Debatt ● Alfred Bjørlo

Den vedunderlege fridomen til å kutte

I ei tid kor verda rundt oss satsar meir på forsking og kunnskap, aukar dei norske universiteta sin autonomi. Men autonomien rekk ikkje til anna enn å gi universiteta den vedunderlege fridomen til å kutte.

Portrett av Alfred Bjørlo i et høstlig fjellandskap
Knapt noko land i Norden eller Europa har større behov for kunnskapsbasert omstilling enn Noreg, skriv forfattaren. — Venstre meiner at i den omstillinga av Noreg vi no må få fart på, må vi sørge for å nytte den viktigaste naturressursen vi har: unge, lærehungrige menneske.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det første norske universitetet, Universitetet i Oslo, vart skipa i 1811 — tre år før Grunnlova — etter lang kamp og storstilt mobilisering over heile landet. Dei som bygde Noreg på 1700- og 1800-talet såg på kunnskap, utdanning og forsking som det aller viktigaste for å bygge samfunnet dei drøymde om. Å reise eit norsk universitet kom før både grunnlov, slott og nasjonalforsamling.

I dag — i 2025 — er forsking og akademia under press. Skiljet mellom løgn og sanning blir forsøkt viska ut. Den frie forskinga blir pressa inn i politisk styrte spor. Ein stadig større del av forskinga som kan endre verda for alltid, skjer i land og bedrifter som ikkje spelar etter dei same reglane som oss.

Eg og Venstre meiner rektor Christen Krogh og prorektor Tanja Storsul ved OsloMet har rett, når dei i Khrono 21/1 slår alarm om at Noreg står i fare for å bli «landet som visste for lite».

I all vår enorme oljerikdom klarer vi kunststykket å la forsking og høgare utdanning bli salderingspost. I staden for å legge til rette for at universiteta kan satse og bygge, har Ap/Sp-regjeringa fått den kreative ideen at dei i staden kan legge til rette for at det blir enklare å kutte, slik rektor Margareth Hagen på UiB påpeiker i Khrono 28/1 i samband med at regjeringa har kutta kravet om måltal for stipendiatar.

Auka autonomi? Ja, for så vidt. Men ikkje autonomi til anna enn å gi universiteta den vedunderlege fridomen til å kutte — i ei tid kor verda rundt oss satsar meir på forsking og kunnskap.

For kva skjer elles i Norden? Sverige er allereie ei stormakt innan forsking, med mål om å bli endå større. Danmark har verdas største private forskingsfond og har no sørga for ein statleg forskingsreserve for å sikre at dei statlege løyvingane aukar i takt med auken i BNP. Finland kjem raskt etter, og har vedtatt auka forskingsfinansiering fram til 2030 som ei eiga lov i parlamentet.

I Noreg handlar kvardagen ute i universitets- og forskingsmiljøa om kutt. Om færre utanlandsstudentar, færre stipendiatar, trongare finansiering av internasjonale prosjekt. Samtidig som Ap/Sp-regjeringa med brask og bram lanserer nye ambisjonar og mål. 

Når rektor Hagen ved UiB i Khrono påpeiker at regjeringa si blanding av ambisjonar, kutt og pålegg ikkje er «koherent», tar ho i alle fall ikkje for sterkt i.

Venstre kalla i haust inn til eit krisemøte for forsking og høgare utdanning på Stortinget. Det var ikkje eit eingongs-stunt frå vår side. Vi meiner alvor. Ikkje berre eg som næringspolitisk talsperson for Venstre og Abid Raja som utdannings­politisk talsperson, men i samla flokk, med Venstre-leiar Guri Melby i spissen.

I 2025 og åra som kjem må forsking og kunnskap kome først — på same måte som den tids nasjonale strategar tenkte då Noreg skulle byggast som land i tiåra før og etter 1814.

Alfred Bjørlo

Knapt noko land i Norden eller Europa har større behov for kunnskapsbasert omstilling enn Noreg. For å erstatte dagens oljetunge økonomi med nye næringar. For å kutte våre rekordhøge klimautslepp og få slutt på øydelegginga av verdifull natur. For å løfte kvaliteten på skulen, og møte eldrebølgja. 

Og rett og slett for å sikre vår «demokratiske beredskap» — at vi har eit informert og kritisk folk som kan stå imot manipulering av fakta og har evne til å føre kunnskapsbasert ordskifte. Her treng vi heile feltet, frå humaniora til naturvitskapane.

Venstre meiner at i den omstillinga av Noreg vi no må få fart på, må vi sørge for å nytte den viktigaste naturressursen vi har: unge, lærehungrige menneske. 

Venstre vil ha ein langsiktig, kraftig opptrappingsplan for norsk forsking — inkludert dei statlege forskingsløyvingane. Grunnforskinga må styrkast gjennom auka grunnløyvingar til universitet og høgskular og ved at mest mogleg forsking blir finansiert gjennom frie løyvingar og opne forskingsprogram. 

Vi må ha betre rammevilkår for rekrutteringsstillingar og for å søke EU-prosjekt. Vi bør fjerne det håplause vedtaket frå Ap, Sp og SV om å innføre studieavgift for studentar frå land utanfor EU, og ta opp til ny vurdering det absolutte kravet dagens regjering har innført om opplæring i norsk språk for internasjonale stipendiatar og postdoktorar.

---

Alfred Bjørlo med hovudfagsoppgaven «A review of Afrotropical Polypedilum subgenus Tripodura, without trifid anal point» fra 1997

I 1997 leverte eg mi hovudfagsoppgåve i systematisk zoologi ved Universitetet i Bergen: «A review of Afrotropical Polypedilum subgenus Tripodura, without trifid anal point». 

Oppgåva vart aldri folkelesing og har neppe skapt ei einaste ny bedrift. 

Men mi tid i felten i Afrika og på studentsalen i det gamle, hustrige Universitetsmuseet i Bergen tilførte like fullt verda litt meir kunnskap om korleis livet er bygd opp — deriblant vitskapleg skildring av sju nye artar mygg frå tropisk Afrika.

I 1998 sto eg med eitt bein i forskinga og eitt bein i politikken. Eg hadde søkt — og fått — doktorgradsstipend på Universitetet i Uppsala for å gå endå djupare inn i insekta si vedunderlege verd. I siste sving valde eg å flytte begge beina over i politikken, då det dukka opp tilbod om å bli politisk rådgivar for Venstre og næringsminister Lars Sponheim.

Men respekten for forsking og kunnskap har eg med meg inn i politikken. Venstre er og skal vere forskingspartiet. 

Og eg kan love rektor Krogh på Oslo Met, rektor Hagen på UiB og alle andre i norsk akademia at vi forstår kva det står om. I 2025 og åra som kjem må forsking og kunnskap kome først — på same måte som den tids nasjonale strategar tenkte då Noreg skulle byggast som land i tiåra før og etter 1814.

Powered by Labrador CMS