.Statsråd Iselin Nybø (V) vil at så mange studentar som råd reiser på utveksling. Biletet er frå studiestart ved Høgskulen i Volda. Foto: Øystein Torheim

Utdanning frå utlandet: Tener meir, klarar seg betre, er meir fornøgde

Internasjonalt. Dei som har studert og har tatt ei heil grad frå utlandet tener meir enn dei som berre har studert i Noreg eller har vore på utveksling utanlands.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Undersøkinga frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) viser at dei som har teke ei heil grad i utlandet tener meir enn personar som berre har studert i Noreg eller vore på utveksling.

Fakta

Kandidatundersøkelsen

NIFU har siden 1972 utført undersøkelser blant kandidater fra universiteter og høgskoler om deres tilpasning på arbeidsmarkedet (Kandidatundersøkelsen).

Det innebærer blant annet omfang av sysselsetting, arbeidsledighet, hvor kandidatene arbeider, hva slags yrke de har, hva de tjener.

Halvtårsundersøkelsene gjennomføres hvert annet år (oddetallsår). Undersøkelsene foretas i november, og spørreskjemaet sendes til kandidater som ble uteksaminert i vårsemesteret samme år.

Disse undersøkelsene fungerer som en «temperaturmåler» på arbeidsmarkedet. De gir god informasjon om hvor lett/vanskelig det er for nyutdannede å få innpass i arbeidslivet.

Kilde: Nifu

Dei har òg lågare arbeidsløyse, særleg gjeld dette humanistar og økonomar med heil grad frå utlandet. Kandidatar som har teke utdanninga si i utlandet har òg ofte ein meir internasjonal jobb.

Tener 5-10 prosent meir

Personar som har tatt ei heil mastergrad utanlands opplever òg betre jobbmestring.

Alle studentar kjem ikkje til å reisa på utveksling.

Iselin Nybø

I snitt tener dei som har tatt ei heil utanlandsk grad mellom fem og ti prosent meir enn dei som har studert ved ein norsk lærestad.

— Undersøkinga viser at det ikkje er ein ulempe med utanlandsk utdanning. Det me ser no er positivt. Internasjonal kompetanse er viktig for Noreg sin konkurransesituasjon.

Det seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til Khrono.

Ho meiner arbeidslivet må våga å tilsetja kandidatar som har annan bakgrunn enn dei sjølve har.

— Dei som studert ute må sjå at den kompetansen dei har tileigna seg vert verdsett, seier Nybø.

Omlag tjue prosent av norske studentar tek heile eller deler av utdanninga si i utlandet – eit tal Iselin Nybø ønskjer å få opp.

Den nye Kandidatundersøkinga viser at dei som har teke ei heil grad i utlandet er nøgde med utdanninga si. Undersøkinga vert presentert onsdag morgon.

Helsefag mindre nøgde

Denne hausten er det mange som truleg har kjent at kompetansen deira ikkje har vorte sett pris på. Khrono har dekka rettssaska der psykologistudentar med utdanning frå Ungarn tapte søksmålet dei hadde mot staten. 163 studentar frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Budapest får ikkje lenger lisens eller autorisasjon til å kunne praktisera som psykolog i Noreg. Avgjerdsla frå Helsedirektoratet kom medan fleire norske studentar var i gang med studiet sitt.

Denne veka fekk masterstudentar i ernæringsfysiologi beskjed om at dei heller ikkje får autorisasjon i Noreg.

Fakta

Fem sentrale punkt i melding om utveksling og mobilitet

kontaktkonferansen la Iselin Nybø fram fem sentrale punkt for stortingsmelding om mobilitet for studentar.

  1. Vi skal vurdere å innføre utanlandsopphald som ein del av alle gradar – med muligheit for å velje det bort.
  2. Internasjonal mobilitet, både for studentar og tilsette, må inngå som ein fullt ut integrert del av det strategiske arbeidet for kvalitet og relevans i høgare utdanning. Det at at de må sørge for klart definert læringsutbytte ved utanlandsopphaldet.
  3. Institusjonane må sørge for at studentane blir tatt godt imot når dei reiser ut. Studentmobilitet som del av ein grad skal vere basert på institusjonelt samarbeid.
  4. Regelverket vårt skal ikkje vere til hinder for auka studentmobilitet – mens finansieringsordningane skal stimulere til auka mobilitet.
  5. Arbeids- og næringslivet må etterspørje og verdsetjee studentars internasjonale kompetanse. Mykje tyder på at det ikkje er slik i dag.

Nybø seier at dei som har teke ei heil grad innan helsefag ikkje er fullt så nøgde som dei som har teke andre heile grader i utlandet.

— Korleis kan ein sikra at ein veit at den utdanninga ein tek i utlandet faktisk vert godkjent?

— Me har røynsle med at det er nokre som har opplevd utfordringar knytt til autorisasjon. Men det gjeld utdanningar der ein må ha autorisasjon for å kunne arbeida i Noreg. Dei fleste utdanningar krev ikkje det, seier Nybø.

