Lønnsoppgjeret
Sjokkert over Unios farvel til LO: — Gir frå seg det viktigaste maktmiddelet
Styremedlem i NTL ved NTNU håper på opprør eller medlemsflukt i Forskerforbundet og andre fagforeiningar under Unio-paraplyen.
I går gjekk startskotet for lønnsforhandlingane i staten. Samstundes annonserte landets største hovudorganisasjon for arbeidstakarar med høgare utdanning, Unio, at dei ikkje lenger ønsker å framforhandle tariffavtale med staten saman med LO. I staden går Unio inn i eit samarbeid med Akademikerne.
I Unio er blant anna dei 24 000 medlemene i Forskerforbundet, landets største fagforeining for tilsette i forsking og høgare utdanning.
Unios vegval vekker reaksjonar i NTL, ei av dei andre store fagforeiningane som organiserer mange tilsette i kunnskapssektoren.
— Eg er sjokkert. Med dette gir Unio ifrå seg det mest grunnleggande maktmiddelet som heile forhandlinga bygger på, nemleg streikeretten, seier Ronny Kjelsberg, styremedlem ved NTL NTNU.
Ved brot i lokale forhandlingar blir det opp til eit statleg lønsutval å fastsetje utfallet. Ifølgje Kjelsberg viser erfaringane at avgjerslene i hovudsak slår ut til fordel for arbeidsgivarsida.
Dei fire hovudorganisasjonane, LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat stod fram til 2016 samla i forhandlingane med staten. Då braut Akademikarane ut for å kunne fordele potten til sine medlemmer lokalt. Det er dette Unio no også vil, i eit forsøk på å auke lønene til dei med masterutdanning eller doktorgrad. Ifølgje Unio har statstilsette med berre vidaregåande eller grunnskule hatt den høgaste lønsveksten, dei med høgare utdanning den lågaste.
Unio: — Sikre god lønnsutvikling
Ifølgje Unios forhandlingsleiar – og leiar i Forskerforbundet – Guro Lind er det fleire dårlege oppgjer for medlemene som no gjer at Unio ønsker å alliere seg med Akademikerne.
— Slik forhandlingssituasjonen er i staten, er dette vår beste moglegheit til å sikre god lønsutvikling for våre medlemmer, seier Lind i ei pressemelding.
Rammene for oppgjeret skal fortsatt avgjerast sentralt, med kollektiv lønnsdanning som grunnleggande element, ifølgje Lind.
— Og det skal fortsatt finnast satsar for minstelønn. Men vi aksepterer at fordelinga av lønnsmidlar skal skje ved den enkelte verksemda, seier ho til Forskerforum.
Unio kjem ikkje til å lykkast med strategien, trur Kjelsberg i NTL.
— Det vi har sett dei siste åra er at det veldig stor variasjon, men at mange har tapt kjøpekraft, fordi potten blir fordelt lokalt. Det merkelege, og det trur eg veldig mange i Unio er einig i, er at ein vil prøve å rette opp i det med meir av det same, seier han.
Med «det same», meiner han «åtte år med varierende nyanser av mørkeblå regjering», som han skriv i eit innlegg i Khrono. Der fyrer Kjelsberg laus mot det han meiner er ein «historieløs og kunnskapsløs» manøver frå Unios side.
Ifølgje Kjelsberg har vi «sett en arbeidsgiver som har presset fram at store mengder av lønnsmassen skal fastsettes nettopp lokalt. Resultatet har blitt at ansatte som ikke har blitt tilgodesett i lokale forhandlinger har fått en reallønnsnedgang, mens noen få høyprofilerte ansatte har hatt enorm lønnsvekst».
Håper på medlemsflukt
Kjelsberg meiner Unio meir eller mindre kastar «den norske modellen» på båten, og set sin lit til at medlemmene raskt set giret i revers.
«Jeg håper det blir enten medlemsopprør eller medlemsflukt, for dette undergraver alt vi tradisjonelt har stått sammen om som fagforeninger i staten», skriv han i innlegget i Khrono.
Kjelsberg seier han fryktar at det blir lettare for arbeidsgivarsida å setje fagforeiningar i ei splitta arbeidstakarside opp mot kvarandre i forhandlingar - ettersom Unio ikkje lenger vil stå i rekkene med YS og LO Stat, som NTL høyrer til.
I Forskerforum spekulerer ekspert på lønnsforhandlingar, Åsmund Arup Seip, i at Unios flørt med Akademikarane er eit taktisk forsøk på å påverke LO og YS.
— Då med tanke på at dei likevel ønskjer å gå inngå tariffavtale med LO og YS. I ein forhandlingssituasjon er det klart at alle utsegner er del av forhandlinsspelet, seier Seip, som også er seniorforskar i Fafo, til Forskerforum.
Kjelsberg har lite tru på dette scenariet.
— Å gå ut på ein slik måte vil vere uprofesjonelt av erfarne fagforeiningsfolk. Dersom det faktisk er slik, er det i så fall eit farleg spel.