131 namneinnspel, 20 ulike namn
Desse universitetsnamna er med i finalerunden ved Høgskulen på Vestlandet
Sjå alle forslaga her.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Dersom alt går etter planen skal Høgskulen på Vestlandet (HVL) bli universitet i 2023.
Søknaden til NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) skal sendast kring årskifte 2022-2023. Noko av det som har vore viktigast for HVL og rektor Gunnar Yttri i førebuingsprosessen, er å få etablert et namn på det nye universitetet.
Jo før, jo betre.
— For å kunna profilere og skape engasjement, og bygga ei sterk merkevare for det nye universitetet, er det ein fordel å kome fram til det nye namnet tidleg. Det er viktig at namnet på det nye universitetet er godt forankra internt i organisasjonen, men også i omgjevnadane våre, står det i sakspapira til det førre styremøtet ved HVL.
Arbeidsgruppe
I mai i år sat Gunnar Yttri ned ei arbeidsgruppe som skule leia prosessen ved å koma fram til eit grundig avgjerdsgrunnlag for nytt namn for det komande universitetet.
Gruppa, som består av førsteamanuensis Ole-Gunnar Søgnen, professor Eli Bjørhusdal, rådgjevar Rune Hjelmeseter, professor David Gabriel Hebert, Caroline Graave Naklin og rådgjevar Elin Espe Stensvand, har hatt fleire møte gjennom året.
— Arbeidsgruppa har arbeidd ut i frå framdriftsplan og mandat frå styret om at namneprosessen skal vere open og inkluderande, og at den skal bidra til at universitetsambisjonen har støtte og blir jobba fram av både HVL-tilsette, studentar og omgjevnadane våre, står det i saka frå HVL-styremøtet 25. november.
I oktober inviterte HVL tilsette og studentar ved høgskulen til å melda inn namneforslag med grunngjeving. Prorektor for utdanning, Gro Anita Fonnes Flaten, reiste blant anna rundt på dei ulike HVL-campusane og tok i mot innspel, og folk kunne også senda inn forslag via internett.
Totalt 131 innspel
I slutten av oktober kunne Flaten informera om at det hadde kome inn 70 innspel. Ein månad seinare har talet stige til 131. Til saman er 20 ulike namn foreslått.
Torsdag denne veka leverer arbeidsgruppa frå seg ein rapport med informasjon av namneprosessen.
Khrono har fått tilgang forslaga som har kome inn. Av dei 131 innspela, er det 125 konkrete namneforslag, der 20 ulike namn er foreslått. Kanskje ikkje uventa er det «Universitetet på Vestlandet» som er blitt spelt inn flest gonger. På andre plass finn me «Vestlandsuniversitetet», medan «Vestland universitet» stikk av med den siste pallplassen.
Andre forslag som har blitt spela inn fleire enn éin gong er «Vest universitet», «Universitetet i Vest», «Universitetet i Vest-Noreg», «UniVest», «Fjorduniversitetet», «Profesjonsuniversiteetet på Vestlandet», «Distriktsuniversitetet» og «Norges kystuniversitet».
Fire høgaktuelle forslag
Følgjande forslag blei spela inn éin gong: «Fridtjof Nansen universitetet», «Ivar Aasen universitetet», «Det Vestnorske Universitet», «United Western University», «Norveg universitetet», «Vestenfjeldske universitet», «VestlaMet», «Veritas Vincit Vest» og «Mannaz X Universitet».
Etter fleire gjennomgangar har arbeidsgruppa kome fram til fire forslag som dei ser på som høgaktuelle. Desse er «Universitetet på Vestlandet», «Universitetet i Vest», «Vestlandsuniversitetet» og «Fjorduniversitetet».
For dei tre første er det foreslått at det engelske namnet skal vera «Western Norway University». Fjorduniversitetet vil bli til «Fjord University» eller «University of the Fjords».
Namneforslaga og arbeidet blir presentert for HVL si leiargruppe i desse dagar. Før nyttår skal forslaga presenterast for sentrale samarbeidspartnarar og målgrupper. Det er også planlagt ein dialog med Språkrådet.
Det nye namnet skal vedtakast endeleg på eit styremøte på nyåret.

Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager