Debatt ● gro anita fonnes flATEN
Universitetsambisjonen: Vi drøymer ikkje, vi bygger
I ein artikkel om universitetsambisjonar skaper Khrono ein falsk motsetnad mellom Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Innlandet. Lite ville glede oss meir enn om Innlandet blei eit universitet veldig snart.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I ein artikkel i Khrono i førre veke var tittelen: «Universitetsdrømmer: Innlandet er i rute. Vestlandet er bakpå». I teksten stod det også at HVL (Høgskulen på Vestlandet, red.anm) «sliter». Men vi er ikkje bakpå, og vi slit ikkje.
Vi er i rute i forhold til den prosessen vi har lagt for oss sjølve, som er å komme i posisjon til å søke om universitetsstatus på slutten av året eller starten av 2023. Og om det ikkje skulle gå på den tida, er det heller inga krise for oss. Universitet blir vi. HVL konkurrerer nemleg ikkje med andre om å bli universitet fortast råd. Vi bygger stein på stein for å bli eit framifrå universitet. Det tek den tida det tek.
Hadde dei same krava vore gjeldande i 2022, hadde vi vore universitet for lengst.
Gro Anita Fonnes Flaten, prorektor for forsking (Høgskulen på Vestlandet)
Khrono har brukt stikktittelen «universitetsdrømmer». Men dette er ingen draum. Det er tolmodig og målretta arbeid som skjer i alle delar av høgskulen kvar einaste dag, og vi er ikkje i tvil om at vi kjem i mål.
Universitetsambisjonen er retninga vi har valt for oss sjølve, sidan vi ser at dette må til for å fylle rolla vår så godt som mogleg i dagens universitets- og høgskulelandskap.
Dei høgskulane som tidlegare har blitt universitet, eller er i ferd med å bli det, er ein inspirasjon for oss og ikkje konkurrentar. Samstundes ser vi at prosessane våre har vore veldig forskjellige. Utgangspunkta for å bli universitet har vore ulike, og krava frå Nokut har også endra seg og gjort det å bli universitet vanskelegare med åra.
Som eit døme kan vi nemne at OsloMet og Universitetet i Sørøst-Norge (USN) søkte akkreditering på ei overgangsordning. Det vil seie at dei kunne telje med eigne stipendiatar som hadde disputert ved andre institusjonar. Hadde dei same krava vore gjeldande i 2022, hadde vi vore universitet for lengst.
Berre i 2020 hadde HVL 25 stipendiatar som disputerte ved andre universitet. Men vi må gjere det annleis enn forgjengarane våre: bygge ph.d.-programma og vise at to av dei har god gjennomstrøyming og leverer eit solid tal nye kandidatar til akademia, offentleg sektor, samfunns- og næringsliv.
HVL er ein ny høgskule, fusjonert i 2017 ut av tre institusjonar spreidd utover eit stort geografisk område på Vestlandet. Med oss inn i fusjonen hadde vi to eigne doktorgradsprogram: Datateknologi og Danning og didaktiske praksisar.
I tillegg hadde vi programmet Nautiske operasjonar, ein fellesgrad i samarbeid med NTNU, UiT og USN. Etter fusjonen har vi bygt opp to splitter nye program: Helse og funksjon, og Resinnreg – Responsible Innnovation and Regional Development.
Prosessen vår har skjedd organisk, der vi har bygt stein på stein, med utgangspunkt i eigne folk og ressursar. Kanskje er det noko vestlandsk i dette? Det er i alle høve ein prosess som ber kjenneteikna til vitskapleg verksemd: langsam og nitid. Men vi meiner også at det er ein sunn måte å gå fram på. Det gjer at dei nye programma våre er godt integrerte i den faglege verksemda vår på alle nivå. Bachelorprogram, masterprogram, doktorgradsprogram og forsking heng såleis nøye saman hos oss og forsterkar kvarandre, og slik lagar vi eit solid byggverk.
Doktorgradsprogrammet knytt til ansvarleg innovasjon (Resinnreg) er eit godt eksempel på måten vi jobbar på, og representerer kjernen i vår identitet – både som høgskule og som kommande universitet. Vi utviklar det entreprenørielle universitetet, som både utdannar for, forskar på og utfører innovasjon.
Då vi søkte om akkreditering for dette nyaste programmet, opplevde vi stor begeistring. Ein av styrkane til HVL og andre nye universitet er vår evne til å utvikle tverrfaglege måtar å jobbe på og å løyse komplekse utfordringar i samfunnet. Meir enn nokosinne er dette noko verda treng, og her må vi gå føre og utvikle metodar for, og legge til rette for, samarbeid på tvers av forskjellige fag.
Doktorgraden i innovasjon kombinerer vitskapleg tilsette frå helse-, økonomi og administrasjon, samfunns- og ingeniørfag. Her blir det forska på innovasjon i samarbeid med næringslivet og det offentlege, og utvikla løysingar som tek i bruk ny kunnskap.
Dette er eit eksempel på det nye, samarbeidande universitetet som no veks fram. Vi skal ikkje innovere til ein kvar pris, men på ansvarleg vis og i samarbeid med verda rundt oss. Slik skal vi vere ein medspelar i å gjere samfunnet meir grønt, berekraftig og velfungerande på ei lang rekkje felt.
Dei store profesjonsfaga våre er i sin natur tverrfaglege. I alle delar av organisasjonen vår har vi trening med å sjå problem med mange forskjellige sett auge på ein gong. Det er den typen kunnskap og arbeidsmåte som særmerkjer oss.
Universitetsambisjonen er gjennomarbeidd og sjølvvalt. Den heng nøye saman med målet vårt om stadig å auke kvalitet og kapasitet i utdanning, forsking og nyskaping. Vi tek utgangspunkt i det gode vi allereie er og tilfører også noko nytt. Berre slik kan vi bygge det framifrå, nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet som Vestlandet treng.
Les også:
Følg flere debatter i akademia på Khronos meningsside
Nyeste artikler
En akademisk julefortelling
Hun fikk samme jobb tre ganger. Nå er hun klar for nye oppgaver
Fortelling er beredskap
Norge publiserer tredje mest i forhold til folketallet
Stort tematisk mangfold i romjulsfilmene
Mest lest
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
To studenter er Årets navn i akademia