Lønnsforhandling

Avviser at Unio gir frå seg streikeretten

Unio gir frå seg sitt viktigaste maktmiddel når organisasjonen allierer seg med Akademikerne, hevdar NTL-tillitsvald. Feil, meiner Unios forhandlingsleiar.

Unios forhandlingsleiar, Guro Lind, meiner Ronny Kjelsbergs påstandar kviler på hypotetiske scenario. — Der konfliktane faktisk oppstår, der vil streikeretten vere den same som før, seier ho.
Publisert

— Unio gir ifrå seg det mest grunnleggande maktmiddelet som heile lønnsforhandlingane bygger på, nemleg streikeretten, sa NTL-tillitsvald Ronny Kjelsberg til Khrono torsdag.

Det er ein påstand som ikkje held vatn, svarer Guro Lind, Unios forhandlingsleiar, som også er leiar i Forskerforbundet.

— Streikeretten for dei sentrale partane i forhandlingane med staten ligg fast som han alltid har gjort. Ingenting blir endra ved retten til å streike om forhandlingane ikkje fører fram etter mekling, seier Lind.

«Korttenkt»

Kjelsberg utdjupa kritikken i eit innlegg der han kallar Unios avgjersle om å droppe samarbeidet med LO og inngå samarbeid med Akademikerne som historielaust og «ufattelig korttenkt».

Kjelsberg sit i styret til NTL ved NTNU.

Unio, om er landets største hovudorganisasjonen for arbeidstakarar med høgare utdanning, melde denne veka at dei ikkje lenger vil framforhandle tariffavtale med staten saman med LO. I staden går Unio i partnarskap med Akademikerne. Dei fire hovudorganisasjonane, LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat stod fram til 2016 samla i forhandlingane med staten. Då braut Akademikarane ut for å kunne fordele potten til sine medlemmer lokalt, slik også Unio no ønsker.

Kjelsbergs poeng er at streikeretten ikkje eksisterer på lokalt nivå. Ved eit forhandlingsbrot lokalt blir det opp til eit statleg utval å fastsetje resultatet. Lind meiner derimot Kjelsberg slår alarm på gale premissar — og at det er Kjelsberg som er historielaus, ikkje Unio.

Hypotetisk

— Ramma og tariffane blir forhandla sentralt, og her er det full streikerett. I heile Unios historie har ein aldri gått til streik på anna grunnlag enn dette, seier Lind.

Ho meiner derfor Kjelsbergs påstandar blir hypotetiske.

— Der konfliktane faktisk oppstår, der vil streikeretten vere den same som før, seier Lind.

Ho seier grunnen til at Unio no ønsker å gå i allianse med Akademikerne er at dei vil snu det ho kallar mindrelønnsutviklinga for tilsette i staten.

— Det har Kjelsberg valt å sjå heilt bort ifrå: Talgrunnlaget som viser ei solid mindrelønnsutvikling over tid for dei med lengre utdanning.

Lind viser til statistikk frå SSB som viser at dei med lågast utdanning har den klart høgaste lønsveksten, medan gruppene med høgare utdanning er taparar fleire år på rad.

Startskotet for forhandlingane mellom hovudsamanaslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS stat og staten gjekk onsdag denne veka. Fristen for å bli einige er 30. april. Skjer ikkje det, kan det bli streik frå 24. mai.

Powered by Labrador CMS