høgskulen i volda

Knapt fleirtal: Det vert framleis vald rektor

Rektor Johann Roppen fekk kritikk for førehandsprosedering, og styret var delt på midten. Men det skal framleis vera vald rektor i Volda, i alle fall i fire år.

Han kan ikkje veljast fleire gongar. Men Johann Roppen røysta for at Høgskulen i Volda framleis skal ha vald leiing.

«Eg lurer jo på om det å gå over til tilsett rektor er svar på eit spørsmål som ikkje eigentleg er stilt, eller ei løysing på jakt etter problem».

Det skreiv Johann Roppen i eit debattinnlegg i Khrono i forkant av at Høgskulen i Volda 16. juni skulle avgjera om høgskulen framleis skal ha vald rektor, eller om ein skal gå over til det som er hovudregelen: Tilsett rektor og ekstern styreleiar.

Undervegs i debatten vart det peika på at styret var delt på midten i dette spørsmålet, og det vart òg delt til slutt: Seks røysta for å halda fram med dagens ordning, fem røysta mot.

Kritikk frå fleire

Roppen er både rektor og styreleiar. Og det at han skreiv eit blogginnlegg og debattinnlegg der han kom fram med sitt syn, før styret hadde handsama saka, vart trekt fram av fleire styremedlemmer.

— Det gjer stort inntrykk på meg at min styreleiar ikkje anerkjenner at styret hans meiner at dette er ei sak som bør diskuterast. Det vert gitt uttrykk for at me leitar etter eit problem. Det er ugreitt og ei slags underkjenning av vårt engasjement, sa Inger Østensjø.

Ho er ekstern representant i styret, og røysta for tilsett rektor. Det same gjorde Geir Terje Ruud, som òg var kritisk til Roppen sitt innlegg.

— Eg trur ikkje ein ekstern styreleiar hadde skrive blogginnlegg, men det var kanskje rektor som gjorde det...

Ruud sa òg at så lenge vald rektor ikkje er normalen, meiner han det er naturleg at styret diskuterer leiingsmodell kvart fjerde år.

— Eg vart veldig overraska då du førehandsprosederte. Du seier det var rektor som gjorde det. Men viser dette det problematiske med vald leiing, spurde Bodil Palma Hollingsæter.

Eirik Søvik sa at det ikkje er uvanleg at rektorar flaggar syn i saker som denne:

— Det har både rektoren ved UiT og Agder gjort, sa han.

Viste til høyring

På den andre sida var dei tilsette ved høgskulen. Dei var opptekne av at dei som jobbar ved høgskulen sjølv skal kunne velja leiar.

— Me har hatt ei høyring, og det må me forhalda oss til. Sjølv om det finst ulike syn, viser høyringa eit tydeleg, rungande ønske om å halda fram med den styreforma me har, sa Randi Myklebust.

Ho vart støtta av Eirik Søvik.

— Me sikrar autonomien vår best ved at dei som kjenner insittiusjonen best er det som bestemmer korleis det skal styrast, sa han.

Kan tilsetja direktør

Som Khrono skreiv før møtet, var tilsetjing av ny høgskuledirektør avhengig av om rektor skal vera vald eller ikkje. Når ein no har bestemt å halda fram med den modellen ein hadde, kan høgskulen gå i gang med å leita etter Karen Lomeland Jacobsen sin etterfølgjar.

Powered by Labrador CMS