Debatt roger ivan hestholm

Feil fokus i arbeidsmiljø­undersøkingar

— Dersom det er ein slik sutrete og nærsynt mentalitet departementet og styra ved universiteter og høgskuler tiltrur oss, så er det uttrykk for ei urovekkande infantilisering av tenkande fagmenneske i akademia

Sosiolog og fyrsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Roger Ivan Hestholm, meiner undersøkingar om arbeidsmiljø ved HVL er irrelevant i forhold til kva dei er meint å belyse.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

For tida blir tilsette ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) bedne om å svare på spørsmål om arbeidsmiljøet (og «arbeidsklimaet») ved høgskulen. Slike undersøkingar blir med ujamne mellomrom gjennomførte også ved fleire andre UH- institusjonar, td. har både Universitetet i Oslo (UiO) og Universitetet i Bergen (UiB) hatt sine rundar i år.

NTNU (Institutt for sosialt arbeid ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap) forvaltar undersøkinga, og blir levert som oppdragsprosjekt til norske UH- institusjonar, Arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøkelser - ARK - NTNU.

Ved HVL har undersøkinga ei mogleg kopling til fusjonen mellom tre vestlandske høgskular i januar 2017, og særskilt til følgjeevalueringa som Nifu gjennomførte i åra etter. Dei leverte ein sluttrapport i februar 2020, og det er rimeleg å sjå ARK- undersøkinga no som ein måte for HVL å arbeide vidare med problema som Nifu- rapporten påpeikte. Andre typar etterarbeid i kjølvatnet av rapporten har i alle høve vore usynleg for dei tilsette.

I evalueringa kom det fram at dei tilsette ved HVL opplevde organisasjonen som «topptung, byråkratisk og tungrodd», at «følelsen av uklarhet» har auka etter fusjonen, at «… det ikke er et godt samsvar mellom faglig og administrativ organisering» og at «organisasjonen preges av at den framstår som utydelig for de ansatte, og som resultat bruker de ansatte lang tid på å finne ut hvem som er ansvarlig for hva.» Alle sitat her er henta frå samandraget i rapporten, og for å vere rettferdig mot både Nifu og HVL, så framhevar rapporten også positive sider ved HVL som blir tolka som konsekvensar av fusjonen.

Poenget her er ikkje dei mange detaljane i rapporten eller tilstanden ved HVL i og for seg. Problemet er det manglande samsvaret i nivå mellom skildringane til Nifu og spørjeskjemaet i ARK. Medan Nifu skriv om organisasjonen som heilskap (struktur og kultur i HVL), er ARK opptatt av det heilt nære psykososiale arbeidsmiljøet.

Det er uklart om spørjeskjemaet dei HVL- tilsette har fått tilsendt er skreddarsydd for oss, men sidan dette er eit konsept som blir levert til fleire, er det truleg eit standardskjema (det blir presentert som «KIWEST»). Same kva er det i alle høve temmeleg ueigna som kanal for å uttale seg om forholda som vart omtalte i Nifu- rapporten.

Kva blir vi spurde om? I hovudsak dreiar det seg om relasjonar til næraste leiar og til kollegaer, og det finst ikkje fritekstfelt som gir høve for merknadar, oppklaringar eller kritikk av undersøkinga. Etter kvart som ein kryssar av på dei mange spørsmåla, stig frustrasjonen. Blir ein sett av sin næraste leiar, har ein høve til å ta eigne initiativ, kjenner ein seg utestengd frå arbeidsfellesskapet, blir ein lytta til?

Sjølvsagt er det vel og bra å vere opptatt av det psykososiale miljøet, og spørsmåla hadde vore greie dersom vi hadde slike vanskar. Men spørsmåla, og dermed svara, er så godt som irrelevante for å undersøkje problema som blir skildra i Nifu- rapporten, eller for å kartleggje «arbeidsklimaet» i ei meir generell tyding. Eit tenkeleg utfall av prosessen er dermed at HVL får gode resultat i ARK, som deretter blir framlagd som at HVL ikkje lenger er ein «topptung, byråkratisk og tungrodd» institusjon.

Dei som utviklar, set i gang og gjennomfører arbeidsmiljøundersøkingar som ARK, ser ut til å sjå for seg dei tilsette som ei forsamling av sjølvsentrerte, perspektivlause «medarbeidarar» som må få høve til å uttale seg, men som dei ikkje tilkjenner evna til å forstå prosessar dei ikkje sjølve er direkte deltakarar i.

