Debatt ● Oddmund Hoel

Viser NTNU-tala at språkkrava ikkje trengs? På ingen måte

NTNU-leiinga hevdar at ei undersøking derfrå viser grunngivinga for norskkrav for stipendiatar og postdoktorar ikkje held vant, og at tiltaket er unødvendig. Eg kunne ikkje vore meir ueinig.

Oddmund Hoel med mikrofon
Statsråd Oddmund Hoel skriv at han forventar at statlege universitet og høgskular følgjer lover og forskrifter, og at dei no set kreftene inn på å få på plass gode ordningar for å lære sine stipendiatar og posttoktorer norsk.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I ei fersk Khrono-sak presenterer NTNU-leiinga ei undersøking som visstnok skal vise at 8 av 10 stipendiatar ved NTNU blir i Noreg, og dermed at utanlandske stipendiatar og postdoktorar ikkje treng norskkurs. 

Eg meiner NTNUs rektor og prorektor her konkluderer på sviktande grunnlag, at tala slett ikkje viser det dei hevder og at undersøkinga på ingen måte viser at norskkravet ikkje trengs.

Først vil eg understreke at grunngjevinga for norskkrava ikkje berre handlar om å behalda flest mogleg av dei som blir rekrutterte frå andre land til norsk arbeidsliv. Det overordna målet er å bevare norsk fagspråk i akademia, særleg i undervisninga. Då har vi eit problem viss ein stor del av dei tilsette ikkje meistrar norsk. Det i seg sjølv ville ha vore ei tilstrekkeleg grunngjving for språkkrav.

NTNU har no spurt sine eigne rettleiarar om kvar stipendiatane deira har vorte av. Berre halvparten har svart, og desse oppgjev at når ein slår saman både norske og utanlandske stipendiatar, blir 78 prosent verande i Noreg. Rektor Grande meiner «tala frå NTNU er tydelege,» og prorektor Hernes hevdar at «analysen vår viser at kandidatar blir verande i Noreg. Me treng ikkje språkkrav for at dei etablerer seg her.»

Dette er ein analyse som ikkje held mål.

Oddmund Hoel

Dette er ein analyse som ikkje held mål. For det første er sjølve undersøkinga til NTNU svak. Ein har ikkje skilt mellom norske og utanlandske stipendiatar, eller mellom dei som kan norsk og ikkje. Ein kan dermed ikkje seie noko om dei som reiser ut av Noreg kan norsk eller ikkje, som er heile poenget. I tillegg har berre halvparten av rettleiarane svart, og dei har svart kort tid etter disputas.

Dette gir eit svakt grunnlag for å trekkje konklusjonar. Særleg når me har meir påliteleg statistikk frå SSB, som tydeleg viser at på landsbasis reiser om lag halvparten av dei som er rekrutterte frå utlandet, ut av landet igjen. Når me samtidig veit at halvparten av stipendiatane er utanlandske, betyr det at minst ein av fire reiser ut av landet. 

For meg er det eit betydeleg problem, når Noreg bruker milliardar årleg på å kvalifisere desse utanlandske akademikarane, og samstundes har stor mangel på høgt kvalifisert arbeidskraft.

Det er elles ein logisk brest i resonnementet til NTNU-leiarane når dei seier at utanlandske stipendiatar og postdoktorar som vel å bli i Noreg, ikkje treng norskopplæring. Dei gjer dei jo absolutt, og det er ein stor fordel for alle partar – dei tilsette sjølv, lærestaden og det norske arbeidslivet – om me bruker nokre ressursar på å tilby desse skikkeleg norskopplæring på arbeidsplassen når dei kjem til landet. Viss ikkje, syner erfaringa at det ikkje vert gjort. 

Slik tenkjer me ikkje om andre grupper som vi ønskjer å integrere i den norske arbeidsmarknaden. Og det er i alle fall ikkje i interessa til dei utanlandske tilsette om rekninga blir sendt over til dei. Eit heilt sentralt poeng med dei nye språkreglane er at institusjonane i større grad enn i dag skal tilby norskkurs som er tilgjengelege for tilsette med ikkje-skandinavisk bakgrunn.

Det har no gått eit halvt år sida dei nye språkkrava tok til å gjelde. Eg forventar at statlege universitet og høgskular følgjer lover og forskrifter, og at dei no set kreftene inn på å få på plass gode ordningar for å lære sine stipendiatar og posttoktorer norsk.

Powered by Labrador CMS