Debatt ● Gunnar Yttri og Jens Kristian Fosse
Det nye universitetet på Vestlandet styrkar profesjonsutdanningane
Trygve Matthiessen peikar på at det er viktig at det nye universitetet framleis bidreg til å utdanna dyktige kandidatar innan nasjonalt viktige profesjonar som sjukepleiar, lærar og ingeniør. Dette er ei god påminning.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I eit innlegg i Khrono uttrykkjer ingeniør Trygve Matthiessen ei uro for at det nye universitet på Vestlandet vil bli for teoritungt, og at profesjonsutdanningane og oppdraget med å utdanne flinke ingeniørar, lærarar og sjukepleiarar vil koma i bakgrunnen.
Me kan ha forståing for ei slik uro. For universitetsambisjonar kan koplast til for sterk akademisk drift, einsidig merksemd på forsking og internasjonalisering, og svekka fokus på grunnutdanningar og den viktige rolla desse spelar i samfunnet.
Men i det nye universitetet på Vestlandet ønskjer me å få til noko meir. Det er tale om eit samfunnsforplikta universitet, eit universitet me byggjer for å tryggja samfunnsmandatet vårt endå betre enn det me maktar som høgskule. Me byggjer det nye universitetet for å styrka kvalitet, kapasitet og konkurranseevne innan utdanning, forsking og nyskaping.
Me siktar mot:
- Eit universitet med større innverknad for menneske
- Eit universitet som er viktig for samfunnet ikring
- Eit engasjert regionalt universitet
Trygve Matthiessen peikar på at det er viktig at det nye universitetet framleis bidreg til å utdanna dyktige kandidatar innan nasjonalt viktige profesjonar som sjukepleiar, lærar og ingeniør. Dette er ei god påminning.
I det nye universitetet på Vestlandet ønskjer me å få til noko meir. Det er tale om eit samfunnsforplikta universitet, eit universitet me byggjer for å tryggja samfunnsmandatet vårt endå betre enn det me maktar som høgskule.
Gunnar Yttri og Jens Kristian Fosse
Sviktande rekruttering til desse samfunnsberande utdanningane er utfordrande for Vestlandet og for heile Noreg. Lærar-, ingeniør, helse- og sosialfagutdanningar er fagområde der Høgskulen på Vestlandet (HVL) har store utdanningar og fagmiljø. I arbeidet med å nå universitetskrava har me sikta mot å utvikla større fagleg tyngde og relevans som utdannings-, forskings- og innovasjonsaktør. Framover må me og tenka meir på tvers av fagområde for å løysa dei store samfunns- og miljøproblema.
Kunnskapen som vert formidla i utdanningane våre er teoretisk og vitskapleg kunnskap, men har ogso innslag av praksis og det erfaringsbaserte. Praksisstudiar og ferdigheitstrening er obligatorisk i fleire utdanningar. Arbeidslivsrettinga har også medført at disiplinorienterte utdanningar i HVL har innført praksis som del av utdanninga. Dette vekselspelet mellom teori og praksis har høg relevans for kunnskapsbygginga i ein høgare utdanningsinstitusjon som har profesjons- og arbeidslivsretting som kjenneteikn.
Kortfatta kan me seia at tyngda av utdanningane våre vil gi både teoretiske innføringar og søka integrera erfaringar og ferdigheiter frå praksis. Forskinga vår basert på vitskaplege metodar vil ha utgangspunkt i problemstillingar som er henta frå profesjonane eller arbeidslivet. I dette arbeidet er det høgskulens lærarkrefter og forskarar som står for den viktige utføringa; i undervisning, i gjennomføring av forsking, og i samarbeid med vårt omfattande og mangslunge praksisfelt.
Kunnskapsdepartementet vil leggja fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningar i høgare utdanning våren 2024. Høgskulen på Vestlandet håpar meldinga vil visa vyar for utviklinga av profesjonsutdanningane i høgare utdanning. Dette inneber mellom anna at ein gjer ei nødvendig arbeidsdeling og rolleavklaring i utdanningssystemet mellom yrkesfagleg høgare utdanning og høgare (profesjons-) utdanning. Profesjonsutdanningane skal vera forskingsbaserte.
Samstundes er det og slik Universitets- og høgskulerådet (UHR) peikar på i sitt innspel til arbeidet med meldinga, eit behov for å utvikla utdanningane i tråd med framtidige kompetansebehov og pågåande samfunnsendringar. Høgskulen på Vestlandet er oppteken av det same. Profesjonsutdanning, til dømes innan ingeniørfag, har ei viktig rolle der det forskingsintensive blir kombinert med det praksisnære og arbeidslivsrelevante.
I kraft av vår fleircampusstruktur er HVL desentralisert og tett på regionalt arbeidsliv. Det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet har grunnlag i felles fagmiljø med røter i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Slik møter me det regionale arbeidslivet og bidreg til å byggja menneske og samfunn på heile Vestlandet, i landet og internasjonalt.