe 2 - dei som støttar institutt- og fakultetsleiinga). Dei to gruppene består av til saman 26 personar, medan litt over 80 personar er knytt til instituttet.

Alterskjær meiner denne faktaundersøkinga kan ha bidrege til å gjere konfliktene enno meir tilspissa.

— Ein bør diskutere nøye korleis ein vel å bruke slike faktaundersøkingar. Den har ein del sider ved seg som definitivt ikkje er heldige. Det vi ofte registrerer er at dei polariserer den konflikta som allereie er der. Folk føler seg tvungne til å ta side i saka og føler seg pressa til å seie noko, seier Alterskjær og legg til:

— Ein må sjølvsagt kartlegge, men ein treng ikkje gå inn på ein så omfattande måte.

Dei tilsette ved IHS har no blitt inviterte til å kome med sine tilbakemeldingar til forslaget frå konstituert rektor Anne Borg om oppsplitting. Dei har frist måndag 7.oktober til å melde frå.

Deretter vil sentralt samarbeidsutvalg (SESAM) samlast den 16. oktober. Her kan fagforeiningane basert på saksnotatene til NTNU styret og tilbakemeldingane frå dei tilsette, kome med sine innspel til korleis leiinga bør handtere konflikta, før det endelege forslaget til vedtak går til styret den 31. oktober.

Sanksjonar mot tilsette opp til styret

På styremøtet skal også dei alvorlegaste reaksjonane mot einskildpersonar vedtakast. HR-sjef Arne Hestnes har tidlegare stadfesta at det kan vere snakk om ordensstraff, suspensjon, oppseiing eller avskjed. Mildare sanksjonar, som åtvaring og irettesetting, er det rektor som skal avgjere.

Så langt Khrono kjenner til har ingen enno fått melding om dette.

Kva tenker de i Forskarforbundet om dette?

— Det finst grenser for korleis tilsette kan opptre i sitt arbeidsforhold. Men vi veit framleis lite om kva som er grunnlaget for at leiinga vurderer sanksjonar for enkelte. Dersom nokon av våre medlemmar får sanksjonar retta mot seg, så vil vi vurdere grunnlaget for sanksjonen dersom medlemmet ber oss om bistand til dette, seier Alterskjær.

Vil ikkje kommentere Steinnes-saka

Tidlegare leiar i Forskerforbundet ved NTNU, Kristian Steinnes, er ein av dei som allereie har fått reaksjonar og blitt omplassert til eit anna institutt mot si vilje for over eit år sidan. Han har enno ikkje fått noko signal om, eller kva slags plass, ha vil få i ei eventuell ny organisering av instituttet.

— Kva tenkjer Forskerforbundet om Steinnes-saka no?

— Eg ønskjer ikkje å svare på spørsmål som gjeld enkeltmedlemmar ettersom fokuset vårt er på heile arbeidsmiljøet, og alle skal takast vare på og få eit forsvarleg arbeidsmiljø. Den enkelte blir følgt opp med bistand ved førespurnad og etter dei retningslinjer Forskerforbundet har, sier hovudtillitsvald på NTNU, Gry Eva Sinkaberg Alterskjær. Forskerforbundet sentralt ønsker ikkje å kommentere saka.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS