Spionasje

Åtvarar om kinesisk spionasje ved danske universitet

Dansk etterretning åtvarar danske forskarar og studentar mot spionasjetrusselen frå Kina, Russland og Iran.

I Noreg satsar Universitetet i Oslo på å vere den førande akademiske institusjonen for samarbeid mellom Kina og Noreg. Bildet er frå eit delegasjonsbesøk i 2018.
Publisert Oppdatert

Dansk etterretning har for første gong publisert ein rapport om spionasjetruslar mot landet. Forskarar og studentar er blant dei som blir trekt fram som aktuelle mål.

Russland, Iran og Kina, det er primært landa trusselen dreier seg om. Men også andre statar blir peikt ut av Politiets efterretningstjeneste (PET), blant dei Saudi-Arabia.

Rapporten får brei omtale i avisa Politiken denne veka, og det er særleg Kina som blir utpeikt som ein trussel i den akademiske sektoren.

— Trusselen har vore stigande dei siste par åra. Kina har ein ambisjon om at kunnskap og teknologi dei innhentar bør kunne brukast og overførast til deira militære program, seier avdelingssjef for kontraspionasje i, Anders Henriksen.

Kunstig intelligens og bioteknologi

Ifølgje PET gjer framande etterretningstenester kontinuerlege framstøyt for å bygge kontaktar til studentar, forskarar og institusjonar som kan gi informasjon om ny teknologi og forsking i Danmark. Forsking på kunstig intelligens, kvanteteknologi og bioteknologi blir rekna som særleg sensitivt.

Direktør i interesseorganisasjonen Danske universitet, Jesper Langergaard, uttalar til Politiken at «danske universitet i løpet av dei siste åra er blitt langt meir merksame på at der er ikkje-legitime krefter som forsøker å få tilgang til forskinga».

Det er første gong den danske etterretningstenesta publiserer ei trusselvurdering av spionasjetruslar mot landet.

I Noreg har Politiets sikkerhetsteneste (PST) fleire gongar utpeikt universiteta som sentrale mål for framand etterretning, primært frå Kina, Russland og Iran.

Fleire åtvaringar i Noreg

Det norske Utanriksdepartementet arbeider for tida med eit nytt regelverk som skal skjerpe kontrollen med kunnskapsoverføring til land som kan tenkast å misbruke informasjonen. Bakgrunnen er fleire hendingar ved norske institusjonar, og rapportar frå Politiets sikkerheitsteneste (PST), som fryktar spionasje frå land Noreg ikkje har tryggleikssamarbeid med.

I 2020 sikta PST to NTNU-forskarar for å ha overlevert ureglementert informasjon til Iran. Ein annan mann vart sikta for å ha delt informasjon med ein russisk etterretningsagent. I 2015 vart to forskarar ved Universitetet i Agder utviste frå Noreg.

I fjor vart Universitetet i Oslo (UiO) kritisert for etablere vertskap for det kinesiske Fudan-universitetets europeiske senter. UiO-leiinga avviste kritikken. Senteret vart flytta frå Københavns universitet. Bakteppet var mellom anna avsløringar i dansk presse om dansk-kinesiske forskarsamarbeid der teknologi er blitt utvikla og brukt i menneskrettsstridig overvaking av minoritetar. Offisielt var grunngivinga at universitetet ønskte å prioritere samarbeid med andre universitet.

Powered by Labrador CMS