Debatt ● Yngve Skjæveland
Det er ikkje sludder eller pirk. Det er fusk.
Då eg las kapittelet såg eg fort at delar av kjeldematerialet var forfalska og at framstillinga var tendensiøs, skriv historikar Yngve Skjæveland, som er barnebarnet til Eivind Vågslid og den som melde bokkapittel om nynorskmannen inn til USN/HINN som eit mogleg brot på anerkjende forskingsetiske normer.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Khrono omtalar 26.10 ei sak der Reielegheitsutvalet ved USN/HINN har slått fast at ein forfattar av eit bokkapittel har gjort seg skuldig i brot på anerkjende forskingsetiske normer. Kapittelet handlar om ein debatt om gymnaslektor Eivind Vågslid si norskundervisning og er basert på avisinnlegg i Eidsvold Blad og Frisprog i 1953.
Som barnebarn av Eivind Vågslid og som historikar har eg god kjennskap til dette ordskiftet og eg har tidlegare lese kjeldematerialet som ligg til grunn for kapittelet. Då eg las kapittelet såg eg difor fort at delar av kjeldematerialet var forfalska og at framstillinga var tendensiøs.
Eg melde difor saka inn til USN/HINN som eit mogleg brot på anerkjende forskingsetiske normer. Reielegheitsutvalet ved USN/HINN har gått gjennom saka, og har eit stykke på veg gjeve meg rett i mine skuldingar. Dei kallar det rett nok ikkje forfalsking eller fusk, det er mine påstandar. Utvalet karakteriserer det som «fordreining av forskning som ikke er forenlig med god vitenskapelig praksis».
Denne saka handlar ikkje om ulike tolkingar av eit historisk materiale eller om at ikkje-historikarar i Reielegheitsutvalet har overprøvd ein historikar sine faglege vurderingar. Det dreier seg heller ikkje om å pirka i ørsmå nyansar i språkbruk. Det handlar om kva som ligg til grunn for historikaren sine tolkingar, og om korleis ein handterer og presenterer datamaterialet som forskinga baserer seg på. Saka handlar i dette tilfellet om at historikaren sine tolkingar er basert på forfalsking av innhaldet i nokre av kjeldene.
Kapittelet diskuterer skuldingar mot Vågslid om at han brukte tvang og press mot elevar. Den sentrale skuldinga mot Vågslid var at når han retta elevane sine bokmålsstilar, strauk han ut ord som var lovlege i bokmål og erstatta dei med nynorskord. Vågslid tilbakeviste dette og forklarte at han ikkje strauk ut eller gav elevane feil for ord som var lovlege å skriva, han kom med framlegg til alternative ord og formuleringar som han meinte var betre og meir norske. Men i kapittelet er delar av innhaldet i Vågslid sine ytringar forfalska.
Saka handlar i dette tilfellet om at historikaren sine tolkingar er basert på forfalsking av innhaldet i nokre av kjeldene.
Yngve Skjæveland
Eit viktig poeng i vurderinga av kjeldebruken i kapittelet er skiljet mellom «å stryka ut» («crosses out», «replace») som forfattaren påstar at Vågslid seier at han gjer, og « å setja attmed» eller «setja til» som Vågslid sjølv seier at han gjer. Finn Erhard Johannessen uttaler til Khrono at dette er «veldig pirkete». Men denne skilnaden i språkbruk er ikkje ein bagatell, dette er eit kjernepunkt i avisordskiftet og sentralt i forfattaren sin argumentasjon.
Johannessen seier ifølgje Khrono at «Vågslid skriver at han setter til ting som han mener er bedre å bruke. Han sier ikke da noe om at hvorvidt han stryker ut det andre eller ikke, så det kan godt være han stryker ut også.» Det Johannessen seier her er ikkje riktig. Vågslid seier nemleg mykje om «hvorvidt han stryker ut eller ikke». Han gjer detaljert greie for korleis han går fram når han rettar stilar, han grunngjev framgangsmåten og forklarar korleis det inngår i undervisninga. Vågslid understreka at han ikkje strauk ut eller bytte ut lovlege ord og elevane fekk ikkje feil for bruk av lovlege former. Han forklarte at han skreiv merknader som var utgangspunkt for samtalar med elevane. Målet var at elevane skulle få kunnskap om språket som kunne gje grunnlag for elevane sine sjølvstendige val.
Kapittelforfattaren påstår derimot at Vågslid skriv at han «always replaced» eller «crosses out». Forfattaren legg påstandane frå motstandarane i munnen på Vågslid, og får det til å stå fram som om Vågslid seier seg samd i skuldingane om at han «stryk ut». Denne «omsetjinga» og parafraseringa er jamgod med sitatfusk.
«Der må man tolke hva han mener», seier Johannessen vidare. Ja, det er riktig, ein må tolka kva Vågslid meiner. Ein historikar kan koma fram til ei tolking som seier at ein historisk aktør har andre intensjonar og motiv eller handlar på andre måtar enn det aktøren sjølv gjev uttrykk for.
Men historikaren kan likevel ikkje velja å sjå bort frå eller endra innhaldet i det aktøren sjølv seier. I ei slik tolking vil det vera vesentleg å ta med korleis andre aktørar oppfatta det som skjedde, og dette gjer forfattaren på ein grundig og påliteleg måte. Men ein må vera påliteleg i bruken av alle kjelder, ikkje berre nokre utvalde.
Uansett kva tolkinga endar opp med, må ein ta utgangspunkt i kva som faktisk står i kjeldene og tolkingsprosessen må vera transparent. Ein kan ikkje først lyga om innhaldet og deretter basera tolkinga på den forfalska framstillinga av kjeldene. Ei slik «tolking» er heilt meiningslaus. Dersom ein skulle akseptera ein slik framgangsmåte ville historiefaget blir fullstendig subjektivt og vilkårleg, og ein historikar kan få nær sagt ei kvar tolking til å sjå rimeleg ut.
Frå forfattaren si side kan det ikkje vera snakk om mistydingar eller om at noko har blitt borte i omsetjinga frå eit språk til eit anna. Kjeldematerialet som ligg til grunn for artikkelen er ikkje omfattande, bodskapen i avisinnlegga er tydeleg og ikkje vanskeleg å forstå. Det er snakk om ei medviten fordreiing av innhaldet for å få kjeldene til å passa med forfattaren sitt narrativ.
Khrono si framstilling av Vågslid sin kritikk av Eidsvold Blad er difor feil.
Yngve Skjæveland
Dei korte utdraga frå kapittelet og primærkjeldene som blir presentert i Khrono er ikkje tilstrekkelege til å få full innsikt i korleis kjeldene blir brukt. Khrono si framstilling av Vågslid sin kritikk av Eidsvold Blad er difor feil. Forfattaren av bokkapittelet framstilte det som om Vågslid kritiserte Eidsvold Blad for å gje spalteplass til motstandarane hans. Det motsette var tilfelle, han kritiserte avisa for å ikkje presentera alle skuldingane mot han. Han ville ha alt fram i lyset, slik at lesarane kunne forstå kva det handla om, dette er gjennomgåande i alle Vågslid sine innlegg.
I Khrono 26.10 blir saka omtalt som «sludder» og «pirk». Men det er korkje sludder eller pirk å påvisa at ein forskar medvite manipulerer datamaterialet som ligg til grunn for forskinga.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut