Høgskulen i Volda

Profilert professor har sagt opp og varsla Arbeidstilsynet

Meir bråk på mediefag ved Høgskulen i Volda.

Eg kan stadfesta at eg har slutta som lærar ved journalistutdanninga i Volda på grunn av ein konflikt med instituttleiar, seier Svein Brurås.
Publisert Oppdatert

Knappe to år etter at stormen og uroa rundt dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ved medieutdanninga i Volda har lagt seg, er avdelinga igjen råka av konfliktar og eit problematisk arbeidsmiljø for delar av staben.

Fleire har slutta ved Avdeling for mediefag og Arbeidstilsynet er varsla om stoda.

Ein av Høgskulen i Voldas mest profilerte medieprofessorar gjennom mange år, Svein Brurås, hadde tenkt å jobba noko lenger.

Slutta 1. mars

Men i november i fjor fekk han nok og sa opp stillinga si. Han slutta 1. mars i år. Men Brurås står framleis oppført på heimesida til høgskulen som tilsett.

— Stemmer det at du har sagt opp stillinga di og slutta ved Høgskulen i Volda?

— Ja, eg kan stadfesta at eg har slutta som lærar ved journalistutdanninga i Volda på grunn av ein konflikt med instituttleiar, seier Brurås til Khrono.

Saka til Brurås er ei personalsak, seier instituttleiar Hans Martin Dypvik.

Etter det Khrono kjenner til varsla også Brurås Arbeidstilsynet om stoda ved instituttet, få dagar før høgskulestyret hadde sitt siste møte før sommaren, 16. juni.

Brurås stadfestar også dette.

— Eg har sendt eit brev til Arbeidstilsynet. Det er fordi det finst fleire liknande konfliktar ved Avdeling for mediefag; fordi konsekvensane av dei arbeidsmiljøproblema som delar av staben opplever er så store, og fordi leiinga over tid har vist at ho er ute av stand til å gripa tak i problema, seier professoren som har jobba ved høgskulen i over 30 år.

Brurås ønsker ikkje å kommentera nærare detaljar i konflikten eller kva innhaldet er i brevet han har sendt Arbeidstilsynet.

Vil ikkje kommentera

Khrono har vore i kontakt med instituttleiar Hans Martin Dypvik, som kommenterer situasjonen slik:

— Når det gjeld mitt institutt, Institutt for journalistikk - har vi ei ARK-undersøking (Arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøking red.mrk) frå november som viser at det er eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø.

Oppseiinga til Brurås kan han derimot ikkje seia så mykje om.

— Når det gjeld saka til Brurås, så det er ei personalsak. Eg kan uttala meg om den dersom han opphevar teieplikta, seier Dypvik.

Avgåtte professor Brurås ønsker ikkje å kommentera det Dypvik seier, og heller ikkje påstanden om at det er oppretta ei personalsak mot han.

— Det er ikkje reist noka personalsak. Dekan har handtert ei konfliktsak på instituttet, og den er avslutta, skriv dekan Kate Kartveit i ein e-post til Khrono.

Til tider høgt konfliktnivå

Vidare skriv dekanen at konfliktnivået på avdelinga generelt er akseptabelt, men at det til tider er høgt på eitt av dei tre institutta.

— Dette viste òg ARK-undersøkinga frå november 2021, som Khrono er kjent med. Ved avdelinga vert konfliktar handtert i samsvar med høgskulen sine rutinar for varsel og klage, seier Kartveit.

Etter det Khrono kjenner til vart høgskulestyret orientert munnleg om professor Brurås sitt varsel til Arbeidstilsynet i sitt møte 16. juni. Saka stod ikkje på dagsorden og vart gjort greie for i lukka møte.

— Vi tek ikkje lett på at nokon ser seg nøydde til å senda eit varsel til Arbeidstilsynet, og vi imøteser råd og rettleiing frå tilsynet dersom dei ønskjer å gå inn i saka. Vi er opptekne av at alle tilsette skal ha eit forsvarleg arbeidsmiljø, skriv avtroppande høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen i ein e-post til Khrono.

Peikar på klikkar og uformell makt

Khrono har snakka med fleire tilsette som fortel om eit vanskeleg arbeidsmiljø, både ved Institutt for journalistikk og Institutt for kommunikasjon, og Khrono veit at minst ein tilsett til har gjort som Brurås og vore i kontakt med Arbeidstilsynet.

— Dette er ei avdeling med vilkårleg sakshandsaming, sterke klikkar og uformelle maktstrukturar, seier ein annan tilsett.

Den same tilsette seier at det er krevjande at ein har tilsette som er instituttleiarar i åremålsstillingar, som etter at åremålet er over skal attende til ordinær stilling.

— Det vert ustrukturert. I tillegg har ein rektor som òg er styreleiar, og som skubbar problema vekk.

Rektor og styreleiar Johann Roppen er straks inne i sitt siste år som rektor. Han er også medieprofessor og tilsett ved Avdeling for mediefag. Han skal tilbake dit hausten 2023, når rektorperioden er ute.

Dårlege resultat i arbeidsmiljøundersøking

I 2019 kokte det ved Avdeling for mediefag.

Berre eit par veker før studiestart vart dåverande dekan, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, omplassert. Den gongen vart det vist til at arbeidsmiljøundersøkinga ARK hadde dårlegare resultat i 2018 enn i 2015. I tillegg hadde det vorte gjennomført ei ekstra arbeidsmiljøundersøking ved avdelinga, som viste at arbeidsmiljøet ikkje var fullt ut forsvarleg.

