Debatt olaug husabø

Doktorgraden og universitets- og høgskulelova

Jo betre universitets- og høgskulelova er tilpassa alle utdanningsnivå, desto tydelegare blir det at doktorgraden er eit studium og desto lettare blir det for institusjonane å få til forskrifter som er heimla i lova, skriv Olaug Husabø.

Olaug Husabø har fleire framlegg til kvar og korleis universitets- og høgskulelova bør gjerast tydelegare.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Norsk høgare utdanning har tre nivå som byggjer på kvarandre – bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Det bør vera så like reglar som mogleg for dei tre nivåa, men det bør også vera tydelege unntak der det er behov for det. Gjeldande lov fyller ikkje det kravet. Det gjorde derimot departementet sine reglement på 80-talet – altså før institusjonane fekk fullmakt til å fastsetja forskrifter sjølv. Det var eitt reglement per fag, dels med felles reglar og dels med gradsspesifikke reglar. Eitt døme er reglement for gradene cand.mag., cand.philol. og dr.art. ved Universitetet i Tromsø frå 1985.

Forståinga av at dei tre nivåa var knytte saman, forvitra i den første felles lova, lov om universitet og vitskaplege høgskular (1989). Lovgivar tenkte nok ikkje på at lova også skulle gjelda for doktorgradane. Feilen følgde med til 1995-lova og til gjeldande lov, lov om universiteter og høyskoler (uhl.) frå 2005. Dette kan ha hatt ein uheldig påverknad på doktorutdanninga, som var nokså ny då den første lova kom. Det vart ikkje tydeleg nok at dei nye gradane – den gongen dr.scient., dr.art., dr.polit. m.v. – skulle vera noko anna enn dei gamle, frie, gradane, dr.philos. m.v.

Men no kan det bli ei endring. I høyringsnotat 22.6.2022 har departementet føreslått følgjande § 3–1 a i uhl.: «Gradssystemet skal i hovedsak følge strukturen bachelorgrad, mastergrad og ph.d. eller ph.d. i kunstnerisk utviklingsarbeid. I tillegg kan følgende grader gis: …». Dette vil vera positivt for forvaltninga av doktorgraden, men det er ikkje nok. Det må også gå tydelegare fram av lova dersom ein generell regel ikkje skal gjelda for doktorgraden, og kva som skal gjelda for doktorgraden i dei tilfella.

Departementet har sjølv vore i tvil om korleis lova skulle forståast. Eitt døme er endringa av § 4–7 om annullering av eksamen eller prøve. Ordet «student» blei i 2009 erstatta med «kandidat» for å gjera det tydeleg at regelen også gjeld for doktorgraden. Dette var unødvendig; det var allereie klart at lova galdt. Men dessverre gjorde lovgivar eit uheldig unntak i samband med endringa; utan å drøfta realiteten eller komma med ein alternativ regel vart det lagt til grunn at § 4–7 om annullering ikkje galdt for doktoravhandlingar, Ot.prp. nr. 71 (2008-2009). Konsekvensen er at det ikkje finst reglar om kva som skjer med ei doktoravhandling ved fusk, sjå nedanfor.

I 2014 bad Sivilombudet departementet …vurdere om reguleringen av doktoranders rettsstilling i saker om bedømmelse av doktoravhandling er mangelfull,… Bakgrunnen var at institusjonane hadde reglar om tvungen avslutning av doktorutdanninga i tilfelle der ein ph.d.-student hadde brote dei forskingsetiske retningslinjene som galdt for fagområdet (ved fusk), eller ved alvorleg brot på pliktene etter doktorgradsavtalen. Sivilombudet gjorde merksam på at det ikkje var heimel i lova til dette. Departementet kunne ha valt å instruera institusjonane om å retta forskrifta, men fekk i staden inn i lova – i ny § 4-13 – heimel til å vedta tvungen avslutning.

