styremøte direkte

Vil legga prestisjesenter under fakultet

Sarssenteret har vore tema ved Universitetet i Bergen i fleire omgangar. No skal styret ta stilling til om senteret formelt skal ligga under Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet.

Robert Rastad har tidlegare sagt at han har brukt mykje tid på Sarssenteret. No er tilrådinga at senteret hamnar under eit fakultet, som då vil få ansvar for å oppnemna styre og styreleiar. Rektor Margareth Hagen er òg styreleiar ved UiB.
Publisert Oppdatert

I fjor haust vedtok eit noko skeptisk universitetsstyre ved Universitetet i Bergen (UiB) at Sarssenteret skulle få ei løyving på 44 millionar kroner. Senteret, som er eit reint forskingssenter, vart overført frå dåverande Uni Research til UiB i 2015, men har lagt under universitetsleiinga som ei sjølvstendig eining, med eit eige styre og ein eigen direktør.

Fakta

Sars-senteret

  • Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologi ble etablert i 1997. Tidligere som en del av Uni Research, nå direkte underlagt Universitetet i Bergen.
  • 50 ansatte og 15 labtraining-studenter fordelt på 8 forskningsgrupper
  • Her blir marine organismer brukt for å finne ut av universelle prosesser.
  • Siden 2003 har Sars-senteret samarbeida med European Molecular Biology Laboratory (EMBL).
  • Totalbudsjettet for 2021 er på 75,5 mill
  • Direktør er Lionel Christiaen

No skal universitetsstyret drøfta om Sarssenteret skal plasserast inn under Det matematisk-naturvitskapelege universitetet.

Styremøtet startar klokka 10 torsdag, og du kan sjå det direkte her:

Tilrår ekstra løyving

Som Khrono har skrive, har det vore konflikter knytt til senteret, og særleg til eit samarbeid med Kina.

Senteret har vore finansiert via Forskingsrådet, men finansieringa derifrå forsvinn i år. Det var difor UiB-styret i fjor gav ei ekstra løyving, som var mindre enn den Sars-direktøren meinte var naudsynt.

No er universitetsdirektør Robert Rastad si innstilling at senteret vert ein del av Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet. Pengane som vart løyvde i fjor har senteret med seg, i tillegg til ei grunnløyving på 45 millionar kroner det første året. Etter 2028 vil denne vera 30 millionar kroner. Det vert peika på at både for Sarssenteret og for fakultetet er ekstern finansiering viktig.

I saksframstillinga vert det peika på at Sarssenteret er internasjonalt anerkjend. Men det vert vist til ei evaluering frå 2017 der det heiter at ei betre integrering i universitetet sine øvrige fagmiljø kan gi ei ytterlegare styrking av senteret, og samstundes bidra til meirverdi til fakultetet sine fagmiljø gjennom større grad av samarbeid.

Høyring og strategi

Khrono har allereie skrive om auka kostnader til straum, som er ei av dei andre sakene som skal drøftast i styremøtet. I tillegg skal styret mellom anna drøfta ny strategi og høyring til ny universitets- og høgskulelov.

Her her heile sakslista:

S 67/22 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 68/22 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 16.6.2022
S 69/22 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
S 70/22 Handlingsplan for mangfold, inkludering og likestilling 2023 – 2025
S 71/22 Etatsstyring 2022. Tilbakemelding på ambisjoner og måloppnåelse
S 72/22 Ny strategi for UiB 2023 - 2030
S 73/22 Energikostnader 2022 og konsekvenser for budsjett 2023
S 74/22 Den økonomiske situasjonen i Forskningsrådet - konsekvenser for UiB
S 75/22 Universitetets forvaltning av statens eierinteresser
S 76/22 Ph.d.-utdanningsmeldingen 2021
S 77/22 Høring - Grunnlag for ny universitets- og høyskolelov
S 78/22 Endret organisasjonstilknytning for Sarssenteret
S 79/22 Universitetsdirektøren si resultatoppnåing 2022 og resultatmål for 2023
Orienteringer
Styrets halvtime
Eventuelt

Presisering: Khrono viser i denne saka til ei tidlegare sak, der det er omtalt at UiB-leiinga ville ha ei vurdering av om avtalen som var inngått med den tidlegare direktøren var gyldig. Denne avtalen har ikkje noko med samarbeid med Kina å gjera, og omtalen er no sletta. Men Kina-samarbeidet har det òg vore usemje kring.

Powered by Labrador CMS