formidling

Forskar skal hjelpa forskar

For å få forskarar til å formidla meir, meiner forskar Mari Lund Eide at nettopp forskarar er best eigna.

Alt kan formidlast, meiner Mari Lund Eide. Men ho meiner òg at ein som forskar må finna den formidlingsmåten som passar best for seg sjølv og for forskinga si.
Publisert Oppdatert

— Ingen andre enn forskarar veit korleis forskarkvardagen ser ut, og korleis forskarar balanserer formidling med alle andre arbeidsoppgåver, seier Mari Lund Eide.

Ho er stipendiat i engelsk fagdidaktikk ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB), og har nyleg lansert ein podkast i fleire episodar. «Forskning til folket» heiter den, og Eide snakkar primært med forskarar, men òg med journalistar og kommunikasjonsrådgivarar, om korleis ein kan driva med god forskingsformidling.

At det er forskarar som kjenner forskarkvardagen best, er grunnen til at Eide først og fremst ville snakka med nettopp forskarar om formidling.

— Eg trur forskarar høyrer meir på andre forskarar enn på journalistar eller kommunikasjonsrådgivarar når det kjem til formidling, og kan vera til meir inspirasjon.

Skal formidla, ifølgje lova

Formidla skal ein. I universitets- og høgskulelova heiter det at ei av oppgåvene til desse to er å «bidra til å spre og formidle resultater fra forskning og faglig og kunstnerisk utviklingsarbeid». I tillegg har forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vore tydeleg på kva hans forventningar er:

— Som statstråd har eg ei generell — og høgst rimeleg — forventning til høgskular og akademia om at akademikarar og forskarar deltek i det offentlege ordskiftet, sa han til Khrono hausten 2021.

Vidare sa Borten Moe at Noreg aldri har hatt så mange professorar eller folk som jobbar i akademia som no, og samstundes har ein aldri hatt så lita deltaking frå akademikarar i samfunnsdebatten.

— Eit paradoks, sa statsråden.

I vår sa Fritt ord-leiar Knut Olav Åmås at han fryktar for ein tapt generasjon akademikarar. Kven skal vera synlege etter Bernt Hagtvet og Rune Slagstad, altså sekstiåttargenerasjonen?

— Det er berre nokre forskarar som er i stand til å leva med å sjå seg sjølve framstilte som litt dummare, mindre reflektert og intelligent enn dei eigentleg er, men det må ein berre leva med i den breie offentlegheita, sa Åmås.

Tips: Be om tid

I podkastserien snakkar Mari Lund Eide med forskarane både om å formidla gjennom undervisning, gjennom foredrag og korleis formidla frå eksternfinansierte prosjekt. I tillegg er det ein episode som handlar om å formidla gjennom media. Her er det klimaforskar Kikki Kleiven som kjem med sine tips og røynsler. Ho snakkar om sitatsjekk og om å førebu seg, men seier òg at ho har fått nokre tilbakemeldingar i etterkant av at ho har vore synleg i media.

— Eide, kva formidlingsform vert sett på som skumlast?

— Det er nok når media tek kontakt. Det kan vera uklåre spelereglar, og det er ein hard indre justis i akademia. Særleg dei forskarane som jobbar med kontroversielle emne tenkjer nok at det dei seier kan verta brukt mot dei, og dei kan verta pålagt ein politisk agenda eller meiningar dei ikkje har, etter at saka kjem på trykk. Mange er nok også bekymra for at kollegaer skal meine at dei har uttrykt seg unyansert om eit tema i media.

Eit av Kleiven sine tips er å be om å få ekstra tid dersom ein treng det. Sei at ein må sjekka opp nokre detaljar, men at ein skal ringa tilbake. Eide seier det same.

— Forsking er saktegåande arbeid. Eg kan tenka heile dagen på korleis eg skal skriva ei innleiing til ein artikkel, så det vert ei mental omstilling dersom ein journalist då ringjer og vil ha svar på eit spørsmål der og då. Då er det lurt å seia at ein vil tenkja litt på spørsmålet før ein ringjer tilbake.

Formidling gjennom podkast er eitt av temaa Mari Lund Eide har teke opp i sin eigen podkast.

Kva kan ein uttala seg om?