I § 4–13 kom elles ein regel som var delvis overflødig: Styret fastsetter forskrift for doktorgradsutdanningen, herunder regler for tvungen avslutning. Det var berre behov for fullmakt til reglar for tvungen avslutning; dei andre fullmaktene stod allereie andre stader i lova, sjå t.d. Uhl. § 3–9 sjuande ledd: Styret selv gir forskrift om avleggelse av eksamen, prøve… Til det vil enkelte seia at doktoravhandlinga ikkje er eksamen, men status er at § 3–9 er den einaste heimelen lova har om prøvar, så institusjonane brukar den, (sjølv om forskriftene på enkelt punkt, t.d. med annulleringsinstituttet, går ut over heimelen).

Men i alle fall: ikkje alle lovendringar har gjort lova tydelegare. Det ville vera hjelpa viss lova hadde vorte retta på desse områda:

Opptak til ph.d.-studiet. No fastset kvar enkelt institusjon opptaksreglar for sine gradar. Rett nok byggjer dei på mal frå UHR, men det kan likevel bli skilnader som ikkje er heldige. Det er ikkje tilfredsstillande. Det må komma felles nasjonale reglar i lova eller i nasjonal forskrift, tilsvarande forskrift om krav til mastergraden.

Terminologi. I doktorutdanninga vert det brukt gammal terminologi for eksamen. Bakgrunnen er truleg denne: Då institusjonane fekk fastsetja forskrifter sjølv, gjekk dei – etter tilråding frå UHR – bort frå strukturen med felles forskrift for alle nivå, og tilbake til separat forskrift for doktorgraden à la dr.philos.-graden; sensur er «bedømmelse», sensorar er «bedømmingskomité», stryk er «underkjenning» osb. Lova er litt prega av det og; t.d. står det «ikke godkjent» i § 4–13 fjerde ledd om klage, sjølv om vurderingsuttrykka er «ikkje bestått» og «F», jf. § 3–9 sjette ledd. Ordet «vurderingsuttrykk» er forresten brukt berre der. I det minste burde det stå «karakter» i parentes bak, sidan det er det ordet som er brukt i resten av lova (33 gonger).

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Stipendiatar og fusk. I kjølvatnet av regelen om tvungen avslutning, fekk Uhl. § 4–8 om utestenging og bortvising slik siste setning i tredje ledd: Slik adgang til utestenging gjelder ikke for stipendiater ansatt ved institusjonane doktorgraden avlegges ved. Ein ph.d.-student som fuskar på eit emne på lærestaden kan altså bli utestengt, men ikkje dersom hen er stipendiat same stad. Dette er usakleg forskjellsbehandling. I studiesamanheng kan ikkje tilsetjingsforholdet tilleggjast vekt. Det er studieretten som tel, sjå sjå § 1-3 åttande ledd i forskrift om tilsetjingsvilkår vit. stillingar: opptak til doktorgradsprogram er et vilkår for tiltredelse i stilling som stipendiat.

Fusk på doktoravhandling. Det er ikkje fastsett kva som skal skje med doktoravhandlinga ved alvorleg fusk eller anna uheiderleg framferd. Dette er ein stor mangel. I Uhl. § 4–13 er det vist til forskingsetikklova § 8. Men forskingsetikklova regulerer ikkje konsekvensen av brot, berre handteringa av saker. Konsekvensen av alvorleg fusk eller anna uheiderleg framferd i samband med doktoravhandling må regulerast i uhl. Andre prøvar kan bli annullerte (Uhl. § 4-7). Det må bli regelen for doktoravhandlingar også. I høyringsutkastet er føreslått slik ny overskrifta på § 4-13: Tvungen avslutning eller annullering av doktorgradsutdanning. Det tyder på at tanken er at annullering skal vera mogeleg, men det må presiserast. Det kan best gjerast ved at det vert gjort tydeleg i forarbeida at § 4-7 gjeld for doktoravhandling og.

Konklusjonen må bli at jo betre universitets- og høgskulelova er tilpassa alle utdanningsnivå, desto tydelegare blir det at doktorgraden er eit studium og desto lettare blir det for institusjonane å få til forskrifter som er heimla i lova.

Powered by Labrador CMS