Kunstutdanning

Fleire får ikkje godkjent doktorgrad ved kunstfakultet. — Utfordrin­gar vi må ta veldig alvorleg

Stipendiatar ved Universitetet i Bergen får ikkje fullført doktorgrad etter «formelle feil».

Dåverande rektor Dag Rune Olsen og dekan Frode Thorsen (nr. tre frå venstre) flankert av adm.dir. i Statsbygg, Harald Nikolaisen, og departementsråd Petter Skarheim under opning av nytt fakultetsbygg i 2017.
Publisert Oppdatert

Fem kandidatar på ph.d.-programmet i kunstnarisk utviklingsarbeid, som vart etablert i 2018, står fortsatt utan grad. Alle høyrer til Kunstakademiet — institutt for samtidskunst. Grunnen er blant anna det dekanen kallar saksbehandlingsfeil på Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen (UiB).

Etter det Khrono forstår, er det i tillegg intern strid på fakultetet og instituttet om både fagleg innhald i programmet og den faglege vurderinga av avhandlingane.

Tilsynsorganet Nokut skal i nær framtid gjennomføre tilsyn med programmet. Det er eitt av sju studietilbod ved UiB som er «tilfeldig» plukka ut for tilsyn, skriv Nokut i ein epost til Khrono. Dersom «vesentlege manglar i det systematiske kvalitetsarbeidet» blir avdekka, kan det ifølgje Nokut føre til at UiB mister retten til «å akkreditere egne studietilbud». Før dette eventuelt skjer, vil ein få ein frist på eitt år for å rette opp i manglane.

«Status for Ph.d. innstillinger» skal opp i lukka møte i fakultetsstyret torsdag denne veka.

Underkjent og «i prosess»

I 2019 fekk ein ph.d.-kandidat ved instituttet underkjent sin grad av fakultetsstyret. I 2022 står fem andre i ein høgst uavklart situasjon.

Fakta

Ph.d. i Kunstnarisk utviklingsarbeid

  • Eit sjølvstendig arbeid innan kunstnarisk utviklingsarbeid skal vere kjerna i ph.d.-utdanninga. Arbeidet skal innehalde ein refleksjonsdel. Programmet er treårig.
  • UiB var det første universitetet i Noreg som etablerte doktorgradsprogram for kunstnarisk utviklingsarbeid. Frå før hadde Kunsthøgskolen i Oslo og Norges musikkhøgskole oppretta graden.
  • Kunstutdanningane hadde tidlegare eit stipendiatprogram som gav førsteamanuensis-kompetanse.
  • Ein kandidat har fått underkjent graden i fakultetsstyret, men i 2021 fått omgjort vedtaket i UiBs sentrale klagenemnd.
  • To kandidatar ikkje fått sluttbehandling på grunn av «formelle feil» i saksbehandlinga.
  • To kandidatar er ifølgje fakultetsleiinga «i prosess» og «unntatt offentlighet».

Det er per i dag 14 ph.d.-studentar på program for kunstnarisk utviklingsarbeid ved instituttet.

På spørsmål om kva som ligg i «formelle feil», seier dekan ved fakultetet, Frode Thorsen, at det dreier seg om «saksbehandlingsfeil». Han seier vidare at dette bør vere relativt enkelt å rydde oppe.

— Vi har skjerpa reglar og prosedyrar for alle både fagleg og administrativt tilsette som er involvert i saksbehandlinga, slik at dei veit nøyaktig kva dei skal gjere. Oppfølginga av prosedyrane er ikkje alltid gode eller stringente nok.

«Eksplisitt refleksjon»

— Kva slags oppfølging får kandidatane som er hamna i ein limbo?

— Dei blir tatt hand om i linja, av instituttleiar. Det gjeld alle som kjem i ein slik situasjon. Dei må varetakast, slik at dei får ei god vurdering av sin totalsituasjon. Det fakultetet kan gjere, er å identifisere meir generelle problem, prøve å få til betre strukturar, for eksempel, seier Thorsen.

Som eksempel peikar han på styrking av kompetansen til rettleiarane og innføring av seminar i sluttfasen (som skal ha blitt gjort) for å sikre tydelegare tilbakemeldingar.

Dekanen vedgår også at det er internt er «ganske stor sprik når det gjeld forståing av programmet» — og særleg det som handlar om vektinga mellom det kunstnariske resultatet og refleksjonsdelen i doktorgraden. Ifølgje KMDs nettsider skal kunstutøvinga stå i sentrum for doktorgradsarbeidet. Samstundes skal graden innehalde ein «eksplisitt refleksjon».

— Det er ulike oppfatningar av kor nivået skal ligge i forhold til det ein kan kalle internasjonal standard.

KMD vart skipa som eit nytt og samlokalisert fakultetet ved UiB då Kunst- og designhøgskolen i Bergen fusjonerte med Griegakademiet 1. januar 2017. Året etter opna UiB doktorgradsprogrammet for kunstnarisk utviklingsarbeid, som første norske universitet.

— Ikkje krise

Målet var at «drift av programmet konsolideres i perioden frem til 2022», heitte det i KMDs eiga forskarutdanningsmelding frå 2018. Men utfordringane har vore betydelege i arbeidet med å sy saman dei to tidlegare utdannings- og forskingsinstitusjonane til ein.

Sjølv om KMD no er inne i sitt sjette år, meiner Thorsen fakultetet fortsatt er inne i ein omstillingsfase.

Det er ulike oppfatningar av kor nivået skal ligge i forhold til det ein kan kalle internasjonal standard

Frode Thorsen, dekan

— Kor lang veg er det å gå for stipendiatane sin del?

— Med dei tiltaka vi har sett i gang, har eg stor tru på at det store fleirtalet av stipendiatane våre skal komme gjennom.

I september 2019 viste ei undersøking på fakultetet at berre tre prosent av dei spurde opplevde at det var god samhandling og kommunikasjon internt på fakultetet. I rapporten vart dette omtalt som eit «kritisk forbedringsområde».

Frode Thorsen gav den gong uttrykk for at han ikkje såg på situasjonen ved fakultetet som ei krise. Det gjer han heller ikkje i dag.

— Eg vil ikkje bruke eit slikt ord der vi er no. Men vi har absolutt utfordringar som vi må ta veldig alvorleg, seier han.

Det har ikkje lykkast Khrono å nå leiar for Kunstakademiet – institutt for samtidskunst, Frans Jacobi. Khrono har vore i kontakt med kandidatar på ph.d.-programmet som i denne omgang ikkje ønskjer å uttale segom saka.

* Retting 16.6.2002: I teksten stod det opphavleg at Nokut hadde «varsla» tilsyn med Fakultet for kunst, musikk og design. Dette kunne skape inntrykk av at fakultetet var særskilt utvalt, men ifølgje Nokut er studieprogrammet tilfeldig plukka ut som del av periodisk tilsyn med institusjonen. Det stod også at institusjonen kan miste retten til å drifte ph.d.-programmet, men dette vil ikkje skje ved dette tilsynet. Derimot kan institusjonen miste retten til å «akkreditere» dersom ein ikkje rettar opp i eventuelt påpeikte manglar innan eit år etter tilsynet.

Powered by Labrador CMS