Debatt karl knapskog

Eit varsel om varsling

Kanskje nokon no bør varsla om Universitetet i Bergen si uheldige forvalting av «varslingsinstituttet» - denne gråsonen mellom folkeskikk og strafferett, spør Karl Knapskog.

Våre universitet, (her Universitetet i Bergen red.mrk.), tykkjest ikkje å vere på høgde med korleis "varslingssaker" eller krav om "gransking", skal handterast, skriv Karl Knapskog..

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Tidleg i saksforløpet av det som no blir kalla «tyskarvitssaka», kunne sakshandsamande instituttleiar fortelja at «dersom ein person kjenner seg krenka, så er vedkomande blitt krenka».

Ei subjektiv oppleving av å ha blitt «krenka», er sjølvsagt vanskeleg å dra i tvil. Men den krenka må i slike tilfelle kunna vera i stand til å fortelja kva vedkomande legg i omgrepet, kva som er grunnlaget for at kjensla av å ha blitt krenkt har blitt påtrengande, kva som gjer andre sin oppførsel kritikkverdig, eventuelt med påstandar om at den kritikkverdige åtferda gjev grunnlag for sanksjonar av eitt eller anna slag. Først då kan vi diskutera det inntrufne: Er det rimeleg samsvar mellom opplevd krenking og det som vert sagt å ha utløyst kjensla av å ha blitt krenkt?

Slike problemstillingar vert rutinemessig handtert i dagleg- og yrkesliv. Meiningsutvekslingar kan bli for intense, kommentarar kan vera uheldige, dei fleste av oss innser at vi kan ha oppført oss uheldig i ulike situasjonar, osb. Alt slikt ordnar vi opp i, når vi får tenkt oss om, får samtala om sakene – gjerne med hjelp av kloke mellommenn og -kvinner, om dét trengst.

Det såkalla «varslingsinstituttet» inneber ei slags rettsleggjering av ugreie som kan oppstå mellom folk, i organisasjonar og på arbeidsplassar. Det vert laga retningsliner for korleis «varslingssaker» skal handterast. Fleire juristar har kritisert ordninga for manglande rettstryggleik for dei det vert varsla om – uklare rutinar, manglande faktakontroll, fråver av høvet til kontradiksjon, mv. Liknande innvendingar er reist mot det som går under nemninga «gransking».

«Si fra!»-ordninga ved Universitetet i Bergen (UiB) er eit såkalla lågterskel-tilbod for studentar som har eitt eller anna å klaga på. Meldingane som kjem inn kan gjelda alvorlege forhold, og må då sjølvsagt handterast deretter, men mangt av det som kjem inn er klagemål som rutinemessig vert ordna opp i – gjennom informasjon, tilvising til personar ein kan snakka med, men òg gjennom sjølvkritikk og lovnader om betring. Erfaringa er at det vert lite oppstuss om slikt, sakene blir ordna opp i på «lågast moglege nivå», som det heiter - ordninga fungerer etter intensjonen.

I «tyskarvitssaka» har det gått annleis. Dei ansvarlege for å handtera ei enkel «Si fra!»-sak har utvist svært dårleg skjøn: Klagemålet frå studenten burde sjølvsagt ikkje blitt kjent for ålmenta – dette fekk uheldige følgjer for studenten og resulterte i at ein advokat kravde erstatning på vegner av studenten. Då Universitetet i Bergen inngjekk forlik, og betalte erstatning til studenten, var det vanskeleg å ikkje få det inntrykket at dette skuldast at den anklaga tilsette hadde gått over ei grense.

Dårleg skjønsutøving frå overordna kan råka kven som helst, akademisk fridom og profesjonell autonomi kan stå på spel...

Karl Knapskog, universitetslektor, UiB

Sjølve handteringa frå fakultet og institutt innebar dessutan ei uhaldbar umyndiggjering av den det vart klaga på. Det er såleis forståeleg at mange har reist spørsmål om vitskapleg tilsette sin ytringsfridom i forlenginga av denne ulukkelege saka. Rektor Dag Rune Olsen minner oss i denne situasjonen om at vitskapleg tilsette har eit overordna ansvar for «læringsmiljøet». Dette er heller ullen tale i høve til problemstillingar den konkrete saka reiser, ikkje minst i høve til spørsmålet om (grensene for) dei vitskapleg tilsette sin ytringsfridom.

Når det no har kome eit «varsel» mot den tillitsvalde for den det opphaveleg vart «varsla» om, så er vel kanskje ringen slutta, som det heiter. Kanskje nokon no bør varsla om UiB si uheldige forvalting av «varslingsinstituttet» - denne gråsonen mellom folkeskikk og strafferett?

Min førebelse konklusjon om dette er slik: Konflikter og usemje blir rutinemessig handtert i dei fleste organisasjonar og institusjonar, men det kan vera fornuftig å etablera kanalar for å kunna målbera kritikk som elles vanskeleg kan koma til uttrykk. Handtering av meldingar som kjem gjennom slike kanalar krev klokskap og vurderingsevne. Verken i utforminga av konkrete retningsliner for korleis «varslingssaker», eller krav om så kalla «gransking», skal handterast, eller gjennom målmedviten opplæring av dei som vert involverte i den organisatoriske handsaminga av slike kompliserte saker, tykkjest våre universitet å vera på høgd med situasjonen.

Det bør reisast ein debatt om dette, våre juristar bør mobiliserast for å avklara prinsipielle spørsmål om rettstryggleik, grensedraging mellom omgrep som «krenking», «trakassering», osb. Alle vi andre bør seriøst tenka gjennom lærdomen frå «tyskarvitssaka»: Dårleg skjønsutøving frå overordna kan råka kven som helst, akademisk fridom og profesjonell autonomi kan stå på spel – i eit uklart juridisk landskap, mellom «varsling», «gransking», «retningsliner» - og gode intensjonar.

Powered by Labrador CMS