Eide har vore på den andre sida av bordet sjølv. Mellom mastergrad i engelsk og stipendiatstilling jobba ho mellom anna som kommunikasjonsrådgivar ved Nord universitet og i Skatteetaten. Som forskar er ho framleis oppteken av formidling, men ho tenkjer på kva som er dei rette plattformene å vera aktiv på. Det oppmodar ho fleire forskarar til å gjera.

— Eg tek doktorgrad i engelsk fagdidaktikk, så for meg er det heilt utenkjeleg å ikkje skulle formidla for lærarar. Og det eg høyrer når eg møter dei, tek eg med meg inn i forskinga mi, seier Eide.

Deler av forskinga hennar kan vera kontroversiell: Eide forskar mellom anna på kjønnsnøytrale pronomen, som «hen». Og sjølv om ho er oppteken av at ein som forskar må våga å sleppa kontrollen litt i formidling, legg ho vekt på at ein må tenkja gjennom kva ein seier. Særleg i sosiale medium vert det som er sagt delt og sett inn i nye samanhengar.

— Eg har vorte kontakta av journalistar som spør om kva eg synest om kjønnsnøytrale pronomen. Då svarar eg at det er irrelevant kva eg synest om dette og føreslår å snu litt om på spørsmålet: Det eg som forskar kan seia noko om, er kva kjønnsnøytrale pronomen er og kva ved dei som kan gjera at dei er kontroversielle.

Etter at dronning Elisabeth døydde, vart Eide kontakta av ein journalist som ville at ho skulle seia noko om det britiske monarkiet og vegen vidare. Ho trekkjer fram dette som eit døme på ein medieførespurnad ho takka nei til å svare på.

Sofie Høgestøl, førsteamanuensis i juss ved Universitetet i Oslo, har lufta same problemstilling tidlegare. Skal ein kunne formidla frå eiga kompetanseområde, eller meir breitt?

— Stort sett føler eg at eg vert spurd om å snakka om ungdomsskulepensum i samfunnsfag, meir enn noko ein treng veldig lang utdanning for å forstå. Nokre er kanskje litt obs på at folk kan tenkja «kven trur du at du er til å ta ei slik rolle», sa Høgestøl til Khrono då temaet var at kvinner oftare enn menn seier nei når journalistar ringjer.

Eide viste journalisten vidare til ein annan UiB-forskar sjølv om ho i utgangspunktet kunne ha svart.

— Eg kunne sagt noko om dette. Eg har studert britisk litteratur og kultur, eg har jobba som engelsklærar, så sjølvsagt kjenner eg det britiske kongehuset. Men eg valde å sende ballen vidare til ein kulturvitar som har dette som sitt forskingsfelt, det kjendest meir riktig.

— Kan ein verta ein medienisse, som meiner noko om alt?

— Dei finst, men det er få av dei. Samstundes er det slik at journalistar ringjer dei dei veit svarar. Så dersom ein som forskar irriterer seg over at det er dei same som alltid uttalar seg, og ein veit at ein sjølv har god kompetanse på eit aktuelt tema, må ein melda seg på sjølv. Send ein e-post, eller gå til kommunikasjonsavdelinga der ein jobbar og be om å verta sett opp på ekspertlistene deira.

Lettare for dei med fast jobb?

Seks episodar av Eide sin podkast er no klare. Og sjølv om ho er oppteken av formidling, vert det ikkje fleire episodar i denne omgang. No er det, for henne som for dei fleste andre forskarar, forskinga som er i fokus.

— Eg har brukt dei timane eg skulle på dette prosjektet, og ønskjer å fokusera på å få god tyngde i mi eiga forsking, ein skal jo faktisk ha forsking av god kvalitet å visa til for å driva med forskingsformidling, seier stipendiaten.

For sjølv om ho synest det er både kjekt og viktig, er formidling noko som tek tid.

— Eg trur nok det er lettare å ta seg tid til å formidla, særleg gjennom media, når ein har ein fast jobb i akademia. Då tenkjer eg både på den indre justisen i akademia og på tida det tek, seier Eide.

— Det er nok lettare å tenkja «er det verd å bruke tid på det» når ein er ung forskar.

— Kva tilbakemeldingar har du fått på podkasten så langt?

— Eg har fått så mange tilbakemeldingar! Ikkje berre frå forskarar, men frå mange som driv med kunnskapsformidling i vid forstand. Dei har sagt at dei allereie har brukt podkasten.

Powered by Labrador CMS