varsling

— Ein må skilja mellom varsling og vanleg klaging

Kva er eit varsel og kva er det ikkje? Det er ikkje noko ein berre skriv på ein lapp, seier fagsjef i Juristforbundet.

Korleis har ein det på jobben, og er det ein reagerer på så alvorleg at ein må levera eit formelt varsel? BI-professor Stig Berge Matthiesen (innfelt) seier at det at ein sjølv meiner at ein er ein varslar, ikkje nødvendigvis gjer ein til det. Sissel Trygstad ved Fafo (innfelt) kan ikke se at Vagstad-saken er ei varslingssak.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Viss noko er allment kjent er det opp til arbeidsgivar å ta tak i, seier Ragnhild Bø Raugland.

Ho er fagsjef for juridiske tenester i Juristforbundet.

Fakta

Arbeidsmiljøloven § 2 A

  • Arbeidstaker har rett til å varsle om kritikkverdige forhold i arbeidsgivers virksomhet. Innleid arbeidstaker har også rett til å varsle om kritikkverdige forhold i virksomheten til innleier.
  • (2) Med kritikkverdige forhold menes forhold som er i strid med rettsregler, skriftlige etiske retningslinjer i virksomheten eller etiske normer som det er bred tilslutning til i samfunnet, for eksempel forhold som kan innebære
  • a)fare for liv eller helse
  • b)fare for klima eller miljø
  • c)korrupsjon eller annen økonomisk kriminalitet
  • d)myndighetsmisbruk
  • e)uforsvarlig arbeidsmiljø
  • f)brudd på personopplysningssikkerheten.
  • (3) Ytring om forhold som kun gjelder arbeidstakers eget arbeidsforhold regnes ikke som varsling etter kapitlet her, med mindre forholdet omfattes av andre ledd.

Khrono har skrive at Forskerforbundet sin generalsekretær Hilde Gunn Avløyp seier at det er kome inn eit varsel mot forbundet sin lokallagsleiar ved Universitetet i Bergen, Steinar Vagstad.

Bakgrunnen for varselet er eit lesarinnlegg Vagstad skreiv i Khrono, i den såkalla og etterkvart mykje omtala tyskarvitssaka. Men fleire meiner at det rett og slett ikkje er noko varsel.

— Eg meiner at dette er misbruk av varslarinstituttet, sa førstelektor i kunsthistorie, Jørgen Lund.

Han sa òg at varsling er noko ein bør gripa til som einsam, i eit lukka rom.

Varsling og klaging

Men kva er eigentleg eit varsel? Arbeidsmiljølova slår fast at «arbeidstakar har rett til å varsla om kritikkverdige forhold i verksemda til arbeidsgivar».

Lova vart endra frå 1.januar 2020, etter at eit utval laga ei Norsk offentleg utgreiing (NOU) i 2018, «Varsling — verdier og vern». Utgreiinga såg særleg på varsling i arbeidslivet. Utvalet skriv i innleiinga at «de sentrale begrepene i varslingsreglene, «kritikkverdige forhold» og «forsvarlig fremgangsmåte», må klargjøres slik at det blir enklere å forstå hvilke forhold varslingsreglene gjelder for og hvordan man bør gå frem når man varsler».

Men framleis har ordet ikkje eit heilt klårt innhald.

— Det er dumt at ordet er eit vanleg norsk verb. Då eg begynte å forska på varsling, fekk eg berre opp treff på «brannvarslar», humrar Stig Berge Matthiesen.

Han er professor ved Institutt for organisasjon og ledelse ved BI, og sat i utvalet som jobba med NOU-en.

— Ein må skilja mellom varsling og vanleg klaging, seier Matthiesen.

Dersom du som arbeidstakar har noko du ikkje er nøgd med, til dømes løna di, er det ikkje eit varsel. Det er klaging.

Stig Berge Matthiesen

Han meiner noko må vera prinsipielt interessant for at det skal kunne kallast eit varsel. Det meiner han det aktuelle varselet mot fagforeiningsleiar Steinar Vagstad ikkje er.

Utvalet som jobba med utgreiinga om varsling: Frå venstre Birthe Eriksen, Katrine Rygh Monsen, Tron Dalheim, Stig Berge Matthiesen, Cathrine Opstad Sunde, Anne Cathrine Frøstrup (utvalsleiar), Bente Stenberg-Nilsen, Arne Jensen, Jan Erik Skog og Henrik Dahle.

