Debatt ●Øystein Nes
Vi har store utfordringar med å rekruttere rett kompetanse
Vi skal ikkje «stele» studentar frå dei høgare utdanningsinstitusjonane. Vi skal tilføre dei fleire kandidatar, skriv Øystein Nes.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Det går ein diskusjon både i Khrono og i andre media om desentralisert utdanning og studie- og utdanningssenter. Mykje er gode tankar om samarbeid og organisering, og noko er tankar og meiningar som vi trur bunnar i mangel på informasjon.
Inviro AS er ein regional klyngeleiar i distriktsregionen Nordfjord, nord i Vestland fylkeskommune. Det siste halvanna året har vi arbeida med ein regional og nasjonal modell for desentralisert utdanning under namnet StudieHub Nordfjord.
Vi har mellom anna hatt møter og diskusjonar med både tidlegare og noverande forskings- og høgare utdanningsminister, Henrik Asheim og Ola Borten Moe, om modellen og organisering av den desentralisert utdanningsstrukturen. Vi ønskjer med dette å kome med vår meining om temaet.
«Mangelen på tilgang til rett kompetanse i næringslivet fortsetter å øke og begynner å bli kritisk høy for stadig flere bedrifter» kan vi lese på NHOs kompetansbarometer for 2021. Mellom anna kunne NHOs bedrifter melde at dei mangla anslagsvis 35.000 nytilsette. 12.000 med fagskuleutdanning, 10.000 nytilsette med ingeniør- og teknisk fagkompetanse og 17.000 nytilsette med handverksfag.
Med andre ord: Vi manglar rett kompetanse, til rett tid, i rett jobb. Det er imidlertid andre utfordringar som gjeld for distrikts-Noreg: urbanisering, omstilling, rekruttering, eldrebølgja og som nemnt (rett) kompetanse.
For oss i Inviro er vi heilt avhengig av høgskulesektoren (inkludert fagskulen) for å få gjennomført tiltaka knytt til høgare utdanning i vår region. Inviro skal ikkje drive og gjennomføre utdanningar. Vi skal kartlegge, organisere, strukturere, mobilisere og legge til rette for lokal kompetanseheving basert på privat og offentleg næringsliv, og samfunnets behov. Dette skal gjennomførast av ein høgare utdanningsinstitusjon.
Eksempelvis satt vi opp ei deltids fagskuleutdanning på elektro og automasjon i 2019, i samarbeid med Fagskulen Vestland. I utdanninga var det 26 studentar frå regionen. Dei hadde ein snittalder på 30 år, og hadde i snitt 1,5 barn. Dette er studentar som av ulike årsaker ikkje har moglegheit til å bli fulltidsstudentar, men som ønskte kompetanseheving. Regjeringa har som mål at «Høyere utdanning skal vere tilgjengelig for alle uavhengig av livsituasjon eller bosted». Eksempelet ovanfor er definisjonen av denne målsettinga.
Nokre grunnar til at eg blir litt frustrert når eg les debatten som pågår, er at ein kanskje ikkje har forstått kva eit studie- og utdanningssenter ønskjer å legge til rette for, samt utfordringa Distrikts-Noreg står ovanfor. Vi har eit skrikande behov etter rett arbeidskraft, men vi har store utfordringar med å rekruttere rett kompetanse.
Ein stor del av kompetansen vi har vil gå av med pensjon om nokre år. Fram mot 2030 syner Nordfjordregionen ein auke på 17 prosent i aldersgruppa frå 65 år og oppover. I aldersgruppa 25-64 år er det ein nedgang på 12 prosent. Næringslivet skal gjennom ei omstilling dei neste 10-15 åra, som vi ikkje veit konturane av. Korleis skal ein då sikre at vi har rett kompetanse, til rett tid og i rett jobb, utan at vi kan tilby lokal kompetanseheving tilpassa både arbeidstakar (studenten) og arbeidsgivar?
Vi skal ikkje «stele» studentar frå dei høgare utdanningsinstitusjonane. Vi skal tilføre dei fleire kandidatar dei ikkje ville fått om vi ikkje initierte tiltaket. Vi meinar dette er ei moglegheit for dei høgare utdanningsinstitusjonane som ønskjer å satse på denne typen utdanning.
Her har dei ei moglegheit til å utvikle seg i takt med studentar frå næringslivet, saman med ein lokal aktør som bidreg i prosessen. Vi både forstår og ønskjer at unge vaksne skal «kome seg ut» og få utdanning og erfaringar. Vi forstår òg at utdanningsinstitusjonane ønskjer å bygge opp studentmiljø, fagkompetanse og forskarmiljø på campus. Dette støttar vi hundre prosent.
Vi ønskjer det same, men vi ønskjer dei også hjarteleg velkomne tilbake til regionen om dei ein gong skulle ønskje det utan at det går på bekostning av framtidig moglegheit for kompetanseheving.
Midlane Inviro har til å jobbe med dette skal dekke driftskostnadar. Det er ingen aksjonærar som får utbetalt utbytte eller tilsette som får bonusar. Vi gjer dette fordi det er viktig for regionen vi bur i. Arbeidet vi gjer er per i dag prosjektfinansiert. Dette er svært utfordrande både med tanke på forutsigbarheit og planlegging.
Rammeføresetnadar til studiesenter i Noreg må bli meir føreseielege:
Frå: Prosjekt med prosjektfinansiering med korte målbare resultat.
Til: Rammefinansiering som kan bygge samarbeidsmodellar, kompetanse og strukturar for ein framtidig nasjonal modell.
Frå: Prosjektstillingar der kompetansen forsvinn når prosjekta er avslutta.
Til: Faste stillingar der den interne kompetansen og samarbeid kan byggast opp over fleire år.
Frå: Usikkerheit knytt til finansiering og drift av StudieHubben / Studiesenteret.
Til: Føreseieleg og berekraftig finansiering av den desentraliserte utdanningsstrukturen.
Frå: Søknadsskriving og rapportering.
Til: Legge til rette for desentraliserte utdanninga / kompetansekartlegging / studentmiljø i lokalmiljøet.
Frå: Korte prosjekt med høgare utdanningsinstitusjonar.
Til: Langsiktige samarbeidsprosjektmed høgare utdanningsinstitusjonar som kan nyttast og utviklast år etter år basert på erfaring og behov.
Vår konklusjon er at vi i Inviro bidreg gjerne, og det reknar vi med at andre studie- og utdanningssenter i landet også ønskjer. Slik oppnår vi målsettingane som er satt i Hurdalsplattformen.
Vi vil legge til rette for tiltak for lokal kompetanseheving, som ikkje vil eksistere utan at ein desentralisert aktør legg til rette for det. Vi vil gjerne gjere dette i samarbeid med dei høgare utdanningsinstitusjonane i landet (i alle fall dei som ønskjer).
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut