Debatt ● Yngve Flo

Breidda finst òg i dei store faga

Ja, det humanistiske fakultet har eit særleg ansvar for å sikre fagleg breidde ved Universitetet i Bergen. Men det er for lettvint å tenkje at vi løyser denne oppgåva best ved å kutte i dei store faga.

Yngve Flo er fagkoordinator for historie ved Universitetet i Bergen.
Yngve Flo er fagkoordinator for historie ved Universitetet i Bergen.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Professor Kjell Erik Lommerud gjer i Khrono av 27. april nokre vurderingar knytt til arbeidet med ny bemanningsplan på Det humanistiske fakultet, og peikar i denne samanheng på det særskilde ansvaret fakultet har for å vareta Universitetet i Bergen (UiB) som eit breiddeuniversitet. Delar av argumentasjonen går på formelle plikter, og kva disposisjonar fakultetet reint faktisk har lov til å gjennomføre. Om eg forstår Lommerud rett, er einskilde fag så små at dei allereie i utgangspunktet burde ha vore formelt verna mot å bli vurderte for inndraging av stillingar. Dette spørsmålet har eg sjølv ingen føresetnader for å vurdere, men om dette verkeleg er tilfelle, tillèt eg meg å undre meg over at ein slik viktig premiss ikkje er fastslått for lengst – også lenge før arbeidet med den noverande bemanningsplanen tok til.

Andre delar av argumentasjonen tek utgangspunkt i at heile finansieringssystemet for HF byggjer på eit vilkår om «breidde» som vert uklårt forstått og fortolka, og som krev ei klårgjering. Her er Lommerud sjølv tydeleg på si eiga forståing: Breidde handlar om kor mange fag som er representerte på fakultet. Dermed sikrar ein breiddeomsyn fyrst og fremst ved å verne dei minste faga mot «de facto nedlegging».

Og, ja – naturlegvis handlar breidde dels om å ha ein brei meny av vitskapsfelt og studieprogram. Bemanningsplanen slik han ligg føre, med inndraging av stillingar i sju fag, har definitivt direkte negative konsekvensar for den fagleg breidda ved UiB. Men det inneber ikkje at det er lett å peike på alternative prioriteringar som vernar breiddeomsynet på ein betre måte. Det er nemleg slik at dei større faga ikkje er ei motvekt til, men ein heilt naudsynt føresetnad for breidda ved fakultetet.

For å ta det mest innlysande fyrst: Alle dei større faga er i seg sjølve rammer kring ei rekkje faglege spesialiseringar; tematiske felt, særskilde perspektiv, spesialisert metodisk kompetanse, og så vidare – som i mange tilfelle heng på einskildpersonar i staben. Om ein skal teikne eit bilete av diversiteten på HF, held det difor ikkje å telje fag. Ein må sjå kva dei einskilde medlemene av den faglege staben faktisk arbeider med, innanfor dei vide faglege yttergrensene. Utan at eg kjenner dei respektive fagstrategiane, er eg ikkje i tvil om at alle fag som er involverte i bemanningsplanen ynskjer å gjere disposisjonar som vernar eller styrkjer breidda på fakultetet. Det er difor i praksis uråd å gjere nedskjeringar i den vitskaplege staben på HF, det vere seg på store eller på små fag, utan at dette på eitt eller anna vis manifesterer seg som ei innsnevring av den faglege breidda på fakultetet, iallfall på kort sikt.

Dinest: Lommerud framstiller bemanningsplanen som ein ressurskamp mellom store og små fag, og meir spesifikt – gjennom overskrifta – som ein tvikamp mellom eitt stort og eitt lite fag. I denne samanheng finn han det opportunt å tillegg meg visse haldningar og meiningar: Eg skal visst nok ha som22 utgangspunkt at eg aukar sjansane for mitt eige fag «hvis man kutter i småfag», og elles leve i trua på at fag kan «drives bare på midlene fra studentproduksjon», eller at pengane som går til HF «fullt ut «tilhører» de ulike fagmiljøene etter hvor mange studenter de har». Dette er, for dei som tek seg bryet med å lese kva eg eksplisitt har ytra gjennom Khrono, meir eller mindre det motsette av kva eg faktisk har formidla.

Det sentrale målet med bemanningsplanen, og grunnlaget for hele kriteriesystemet, er at HF skal disponere ressursane på ein måte som genererer mest mogleg nye ressursar, og som gjer fakultetet i stand til å vareta pliktene sine, ikkje minst til å vareta breidda. På eit humanistisk fakultet er det heilt naturleg at det både finst fag som genererer eit overskot av resultatmidlar og fag som ikkje gjer det – og det er like naturleg at midlane vert forvalta på ein måte som også kjem dei sistnemnde faga til gode. Alle tapar om resultatmidlane vert svekka, men det risikerer vi, til dømes om faga med flest studentar får dårlegare evne til å følgje opp einskildstudentar og sikre god gjennomstrøyming.

Difor er det feil å gjere breiddediskusjonen til ein strid mellom store og små fag, eller mellom dei som har overskot og underskot på resultatmidlar. I ein stadig meir pressa ressurssituasjon, bør HF prioritere arbeidet med å styrkje sine eigne inntekter. Til sjuande og sist er det dette som må til også for å sikre mest mogleg breidde på fakultetet.

Powered by Labrador CMS