— Dersom dette handla om at Forskerforbundet skulle ha like mykje fokus på studentmedlemmer som tilsette medlemmer, og at denne saka var eit prov på at studentar ikkje vart teke vare på — då hadde det vore eit varsel, seier Matthiesen, og legg til:

— Det at nokon reagerer på noko som er skrive gjer det ikkje til eit varsel. Ein skal vera obs på at mykje er klaging og misnøye, og det at ein sjølv meiner at ein er ein varslar, betyr ikkje at ein er det.

Ikkje på ein lapp

Sissel Trygstad, forskingssjef i Fafo, seier til Forskerforum at ho vanskeleg kan sjå at saka er ei varslarsak.

Ho seier at ei varslarsak som oftast handlar om forhold som ikkje er offentleg kjende, men seier òg at det er heilt legitimt for eit medlem å ta opp korleis ein tillitsvalt handterer rolla si — men at dette kan skje på andre måtar enn å bruka varsling.

Eit varsel er ikkje noko ein skriv på ein lapp eller ein beskjed ein gir i eit møte.

Ragnhild Bø Raugland

Ragnhild Bø Raugland i Juristforbundet er oppteken av at eit varsel må vera formelt.

— Lova set ikkje krav om det. Men eit varsel kan få så alvorlege følgjer at eg synest det ikkje er for mykje forlanga at ein må gjera eit arbeid med det. Det må vera skriftleg, ein må ha ei faktautgreiing og ein må visa sjekka at det forholdet ein varslar om ligg innanfor krava i lova, seier Raugland, og viser til at det heiter at arbeidstakaren har rett til å varsla om kritikkverdige forhold i arbeidsgivaren si verksemd.

— Eit varsel er ikkje noko ein skriv på ein lapp eller ein beskjed ein gir i eit møte, det er meir enn ei meiningsytring eller ei bekymringsmelding, seier Raugland.

— Kva er det dersom det ikkje er eit varsel?

— Då er det ei vanleg ytring. Eg opplever at dette er noko anna enn eit varsel.

Matthiesen seier at mange saker er av triviell art, og kan kategoriserast som syting, klaging og sladring.

— Ein ting er dersom du finn ut at kollegaen din gjer underslag på 200 000 kroner. Men dersom du finn ut at kollegaen din tek med kulepennar heim frå jobb, vil eg seia at det er sladring, seier professoren.

Han viser til eit omgrep psykologiprofessor Ståle Einarsen nyttar: Søknad.

— Det er ikkje så sterkt som «klage». Ein søknad er eit spørsmål av ei justering. Deretter kjem klage, så varsel, og på toppen melding til politiet, seier Matthiesen.

Studentar er ikkje arbeidstakarar

Ein av dei fremste ekspertane på varsling i Noreg er advokat Birthe Eriksen. Ho sat òg i NOU-utvalet saman med Matthiesen. Som Khrono har skrive, har Eriksen vore advokat for studenten i tyskarvitssaka. Ho har vore kritisk til systemet universiteta brukar for at studentar kan gi beskjed om forhold dei oppfattar som kritikkverdige; Si Fra-systemet.

I arbeidsmiljølova vert det slått fast at når det har vorte varsla om kritikkverdige forhold i verksmenda, har arbeidsgivar ansvar for at dette innan rimeleg tid vert undersøkt. Arbeidsgivar har òg ansvar for å syta føre at den som har varsla har eit fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø, og det er ulovleg med gjengjelding mot arbeidstakar som varslar.

Men studentane er ikkje arbeidstakarar.

— Denne saka har vist at ein ikkje kan ha eit system som nærast legg til grunn at alt vil gå greitt når nokon har varsla og utfordra makt. Det manglar eit system som sikrar at det skjer ei risikovurdering av varselet og den situasjonen ein student kan koma i, sa Eriksen til Khrono.

Rektor Dag Rune Olsen har sagt at ein vil gå gjennom systemet for å sjå om det er godt nok.

Også Matthiesen er kritisk til systemet.

— «Si fra» verkar som eit altfor omfattande og krevjande system, som krever opplæring av både dei som skal bruka systemet, og ikkje minst dei som skal handtera det, seier han.

Han spør om ein har vurdert vanskelegheitsgrada rundt systemet, og seier at ein gamal regel er at ein ikkje skal opna opp noko ein ikkje klarar å lukka eller landa.

— Tyskarvitssaka er vel eit eklatant prov på at ein ikkje klarte å landa «Si fra».

Powered by Labrador CMS