Stortingsmelding på nyåret

At ein må vita at ein får godkjent dei faga ein tek i utlandet, var noko som var viktig for studentane som møtte Iselin Nybø då ho i vår samla innspel i samaband med stortingsmeldinga om studentmobilitet. Meldinga skal koma på nyåret.

— Kor lang utvekslingsperioden skal vera og kultur knytt til dei ulike utdanningsretningane er noko som har vore viktige problemstillingar i arbeidet med stortingsmeldinga. Det er òg ulike omsyn å ta knytt til ulike utdanningar, seier Nybø.

Det har vorte peika på at det er vanskelegare å få til utveksling innan studium som har mykje praksis, som til dømes lærarutdanning eller sjukepleie. I den andre enden ligg Norges Handelshøgskole, der over halvparten av studentane reiser ut.

— Alle studentar kjem ikkje til å reisa på utveksling, seier Nybø, og gjentek det ho har sagt før: Det bør òg vera mogleg å legga til rette for internasjonalisering i Noreg, til dømes gjennom å ta kurs på eit anna språk eller ha fag saman med dei studentane som kjem til Noreg frå andre land.

Eventyrlystne

Kandidatundersøkinga vert gjennomført annakvart år. I haust vart tala frå ei spesialistundersøking offentleggjort. Den viser at mange masterstudentar har opplevd ein periode med arbeidsløyse etter at dei vart uteksaminert. Undersøkinga som vert offentleggjort no, ser særleg på dei som har teke utdanninga si i utlandet.

Det kan ha noko å seia for resultatet. Det er vanskeleg å vita om utbyttet av utdanninga skuldast opphaldet utanlands eller ulike kjenneteikn kandidatane hadde før dei reiste ut, heiter det i ei pressemelding.

— Det kan tenkast at dei som reiser ut er dei som er særleg eventyrlystne og ikkje lik heile studentmassen, seier Nybø.

Emblemsvåg: — Vil betre lånebetingelsar

Marianne Synnes Emblemsvåg (H) har og lese kandidatundersøkinga til Nifu. Ho vil likestilla bachelorstudenter med studentar som tar master og ph.d utanlands.

— Høgre vil ha finansieringsordningar som stimulerer til auka studentmobilitet. Gode støtteordningar gjennom Lånekassen er ein del av forklaringa på den høge norske gradsmobiliteten. Men mange studentar tar på seg ein betydeleg lånebyrde ved å studere utanlands, påpeikar Emblemsåg.

Ho legg til at denne byrden er større enn det som ville vore nødvendig ved studiar i Noreg:

Marianne Synnes Emblemsvåg, Høyre. Foto: Ketil Blom Haugstulen

— I dag betalar om lag 75 prosent av dei norske gradsstudentane i utlandet skulepengar, og denne delen har auka dei siste åra. Med ein ny studielåneordning, som gjer studiar mogleg på dei aller dyraste universiteta, kan ein komma opp i 1,3 millionar i reint studielån med fem års studiar.

Vil auke stipendandel for bachelor i utlandet

Emblemsvåg trekk også fram at det finst ordningar der det ein større del av skulepengestøtta blir gitt som stipend, dersom støtta gjeld gradsutdanning på master- eller ph.d-nivå, og dersom du skal på delstudiar (utveksling) til utlandet — enn dersom du tar gradsutdanning på bachelornivå.

— Det ønsker vi å gjera noko med, for å stimulera endå fleire bachelorstudenter til å studera utanlands. Vi ønsker derfor å auka stipenddelen frå 50 prosent til 70 prosent òg for bachelorstudenter.

Emblemsvåg er glad for resultatet Nifu viser fram.

— Det er gledeleg at arbeidsgivarar no synest å verdsetja utenlandsstudiar i større grad enn det som har vore tilfelle tidlegare.

Men ho er og bekymra:

— I nokre tilfelle ser vi at studentar som har studert utanlands ikkje får godkjent utdanninga si når dei kjem tilbake til Noreg. Dette gjeld spesielt utdanningar som krev autorisasjon her i Noreg.

Vil ikkje gje stipend til utdanningar uten godkjenning

Emblesmvåg seier at Høgre ønsker å forenkla regelverket for godkjenning av utanlandsk utdanning, og gjera det meir føreseieleg for studentar som tar ein heil, eller delar av ei utdanning utanlands.

— Men dessverre er det for mange unge som tar år med utdanning utanlands i god tru om at utdanninga vil bli godkjent heime, men som så ikkje får godkjent utdanninga likevel, sier ho, og legg til:

— Vi ønsker derfor at ein ikkje skal gi stipend eller lån gjennom Lånekassen til utdanningar som ikkje kan godkjennast i Noreg. Dette gjeld spesielt for utdanningar som krev autorisasjon. Desse utdanningane bør derfor gjennom ei førehandsgodkjenning før det blir løyvd stipend og lån. Regelverket skal støtte opp under auka mobilitet, og reglane for godkjenning av utanlandsk utdanning og autorisasjon må vera klare.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS