høgskulen i volda

Tydeleg nei til medieutstyr

Høgskulen i Volda ville at staten skulle sørga for 30 millionar kroner til medieutstyr i nytt bygg. Men leigar må betala sjølv, seier Kunnskapsdepartementet.

Medieutdanninga i Volda fyller 50 år i 2021, og kan feira det med å flytta inn i nytt bygg. Feiringa vert til hausten, men planen er at studentane skal inn frå august.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I Volda har det nye mediebygget, Sivert Aarflot-bygget, reist seg. Innflytting er litt forseinka, men planen er at bygget kan takast i bruk frå hausten.

No er spørsmålet kva som kjem til å vera innhaldet i bygget. Høgskulen i Volda har bede om, og venta på, ei utstyrsløyving over statsbudsjettet etter at dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø var i Volda i august 2019 og ga klarsignal til bygging.

Men pengane er ikkje komne.

Og i eit brev frå Kunnskapsdepartementet (KD) på tampen av fjoråret, heiter det følgjande:

«De brukerfinansierte prosjektene inngår i husleieordningen i staten, med Statsbygg som forvalter av bygningene. Det er en forutsetning for bruk av denne ordningen at leietakeren, i dette tilfelle Høgskulen i Volda, forplikter seg til å dekke husleien som følger av prosjektet og også alle øvrige utgifter i forbindelse med prosjektet, herunder utstyr og inventar, uten ekstra kompensasjon over statsbudsjettet».

Skrapa saman sjølve

Vidare heiter det at høgskulestyret, ved å gi oppdraget om å setja i gang byggeprosjektet til Statsbygg, aksepterte vilkåra som ligg til grunn for ordninga.

«Kunnskapsdepartementet viser til dette og forventer at høyskolen har gjort avsetninger i budsjettet med sikte på å dekke de kostnadene som vil påløpe når det nye mediebygget står ferdig til bruk i løpet av 2021», heiter det i brevet.

No er det ikkje slik at huset vert ståande tomt. Høgskulestyret vedtok før jul at høgskulen skal bruka avsetjingar, og i tillegg legg ein inn pengane ein sparar på husleige, fordi ein avtale gjekk ut ved nyttår og neste ikkje startar før til sommaren. Totalt 29 millionar er difor sett av, men rektor Johann Roppen er spent på kva konsekvensen vert.

Me har sett på det som ei statleg oppgåve å fylla eit statleg bygg.

Johann Roppen

— Dette er eit stort løft, men me har òg andre store løft. Me skal mellom anna oppgradera Hans Strøm-huset, som er frå tidleg 1980-tal, seier han.

Det er i Strøm-bygget medieutdanninga så langt har halde hus.

— Eg har ikkje eit nøyaktig kostnadsoverslag for det prosjektet, men det er snakka om om lag 30 millionar. Så eg er spent på korleis det skal gå ihop, seier Roppen.

Budsjettdokumenta viser at Avdeling for mediefag får ein stor del av høgskulen sine avsetjingar dette året.

— Har de ingen «rike onklar» de kan be om pengar?

— Nei. Me har sett på det som ei statleg oppgåve å fylla eit statleg bygg, seier Roppen.

Frp trekte støtte

Men det har vore mykje kontakt med politikarar. Først med regjeringspartiet Venstre, viser ein korrespondanse Khrono fann i Kunnskapsdepartementet sin postjournal.

— Deretter var me i kontakt med opposisjonspartia, fortel Roppen.

Det førte nesten fram. Då utdannings- og forskingskomiteen handsama saka før jul, hadde opposisjonen, altså Framstegspartiet, Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet eit forslag om at høgskulen sjølve skulle betala for utstyret, men at dei kunne få dette kompensert med redusert husleige. Statsbygg eig bygget, og Høgskulen i Volda skal leiga.

Men då ein skulle røysta, var det berre Senterpartiet, SV og Arbeiderpartiet som røysta for følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringen gå i drøftelser med Høgskulen i Volda for å finne en løsning som innebærer at høgskolen selv finansierer investeringer i inventar og utstyr oppad begrenset til 30 mill. kroner som trekkes fra kostnader i husleien for det inngåtte kurantprosjektet for nytt mediebygg».

Powered by Labrador CMS