Same undersøking viste òg at det var motstand mot endringar på avdelinga.

«Då eg vart tilsett fekk eg i oppgåve å skape meir struktur ved Avdeling for mediefag. Noko av dette var å betale ned gjeld, sørge for ryddige arbeidsforhold for alle tilsette, likebehandle tilsette og styrke rutinar og sakshandsaming. Det har eg prøvd å ta tak i saman med dykk», skreiv Rotevatn i samband med undersøkinga.

Som Khrono har skrive auka sjukefråveret ved avdelinga etter at Rotevatn vart fjerna som dekan. Khrono har fått innsyn i ARK-undersøkinga frå 2021 på avdelingsnivå. Denne undersøkinga skulle først berre presenterast munnleg. I ettertid har Khrono har fått innsyn i resultata, som viser at på spørsmål om fråvær av arbeid/heim-konflikt og fråvær av personkonflikt er resultatet 2,4 og 2,6 på ein skala som går frå 1-5. Også spørsmålet om rask handtering av vanskelege saker får score godt under 3.

— På Avdeling for mediefag ligg me litt lågare enn gjennomsnittet ved Høgskulen i Volda. Det er sjølvsagt beklageleg. Me jobbar kontinuerleg med arbeidsmiljøet, sa dekan Kate Kartveit til Khrono i januar 2022.

Det er 34 tilsette ved Avdelinga som svara på undersøkinga, noko som gir ein betre svarprosent enn ved dei to førre undersøkingane.

Kartveit seier no at undersøkinga vert følgt opp slik NTNU, som har laga undersøkinga, tilrår.

— Det vil seia at kvar enkelt eining har følgt opp resultata frå eiga eining og laga handlingsplan med prioriterte oppgåver i forhold til arbeidsmiljøet. Resultata frå einingane er presenterte på avdelingsnivå, der alle tilsette har hatt høve til å delta på tre seminar med kartlegging og analyse og der handlingsplanar har vorte utarbeidd.

Må ein bu i Volda?

Avdeling for mediefag har om lag 45 tilsette og er delt i tre forholdsvis små institutt.

Kate Kartveit er mediedekan i Volda.

— Det har vorte avdekt djupe problem og det har vore eit høgt sjukefråvær. Eg kan ikkje stå inne for korleis det har vorte takla av tidlegare leiing. Men ein leiar kan ikkje forbetra alt åleine. Eg prøver å nøsta opp og få løyst problema, sa dekan Kartveit til Khrono i desember 2020.

Ho fortalde då at ho hadde invitert alle tilsette til ein samtale, men at ikkje alle ønska å snakka med henne.

Khrono har tidlegare skrive at styret ved høgskulen skulle evaluera si eiga handsaming av saka med dekan Rotevatn. I same sak vart det stilt spørsmål ved rektor Johann Roppen sin habilitet. Roppen er som nemnt sjølv professor i journalistikk og tilsett ved Avdeling for mediefag.

Då Rotevatn var dekan, var ein av konfliktane knytt til om tilsette måtte bu i Volda eller ikkje. Då Kartveit vart tilsett, var ho tydeleg på at det måtte ein. Khrono får fortalt at å bu i Volda fast eller ikkje framleis er ei problemstilling.

— Det er ikkje tipp-topp stemning på avdelinga heile tida, seier ei kjelde.

— Dei tilsette kan sjølvsagt bu der dei ønskjer, men for stillingar ved Avdeling for mediefag er arbeidsstaden Volda. Det betyr at arbeidsplassen er i Volda, og dersom ein for kortare tid eller i kortare periodar ønskjer å arbeida frå andre stader kan ein søkja om dette. Denne problemstillinga byrjar avdelinga å få gode rutinar på, skriv dekan Kartveit.

Det er skuffande og overraskande at den eller dei det gjeld vel denne måten å gå fram på, skrive rektor Johann Roppen som får kritikk av sine eigne.

Rektor: Skuffande

— Sjølv om vi opplever at arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag er betre, er det eit samansett bilete og vi er ikkje nøgde så lenge nokon opplever at arbeidsmiljøet ikkje er godt nok. Leiinga jobbar både med å finna løysingar på enkeltsaker og forbetra det generelle arbeidsmiljøet, og har ein god dialog med dei tillitsvalde og verneombod, skriv direktør Jacobsen.

Rektor Johann Roppen har bede om å få svara skriftleg på Khrono sine spørsmål.

— Khrono seier tilsette på Avdeling for mediefag har valt å uttale seg kritisk og anonymt om arbeidsmiljøet. Alle tilsette har hatt godt høve til å legge fram sitt syn på møta som har vorte halde som ein del av ARK-arbeidet, så det er skuffande og overraskande at den eller dei det gjeld vel denne måten å gå fram på, skriv Roppen.

Han skriv òg at høgskuleleiinga har vurdert innhaldet i brevet til Arbeidstilsynet.

— Vi ser at ikkje at det er noko nytt i brevet. Det er omtale av ymse personalsaker, til dels fleire år tilbake i tid. Styret er orientert om at det har vorte sendt eit slikt brev og vurderinga av det. Det er altså ikkje eit varsel om nye forhold.

Khrono har òg spurt om kva Roppen som styreleiar og rektor har gjort for å betra arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag og om kva som vart konklusjonen då styret skulle granska si eiga rolle i handsaminga av Rotevatn-saka.

Dette svarar ikkje Roppen på.

Powered by Labrador CMS