Psykologistudentane tapte mot staten i tingretten den 11. november. No ankar dei dommen. På biletet er to av studentane, Tor-Arne Haugland (t.v.) og Alexander Lundgreen Flottorp, i dialog med advokat og rettsleg medhjelparar Hilde Kristin Ellingsen og Christi Erichsen Hurlen under rettssaka i oktober. Foto: Ketil Blom Haugstulen
Psykologistudentane tapte mot staten i tingretten den 11. november. No ankar dei dommen. På biletet er to av studentane, Tor-Arne Haugland (t.v.) og Alexander Lundgreen Flottorp, i dialog med advokat og rettsleg medhjelparar Hilde Kristin Ellingsen og Christi Erichsen Hurlen under rettssaka i oktober. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Psykologi­studentane ankar dommen i saka mot staten

Anke. Dei 163 psykologistudentane som tapte mot staten i Oslo tingrett, ankar dommen.

Publisert   Sist oppdatert

(Saka er oppdatert)

I november tapte psykologistudentane ved Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn søksmålet dei hadde mot staten. I 2016 endra Helsedirektoratet praksis og bestemte at studentane ikkje lenger kunne få lisens eller autorisasjon til å praktisere som psykologar i Noreg.

Avgjerda kom med umiddelbar verknad — medan fleire norske studentar framleis studerte og studerer psykologi ved universitetet. Studentane som søkte om lisens og autorisasjon fekk alle avslag.

Dei 163 studentane som gjekk til søksmål mot staten, meinte avslaga var ugyldige. Tingretten gav til slutt staten medhald i si sak og slo fast at avslaga var gyldige.

Studentane blei oppmoda av advokaten sin, Per Andreas Bjørgan, om å anke tingretten si avgjerd. Og no er det klart:

Anken vart sendt inn i går, opplyser ein av studentane til Khrono. Borgarting lagmannsrett stadfestar overfor Khrono at anken vart motteken i dag.

— Vi meiner tingretten her har gått på ein juridisk fundamental bom og at det er gjort grunnleggande feil i tolkinga av EØS-retten, seier Bjørgan til Khrono.

Tingrettsdommen gir staten medhald i at ELTE-studentane er utdanna til ein anna yrke enn ein norsk psykolog. Studentane og Bjørgan er grunnleggande usamde.

— Etter måten EØS-retten skal vurderast på, er det ikkje tvil om at det er snakk om det same yrket. Og etter det vi kjenner til reiser fleire som er utdanna ved ELTE-universitetet til både Tyskland, Frankrike og Belgia og får sakene sine handsama som om at dei er utdanna til psykologyrket, seier Bjørgan.

Regjeringsadvokat Torje Sunde tek anken til etterretning.

— Av det eg har lese så langt, så ser det ikkje ut til at saksøkarane kjem med noko nytt og dei gjer gjeldande dei same momenta som i tingretten. Vi meiner tingretten har vurdert desse grundig, seier Sunde til Khrono.

Per Andreas Bjørgan (t.v.) og Torje Sunde er advokatar for høvesvis saksøkarane og Helse- og omsorgsdepartementet. Foto: Ketil Blom Hausgstulen
Per Andreas Bjørgan (t.v.) og Torje Sunde er advokatar for høvesvis saksøkarane og Helse- og omsorgsdepartementet. Foto: Ketil Blom Hausgstulen

— Mange fellesstrekk med Nav-skandalen

Advokat Bjørgan seier dei no ventar i spenning på kva overvåkingsorganet ESA, gjer vidare i klagesaka som dei har gåande mot Norge.

Organet skal passe på at Norge, Island og Lichtenstein følgjer dei lover og reglar dei er plikta til gjennom EØS-avtalen.

— Vi forventar at dei går vidare i si sak og at det skjer ganske raskt. Dei har sett korleis denne saka har blitt handsama av dei nasjonale domstolane. Det er ingen grunn for dei til å lene seg tilbake og seie at denne saka blir handsama på forsvarleg vis, seier Bjørgan. Han seier vidare:

— Denne saka har mange fellesstrekk til den såkalla Nav-skandalen. Vi ønskjer ikkje å ta innover oss at vi er ein del av dette regelverket (EØS-retten, journ. anm.).

Regjeringsadvokat Sunde er usamd med Bjørgan og meiner på si side at denne saka ikkje har fellestrekk med Nav-skandalen.

— Partane i denne saka er samde om at dette er eit EØS-rettsleg spørsmål, men vi har ulike vurderingar av korleis EØS-retten slår ut i denne saka. I denne samanheng har tingretten følgt staten sine argument, seier Sunde.

Vegen vidare no er at staten må svare på anken frå studentane. Bjørgan trur det ikkje blir klart før over jul. Så vil det bli fastsett ny dato for nye hovudforhandlingar i Borgaring lagmannsrett. Bjørgan håper på ei ny avgjerd i løpet av 2020.

(Saka vart oppdatert 13.33 med kommentarar både frå saksøkarane sin advokat, Per Andreas Bjørgan, og regjeringsadvokat Torje Sunde).