Debatt ● Liv Ingrid Aske Håberg
Boikott av israelsk akademia står fram som ein uakademisk idé
Liv Ingrid Aske Håberg svarar Hege Hermansen i debatten om akademisk boikott av Israel.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Khrono publiserte 1. desember debattinnlegget «Formålet med akademisk boikott er å styrke akademisk frihet og rettferdighet» av Hege Hermansen, ein av to initiativtakarar til «Opprop om akademisk boikott av israelsk akademia».
Hermansen viser til debattinnlegga til Mikhail Gradovski og meg sjølv, som begge går imot boikott. Hermansen har samanfatta dei to innlegga og hevdar at dei omhandlar fem punkt: «i) boikott er uetisk, ii) boikott er en form for straff, iii) boikott hindrer dialog, iv) palestinere selv utgjør den største trusselen mot akademisk frihet, og v) boikott er en 'oppgave som ikke inngår i akademias samfunnsmandat'».
Dette er Hermansen sine påstandar og tolking. Dessverre er eitt av hovudpoenga i min kritikk av oppropet om israelsk boikott ikkje tatt med.
I det førre debattinnlegget peika eg på den manglande kontekstualiseringa i oppropet. Eg undrast over korleis det er mogleg å seie noko om situasjonen i Israel og Gaza, utan å nemne Hamas sine terrorhandlingar 7. oktober. Sameleis blir det i oppropet heller ikkje vist til korleis storpolitiske aspekt, som Iran sine lange og styrande hender, påverkar det som skjer i området, og verken ideologiske eller religiøse aspekt blir nemnde. Det er som om oppropet eksisterer i eit vakuum.
Dette står i kontrast til kjenneteikn ved akademia som å kontekstualisere, analysere og vurdere ei sak frå fleire perspektiv på ein open og så langt mogleg, fordomsfri måte.
Mine nest siste ord i denne saka er difor at oppropet om akademisk boikott av israelsk akademia står fram som ein uakademisk idé. Mine siste ord er at mange har tatt kontakt for å seie at dei er einig i min kritikk av akademisk boikott, men dei tør ikkje flagge det sjølve.