Spionasje

— Dersom nokon vil svindle oss, så kan vi ikkje hindre det

Forskarar frå Russland, Kina, Iran, Pakistan – i alt 36 nasjonar er representerte på Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen (UiB). – Vi baserer oss på tillit, seier leiinga.

— Det som er viktig for oss, er at alle tilsette, uansett kva land dei kjem ifrå, skal kunne stole på oss og komme til oss om dei blir utsett for press eller liknande, seier instituttleiar Inge Jonassen og administrasjonsleiar Linda Vagtskjold.
Publisert Oppdatert

På kontordørene er det til dels langt mellom «Ola» og «Kari».

Institutt for informatikk kallar seg mellom anna eit kraftsenter for kunstig intelligens (AI). Her arbeider høgkompetente stipendiatar, amanuensar og professorar med algoritmar, krypotgrafi, maskinlæring og mangt anna.

Mange av dei kjem frå land norske styresmakter fryktar skal stele sensitiv informasjon, eller kanskje – som PST hevdar er tilfellet i Tromsø – arbeide seg inn i djupe tillitsforhold i sentrale miljø og på den måten få tilgang til kritisk informasjon.

— Vi høyrer at vi skal vere vaktsame og følgje ekstra godt med. Men dersom nokon vil svindle oss, så kan vi ikkje hindre det. Til det har vi ingen verktøy eller spesiell kompetanse. Vi er ikkje etterforskarar, seier Linda Vagtskjold, dagleg leiar ved administrasjonen ved instituttet.

Tillit, uansett land

Det dei derimot kan gjere, meiner ho, er å arbeide med å skape ein tillitsfull atmosfære.

— Det som er viktig for oss, er at alle tilsette, uansett kva land dei kjem ifrå, skal kunne stole på oss og komme til oss om dei blir utsette for press eller liknande.

Leiar for instituttet med overordna ansvar for forsking og utdanning, Inge Jonassen, nikkar samtykkande.

— Vi har forskarar frå 36 land. Når vi gjer tilsetjingar, må vi i mange tilfelle søke eksportkontroll. Vi må stole på den prosessen, og stole på medarbeidarane vi tilset her.

Alle internasjonalt tilsette går gjennom ein valideringsprosedyre ved UiB, der dei viktigaste dokumenta og formelle krav blir undersøkt og verifisert. I visse tilfelle krev styresmaktene at forskarar og studentar går gjennom såkalla eksportkontroll. Det gjeld blant andre Kina, Iran og Russland.

I tillegg til UiBs samtalar med PST sentralt, føregår denne kontakten også lokalt på instituttet.

På Khronos rundtur på instituttet, som er lokalisert ved Høgteknologisenteret i Bergen, ønskte ingen av forskarane som vart spurde å uttale seg om tematikken.

Ein av forskarane grunngav dette med uro for at det kan få negative konsekvensar for forskaren sjølv, familie eller kollegaer, for eksempel i form av reaksjonar frå regimet i landet hen kjem ifrå.

— Kan også hende her

Ifølgje leiinga ved instituttet har hendingane i Tromsø dei siste dagane ingen direkte konsekvensar for dei. Fredag vart ein gjesteforskar for spionasje ved UiT Noregs arktiske universitet sikta for spionasje. Mannen hadde brasilianske identitetspapir, men er sikta for å ha spionert for Russland.

— Eg blir nysgjerrig, som alle andre. Og som leiar i eit system med mange internasjonalt tilsette frå land med eksportkontroll, melder tanken seg om dette også kan hende her. Det kan vi ikkje sjå bort ifrå, seier instituttleiar Jonassen.

Institutt for informatikk er lokalisert ved Høyteknologisenteret på Marineholmen i Bergen sentrum.

Terskelen for å ringe kontaktane i PST er låg. Leiarane er likevel mest opptatt av at alle som arbeider på instituttet skal ha låg terskel for å komme til dei, i første omgang – også om det skulle oppstå mistankar om at nokon i miljøet kan ha ureint mjøl i posen.

Universiteta og forskingsmiljøa har fleire gonger blitt skulda for å vere naive i møtet med utanlandsk etterretning og faren for spionasje – også før den russiske invasjonen i Ukraina.

Tidlegare leiar ved Institutt for informatikk, og no prorektor ved Universitetet i Bergen, Pinar Heggernes, liker ikkje karakteristikken. Ho understrekar at ho uttalar seg til Khrono som tidlegare instituttleiar, ikkje prorektor, i denne samanhengen.

— Frykt ikkje haldbart

— Frykt for det eine eller andre er ikkje haldbart i lengda. Eg vil peike på at styresmaktene har noko som heiter Panorama-strategien. I den har Kunnskapsdepartementet lagt opp til auka samarbeid med Russland, Kina og fleire andre land. Utifrå det perspektivet er det rart å seie at det er akademia som har vore naiv.

— Kan den skjerpa tryggleikssituasjonen og hendinga i Tromsø gjere noko med tilliten forskarane i mellom?

— Eg vil ikkje bagatellisere problemstillinga. Men eg håper ikkje det. Vi er vande med å samarbeide internasjonalt. Mange forskarar ved UiB har budd og arbeidd store delar av livet i andre land enn der dei er fødde. Ein del har erfaring frå tredje- og fjerdeland.

Heggernes seier uro for spionasje eller etterretning ikkje har vore noko sentralt tema i hennar tid på instituttet.

— Nei, det vil eg ikkje seie. Vi hadde kontinuerleg dialog med PST, og no er det også eksportgodkjenning frå visse land innført. Vi gjorde bakgrunnssjekk i dialog med sikkerheitsstyresmaktene. Vi ønskte og ønsker ikkje at nokon skal føle seg mistenkeleggjort. Mange av dei med utanlandsk opphav er også blitt norske statsborgarar, seier Heggernes.

Powered by Labrador CMS