Debatt ● Roar Høstaker

Urimeleg straff for sjølvplagiering

Å straffe folk for sjølvplagiering går også i mot ein del av det som er høgskulens misjon: Å lære studentane å argumentere og skrive godt.

Roar Høstaker,
Professor i sosiologi
Høgskulen i Innlandet
Skal så ein student straffast for det som er berre mildt kritisert mellom vitskapleg tilsette? Dette verkar heilt urimeleg og sjølvplagiat er ikkje eingong nemnt i dei Forskingsetiske retningslinjene. spør Roar Høstaker, professor i sosiologi Høgskolen i Innlandet
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Gisle Selnes ved UiB og Bjørn Myskja ved NTNU har reist ein viktig diskusjon i Khrono etter at ein student i pedagogikk ved vår høgskule tapte rettssaka mot departementet om å ha brukt opp att to avsnitt frå ei oppgåve som ho tidlegare hadde stroke på. Det er snakk om 341 ord med ganske høg likskap mellom tekstbitane, men ho refererer til originallitteraturen i desse avsnitta som ho skal.

Det er såleis snakk om såkalla sjølvplagiering, men er dette eigentleg eit akademisk brotsverk på linje med plagiat?

Plagiat er «å stjele hele eller deler av andres arbeid og fremstille det som sitt eget» (Forskningsetiske retninglinjer for samfunnsfag og humaniora, s. 17), men sjølvplagiering er at ein brukar sin eigen tekst opp att. I forskingssamanheng er dette veldig vanleg, men det er berre ein mildt kritisert praksis. Dette må elles ikkje blandast saman med republisering, som det blir oppmoda til.

Tellekantsystemet har gjort folk oppfinnsame på dette feltet også – som når kollegaer publiserer same artikkel under ein ny tittel. Men det som er vanleg er å nytte tekstbrokkar frå ein tekst til den neste og innan mitt fagfelt – sosiologi – kan ein finne klassiske tekstar med stort tekstleg samanfall utan at det er snakk om republisering. Sjølv har eg sjølvplagiert ved å omsette avsnitt frå eit språk til eit anna, sidan eg publiserer både på engelsk og norsk.

Skal så ein student straffast for det som er berre mildt kritisert mellom vitskapleg tilsette? Dette verkar heilt urimeleg og sjølvplagiat er ikkje eingong nemnt i dei Forskingsetiske retningslinjene.

I dei spede forsøka på å reise ein debatt om dette blant kollegaer på høgskulen, så har eg vorte møtt med at «reglane må vel gjelde for alle». Og her ligg rota til vondet. I Forskriften for opptak, studier og eksamen ved Høgskolen for i Innlandet, så står det i §6-1, 4. ledd, at eksamenssvara alltid skal vere originale, sjølvstendige og individuelle arbeid om dette ikkje er klart fråvike.

«Besvarelsen, eller deler av denne, skal ikke tidligere ha vært innlevert som eksamen på egen eller andre institusjoner». Denne regelen er formulert for å hindre at studentar brukar opp att oppgåvetekst frå eit emne til det neste og dette meiner eg er fullt legitimt. Denne forma for gjenbruk er diverre ikkje uvanleg og blir straffa til liks med andre former for snarvegar som studentar tek på eksamen. Men det som gjer den omdiskuterte saka spesiell er at studenten blir straffa for sjølvplagiering på same emnekode. Ho forbetrar litt på sin eigen tekst og brukar noko opp att – ikkje ulikt det som er vanleg vitskapleg praksis.

Her har det skjedd noko frykteleg gale i omdanninga av vitskapleg praksis og normsett til forskrifter.

Roar Høstaker, professor i sosiologi

Denne forma for «rewrite and resubmit» er likevel lov litt lenger nede i Forskrifta: Her finn ein i §6-7. andre ledd, at større sjølvstendige arbeid som ikkje har vorte godkjende, kan leverast inn att i omarbeidd form. Denne og andre paragrafar tek opp studentens rett til å ta opp att eksamen og på kva måte det kan gjerast. På den eine sida har ein altså paragrafar som skal sikre originalitet, og på den andre sida paragrafar som skal sikre at ein kan ha eksamen der sjølvplagiering er tillate. Her har det skjedd noko frykteleg gale i omdanninga av vitskapleg praksis og normsett til forskrifter.

Å straffe folk for sjølvplagiering går også i mot ein del av det som er Høgskulens misjon: Å lære studentane å argumentere og skrive godt. Eg forsøker ofte å argumentere med at den beste skrivinga er omskrivinga. Dette er det ikkje alltid like lett å få gehør for, men å straffe «rewrite and resubmit» er definitivt ikkje vegen å gå.

Uansett om denne studenten ankar saka si til lagmannsretten eller ikkje, så bør leiinga ved Høgskulen i Innlandet ta initiativ til å få endra forskrifta slik at denne forma for sjølvplagiering ikkje lenger kan sanksjonerast. Det er nok reell plagiering blant studentane som det er, til at ein skal lage seg unødige problem.

Powered by Labrador CMS