arbeidsmiljø

Volda: Fagforeining uroa over arbeidsmiljøet

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda skil seg ut med fleire konfliktsaker enn dei andre avdelingane ved høgskulen, seier Forskerforbundet.

— Sakene me kjenner til handlar om relasjonen mellom leiing og tilsette, seier Bjørn Gunnar Tafjord i Forskerforbundet.
Publisert Oppdatert

— Forskarforbundet er uroleg for arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag.

Det seier Bjørn Gunnar Tafjord, hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Høgskulen i Volda.

Denne veka fortalde Khrono at mangeårig professor Svein Brurås har sagt opp stillinga si ved høgskulen og sendt eit varsel til Arbeidstilsynet.

— Det er fordi det finst fleire liknande konfliktar ved Avdeling for mediefag; fordi konsekvensane av dei arbeidsmiljøproblema som delar av staben opplever er så store, og fordi leiinga over tid har vist at ho er ute av stand til å gripa tak i problema, sa Brurås.

Khrono har snakka med fleire tilsette ved avdelinga som fortel om konfliktar og om eit arbeidsmiljø dei oppfattar som krevjande.

— Dette er ei avdeling med vilkårleg sakshandsaming, sterke klikkar og uformelle maktstrukturar, seier ein av dei.

Tafjord stadfestar at Forskerforbundet er kjend med varselet som er sendt til Arbeidstilsynet. Han seier òg at Avdeling for mediefag skil seg frå resten av høgskulen med omsyn til saker relatert til arbeidsmiljø.

To skriftlege åtvaringar

— Eg kan stadfesta at me er involverte i fleire enkeltsaker ved denne avdelinga der me bistår medlemmene våre, seier Tafjord til Khrono.

Han peikar på ein fellesnemnar for fleire av sakene:

— Sakene me kjenner til handlar om relasjonen mellom leiing og tilsette.

Brurås sa til Khrono at han slutta tidlegare enn han hadde tenkt på grunn av ein konflikt med instituttleiar.

I postjournalen til Høgskulen i Volda ligg ei sak med tittel «Advarsel og innkalling til møte». Khrono veit at det er to slike saker ved Avdeling for mediefag, der tilsette har fått ei skriftleg åtvaring. Brurås er ikkje ein av dei som har fått skriftleg åtvaring.

— Eg kan stadfesta at Forskarforbundet er involvert i to slike saker der tilsette har fått skriftleg åtvaring. Desse sakene er ein del av det totale biletet, seier Tafjord.

Også dekan Kate Kartveit stadfestar at det er gitt åtvaringar, men skriv i ein e-post at ho ikkje kan seia noko om bakgrunnen for desse.

Stadfestar konfliktar ved to institutt

— Tafjord, har det utvikla seg ein kultur ved avdelinga der ein er rask med å laga formelle varslingssaker?

— Så langt me veit har me ikkje inntrykk av at dette er tilfelle. Men me registrerer at to av våre medlemer no i det siste har fått slike åtvaringar.

Khrono skreiv tidlegare i veka at det er flest konfliktar knytt til to av institutta ved Avdeling for mediefag; Institutt for journalistikk og Institutt for kommunikasjon. Tafjord stadfestar dette.

Forskerforbundet ber både høgskuleleiinga, her representert ved rektor Johann Roppen, og avdelingsleiinga, her representert ved dekan Kate Kartveit, om å bidra meir til å avslutta konfliktar ved Avdeling for mediefag.

Ber leiinga bidra meir

Forskerforbundet har hatt ei forventning om at leiinga ved høgskulen faktisk tek tak i sakene ved Avdeling for mediefag, seier den hovudtillitsvalde.

— Vårt råd har difor i lengre tid vore at både leiinga ved Avdeling for mediefag og høgskuleleiinga bidreg sterkare til at sakene vert løyste enn det som har vore tilfelle så langt. Forskarforbundet har ved fleire høve teke kontakt med leiinga for å drøfte den alvorlege situasjonen ved avdelinga og har også kome med framlegg til løysingar utan at me har fått noko form for tilbakemelding på desse initiativa.

Tafjord seier at fagforeininga har lenge prøvd å bidra til å løysa usemje og utfordringar på lågast mogleg nivå.

— Men det er ikkje alle saker som er så lette å løysa. I nokre tilfelle ber me då om bistand frå advokatar i Forskerforbundet sentralt.

Rektor: Ser fleire utfordringar

— Som Forskarforbundet ønskjer også leiinga ved høgskulen av saker skal løysast på lågast mogleg nivå.

Det skriv rektor Johann Roppen i ein e-post til Khrono.

Mediedekan Kate Kartveit sa til Khrono tidlegare i veka at konfliktar ved Avdeling for mediefag vert handtert i samsvar med høgskulen sine rutinar for varsel og klage.

Roppen skriv at det generelt er det tett dialog mellom leiinga, tillitsvalde og verneombod ved høgskulen med jamlege møte.

— Det har også vore særlege møte om arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag med Forskarforbundet og leiinga ved avdelinga for å utveksla synspunkt og erfaringar, og diskutere korleis me saman kan bidra til moglege løysingar på utfordringane. Leiinga opplever at dialogen er god og nyttig, og at både dei tilsette ved avdelinga, tillitsvalde, verneombod og leiing har eit felles ønske om å medverka for å skape eit godt arbeidsmiljø.

Som Khrono har skrive, skårar avdelinga dårlegare enn dei andre når ein ser på resultata i den siste Ark-undersøkinga. Khrono har fått innsyn i denne berre på avdelingsnivå, ikkje for dei einskilde institutta.

Roppen viser til nettopp Ark-undersøkinga:

— At utfordringane har vore fleire ved Avdeling for mediefag enn andre einingar på høgskulen stemmer med både vår oppleving og arbeidsmiljøundersøkinga Ark.

Dekan: Alle har eit ansvar

Dekan Kate Kartveit skriv i ein e-post at ved avdelinga er personalansvar er delegert til instituttleiarane og til administrasjonssjefen. Instituttleiarane er valde av dei tilsette ved institutta.

— Det kan difor førekoma konfliktar både mellom tilsette og mellom tilsette og næraste leiar med personalansvar, skriv Kartveit.

— Korleis jobbar de med å løysa sakene ved Avdeling for mediefag, og kva dialog har de med fagforeiningar og evt verneombod?

— Me følgjer Høgskulen i Volda sine rutinar for konflikthandtering. Dette er ein grundig og tidkrevjande prosess, der både fagforeiningar og verneombod er involverte dersom partane ønskjer det, svarar Kartveit, og skriv vidare:

— Å skapa eller halda oppe eit godt arbeidsmiljø er ikkje åleine ei leiaroppgåve, det betyr òg at den enkelte tilsette har eit ansvar for å bidra til eit godt arbeidsmiljø gjennom mellom anna å legga konfliktar bak seg når dei er handterte etter rutinane ved høgskulen.

Endringslogg: 7. juli 2022, klokka 1603: Saka er oppdatert med at Brurås ikkje er mellom dei som har fått skriftleg åtvaring.

Powered by Labrador CMS