Roger Ivan Hestholm, sosiolog

I så fall vil dette vere ei mørklegging av kostnadar og ulemper ved fusjonen mellom dei tre høgskulane. Ein skal vere konspiratorisk innstilt for å hevde at eit slikt resultat er tilsikta, men konsekvensen blir i alle høve at vi er like vis om HVL- fusjonen etter ARK- undersøkinga.

Det ligg eit meir generelt problem bak denne typen undersøkingar i universitets- og høgskulesektoren. Tilsette ved universitet og høgskular bør vere betre skodd enn andre når det gjeld å forstå sin eigen arbeidsplass. Ikkje minst bør dei vere betre i stand til å løfte blikket utover det nære arbeidsfellesskapet i ei slik forståing. Om ein har slike evner, og det har dei fleste, kjennest det sjølvsagt både urettvist og malplassert å kritisere næraste leiar for ei kritikkverdig utvikling i akademia.

Næraste leiar, og for så vidt leiarnivåa over der, er for det meste bodbringarar for prioriteringar og endringar som dei sjølve har svært avgrensa innverknad på. Berre dei aller mest nærsynte vil klandre næraste leiar eller kollegaer for strategiske satsingar og prioriteringar som ein sjølv måtte vere skeptisk til.

Digitalisering, internasjonalisering, livslang læring, sentersatsing for eksellens, universitetsambisjonar, innovativ undervisning, press om auka ekstern finansiering og arbeidslivsrelevans – helst alt dette samstundes – er sjølvsagt ikkje noko vår eller andre sine næraste leiarar har funne på sjølve. Det er nasjonal og internasjonal utdanningspolitikk som er avsendar for slike krav i sektoren, og å klage på personar i det nære arbeidsmiljøet for følgjene av krava blir dermed å rette bakar for smed.

Likevel er konsekvensane av denne politikken i høgste grad relevant for arbeidsklimaet, både ved HVL og i sektoren elles. Totalbelastninga av fusjonar, omorganisering, effektivisering og nye satsingar kan vere stor. Mismot, stress og kjensla av å vere utilstrekkeleg spreier seg. Når så den viktigaste sjansen tilsette på grasrota får til å uttale seg om forholda viser seg å vere psykologiserande spørsmål om å bli sett og inkludert, vil nok mange kjenne seg snytt.

Mykje i akademia har endra seg dei siste tiåra. Institusjonane har fått fleire eksterne representantar i styra, tilsett leiing, og dei har fått vidare fullmakter til å styre seg sjølve. Men dette tyder på ingen måte at dei tilsette i sektoren får friare kår. Tvert om.

Dei ulike «strategiske satsingane» som eitkvart profesjonelt styre med respekt for seg sjølv kjenner seg forplikta til å formulere, inneber stadig sterkare styring av dei tilsette på grasrota. Nye, store institusjonar som HVL gir heller ikkje større rom for medverknad. Avstandane er lange, ansvarsforhold uklare, og tid og overskot til å ytre seg er knapp.

Ei anna side av endringane ser vi kanskje nettopp i måten dei tilsette blir høyrde på. Dei som utviklar, set i gang og gjennomfører arbeidsmiljøundersøkingar som ARK, ser ut til å sjå for seg dei tilsette som ei forsamling av sjølvsentrerte, perspektivlause «medarbeidarar» som må få høve til å uttale seg, men som dei ikkje tilkjenner evna til å forstå prosessar dei ikkje sjølve er direkte deltakarar i. Har vi problem på arbeidsplassen, så opplever vi at leiarane ikkje «ser oss», vi kjenner oss urettferdig behandla av seksjonsleiaren, osb.

Dersom det er ein slik sutrete og nærsynt mentalitet departementet og styra ved universiteter og høgskuler (UH) tiltrur oss, så er det uttrykk for ei urovekkande infantilisering av tenkande fagmenneske i akademia. Handsamar ein vaksne menneske som barn lenge nok, så vil dei kan hende oppføre seg som barn etter kvart. Og nye generasjonar UH-tilsette blir opplærde i at det viktigaste er å bli sett og forstått, at arbeidsplassen er ei isolert verd der næraste leiar og kollegaer er eineansvarlege for eventuelle vanskar, og at dei må overlate vit og forstand til dei som har embete til slikt.

Vi kan berre håpe dette er ein framtidsvisjon som er tatt ut i parodien, men om ein prøvar å skissere eit rådande syn på akademisk tilsette med basis i ARK- undersøkinga, så er visjonen allereie ein realitet.

Les også:

Les flere debattinnlegg på Khronos debattside

Powered by Labrador CMS