Debatt ● Trygve Matthiessen
Kva med profesjonsutdanningane i Vestland?
Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal bli universitet. Kva vil det ha å seie for profesjonsutdanningane våre?
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Høgskulen på Vestlandet er ei samanslåing av m.a. dei tidlegare utdanningsinstitusjonane Bergen Ingeniørhøgskole, Bergen Sykepleierhøgskole og lærarskulane fleire stader i noverande Vestland Fylke. Desse utdanningsinstitusjonane har gjennom mange år sytt for profesjonsutdanning — at vi får flinke ingeniørar, sjukepleiarar og lærarar.
Ein av grunnane til at dei kjem ut som flinke kandidatar, er at undervisninga i ein del fag gjerne har vorte utført av erfarne ingeniørar, lærarar og sjukepleiarar.
Kva vil bli endra når HVL vert universitet? Truleg vil, etter kvart som fagleg erfarne undervisningskrefter forsvinn, dei verta erstatta — ikkje av fagfolk innan profesjonane, men flinke amanuensar og postdokar med PhD-gradar etter forsking på sære men for faget gjerne interessante emne.
Eitkvart universitet vil prioritere forsking og publisering av forskingsresultata for å kunne hevde seg i rangeringa i høve til andre universitet. Det er då ein fare for at sjølve profesjonsutdanninga kjem litt i bakgrunnen, det er ikkje der statusen til universitetet vert bygd.
Kor mange universitet trengst eigentleg i eit land med 5,5 mill. innbyggjarar?
Trygve Mathiessen
Vil utdanninga av nye kandidatar tene på denne endringa? Neppe. Dei fleste som søkjer seg til profesjonsstudia på HVL er truleg mest interesserte i å få ei god og praktisk nyttig undervisning til det yrket dei har valt, framfor å ta doktorgradar og bli forskarar. Til dette har vi allereie fleire universitet i Bergen og elles i landet. Kor mange universitet trengst eigentleg i eit land med 5,5 mill. innbyggjarar?
Profesjonsutdanningane eg nemner skal førebu studentane på yrke som krev mange praktiske ferdigheiter — ikkje berre teoretisk kunnskap. Mi bekymring er at overgangen til universitet vil «teoretisere» høgskulen slik at undervising i praktiske ferdigheiter kjem i bakgrunnen.
Erfarne ingeniørar, lærarar og sjukepleiarar burde òg i framtida ha ei rolle i utdanning av framtidige ingeniørar, lærarar og sjukepleiarar, men min spådom er at stillingsheimlane på det framtidige «HVL-universitetet» neppe vil bli fylt av slike.
Kunne vi ikkje også i framtida la dei eksisterande universiteta syte for forsking og doktorgradar, og la HVL konsentrere seg om kjerneverksemda, som burde vere profesjonsutdanning?
Nyeste artikler
Vil framleis ha samarbeid med både Kina og Russland — med varsemd
Hennum vil velges til den ene stillingen hun ikke har hatt ved universitetet
Lanserer korte studier for å lokke nye lærerstudenter
Tid for forskning
Hoel vil lage ekspertgruppe for kunstig intelligens
Mest lest
Leder fikk grovt krenkende julekort i posten. — Ble oppfattet som truende
Forskeren ble sagt opp etter 20 år: — Universitetsverden er veldig forstokket
Hoel fikk spørsmål om kjønn på Stortinget. Svarte bare «nei»
Meiner rektorane bør slutte å sutre. — Problemet er innavl, nepotisme og svak styring
Fikk bli med i prøveordning for unge forskere og ble professor etter fire år